Nynorskrørsla med klare krav til Raja og Grande

Både Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum har klare forventningar til at Abid Q. Raja og Trine Skei Grande følgjer opp nynorsken i dei nye statsrådspostane sine.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus F. Sandsmark. Foto: Sunniva Lund Osdal, Nynorsk kultursentrum

– Norsk språk og litteratur treng engasjerte kultur- og kunnskapsministrar som forstår verdien av mangfald. Det har vi fått. Samtidig treng vi rask handling slik at nynorsk blir ein del av kvardagen til fleire av oss, skriv direktør Per Magnus F. Sandsmark i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Både Sandsmark og leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, rosar Venstre og innsatsen Trine Skei Grande har gjort for språk og nynorsk som kulturminister. Samtidig er dei klare på at det er mykje å ta tak i.

– Skulepolitikken avgjerande

– Når nynorskpartiet Venstre no styrer Kunnskapsdepartementet vil suksessen til Trine Skei Grande stå og falla på kva offensive tiltak ho innfører for nynorsk i skulen, seier leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, i ei pressemelding.

Mållagsleiar Magne Aasbrenn håpar ny regjering fører til nye tiltak for nynorsken. Foto: Noregs Mållag

Både han og direktøren ved Nynorsk kultursentrum trekkjer fram språkdelt ungdomsskule og retten til undervisning på eige språk ut ungdomsskulen som ei prioritert oppgåve.

Behovet for å lovfesta retten til likeverdige skriveprogram på både bokmål og nynorsk i skulen blir også trekt fram.

Mållagsleiaren har også klare ønske når det gjeld den nye læreplanen i norsk som han meiner opnar for at nynorskbrukande elevar kan koma til å byta til bokmål som hovudmål

– Trine Skei Grande må kompensera dette gjennom eit ekstrapoeng til dei som har nynorsk som hovudmål, meiner han.

Meir nynorsk i kvardagen

Sandsmark håpar også at Raja og Grande vil løfta nynorsken på andre område som vil gje meir nynorsk i kvardagen. Han peikar mellom anna på behovet for meir digitalt innhald på nynorsk, lærebøker til høgare innvandring og tilrettelagd litteratur for vaksne innvandrarar.

Direktøren oppmodar også dei nye statsrådane til å sikra språkmangfaldet i utviklinga av ny språkteknologi.

– Utan medviten politikk og satsing kan teknologien føra til at det språklege mangfaldet blir redusert. Det er synd, for tiltaka og ideane for å sikra mangfaldet finst. No må dei sikra ramme for å sikra kompetanse og drift av desse tiltaka for framtida, seier Sandsmark.

Les også: Markerer nye Vestland, men berre på bokmål: – Frustrerande

Peder L. Hauge i Noregs Mållag og Svein S. Eggerud i Norsk Målungdom reagerer på Vestland-materiale sendt ut av Vestland fylkeskommune.