Markerer nye Vestland, men berre på bokmål: – Frustrerande

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag 9. januar skal det vera ei fellesmarkering på dei vidaregåande skulane i Vestland, etter at Sogn og Fjordane og Hordaland frå 1. januar er blitt eitt fylke.

Måndag kveld fekk skulane tilsendt eit opplegg med quiz og ein informasjonsvideo produsert av elevar ved Langhaugen videregående skole.

Noko av teksten i filmen er skrive på nynorsk, resten av materialet er berre tilgjengeleg på bokmål:

– Del klassen inn i grupper på 3-4
– Hver gruppe får utdelt et eksemplar av quizen
– Sett av 15 min til utførelse
– Fasiten ligger på et eget dokument
– 1 poeng for riktig svar
– NB! Se filmen først

Det har fått fleire til å reagera, og Noregs Mållag fortel om telefonar dei siste dagane frå overraska mållags-lærarar. For berre ein månad sidan, i desember, vart det vedteke at nynorsk skulle vera det administrative språket i det nye storfylket.

– Språkleg fell ein jo på rumpa rett ut av startgropa, seier Peder Lofnes Hauge, nestleiar i Noregs mållag.

Sjå Quizen her og songteksten her.

– Må skjerpa seg

Initiativet og opplegget til skulemarkeringa kjem frå administrativ og politisk leiing i Vestland fylkeskommune, fortel Gro Fivelsdal, setterektor ved Sogndal vidaregåande skule.

Nestleiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Foto: Privat

– Det er frustrerande at det ikkje er større språkleg medvit, så kort tid etter det vart vedteke at nynorsk skal vera fylkesspråket, seier Peder Lofnes Hauge.

Ifølgje NRK brukar om lag 30 prosent av elevane i vidaregåande skule i Vestland nynorsk.

Sjølv om eit fleirtal av innbyggjarane i Vestland har bokmål som hovudmål, er det ingen bokmålskommunar i det nye storfylket. Bergen og Askøy er språknøytrale og resten er nynorskkommunar. Fylket har som kjent vedteke nynorsk som administrasjonsspråk.

– Språkleg må administrasjonen i fylket skjerpa seg, seier Hauge.

Han meiner dette vitnar om altfor lite språkleg medvit og ansvar, som ein burde forvente i det han kallar nynorskfylket Vestland.

– Når fylka slår seg saman er det viktig for mållaget at nynorsken tener på det. Ein skal sjå og møte nynorsk i kvardagen sin i nynorskfylket. Om elevar og lærarar ikkje får det i utdanningsinstitusjonane sine ein gong, har me eit problem.

Uheldig

Opplegget som vart sendt ut til skulane er laga av elevar på Langhaugen vidaregåande i Bergen. Direktør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal, fortel at det er ein uheldig glipp at undervisningsmateriale berre er tilgjengeleg på bokmål.

– Eg må seie at eg rett og slett ikkje var klar over dette sjølv. Hadde me vore litt meir vakne hadde me kanskje lagt vekt på det før det vart sendt. Det er beklageleg.

Han forklarar at dette var ei utfordring frå fylket til elevane på Langhaugen, som vart sendt rett ut til skulane i det nye fylket. Heilt open, utan føringar frå fylket. 

Bjørn Lyngedal, direktør for opplæring og kompetanse i Vestland fylke.

– Om det var eit opplegg me som skuleeigar hadde laga og hadde regien på, ville me heilt klart hatt det på begge målformer. Sidan det var ei oppgåve til elevane la me ikkje like mykje vekt på det. 

Han understrekar at dette ikkje er noko elevane skal lastast for.

– Det er ei stor gruppe elevar som har jobba i fleire dagar med dette, og som har gjort ein fantastisk fin jobb. Det var veldig godt jobba av elevane, og det er det viktig at me berømmer. Men i etterkant ser ein kanskje at det burde vore på begge skriftspråk. 

– Vil du tenka ekstra på målform neste gong de sender ut noko?

– Det er klart at me vil tenka meir på det neste gong. Alt me sender ut som offisielt materiale skal vera på begge skriftspråk. Sjølvsagt. 

Ikkje første gong nynorskelevar vert diskriminert

Det kan vera lett å sjå dette som ei lita sak, men Hauge i Noregs Mållag legg vekt på at det er ein situasjon ein ikkje skal koma i, men som nynorsbrukarar alltid vert sett i.

– Og så seier majoriteten at dette må de berre leve med, og er det noko å ta på veg for? Svaret på det er: ja. Nynorskfylket Vestland skal bruka nynorsk, punktum.

Svein S. Eggerud, nestleiar i Norsk Målungdom, er samd.

Svein Soldal Eggerud, nestleiar i Norsk Målungdom. Foto: Anna Sofie Ekeland Valvatne/NMU.

– For elevane sin del er det ei stor sak. Dette er ikkje første gong at nynorskelevar ikkje får læremiddel på sitt språk. Det er nesten absurd at så få dagar etter at to nynorskfylke slår seg saman, følgjer ein ikkje opp nynorskvedtaket dei var så stolte over.

Han meiner at dette er den verkelege testen på om fylkeskommunen greier å levera det dei har lova.

– Difor er dette ei sak å reagera på. Det er veldig sjeldan at diskrimineringa går andre vegen.

Både Hauge og Eggerud håpar dette berre var ein glipp frå fylkeskommunen.

– Dette bør verkeleg ikkje gjenta seg, seier Eggerud.

Då Kristoffer Myklebust Egset (21) frå Ørsta avtente verneplikta fekk han ID-kort på bokmål og engelsk. Norsk Målungdom er uroa for korleis Forsvaret tek imot nynorskbrukarar.