VGTV-journalisten fekk nynorsk-kritikk, får ros for svaret

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Slike journalistar vil vi ha! For ein fabelaktig start på dagen du gav meg her vestaføre,» skreiv ein lesar til Stig Øystein Schmidt.

VGTV-journalisten har fått mykje merksemd etter at han svarte på kritikken frå ein lesar på denne måten, noko Noregs Mållag jubla over:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Vi berre diggar å få skulda for dette! @vgnett #nynorskivg #nynorskpåallearenaer

Et innlegg delt av Noregs Mållag (@noregsmallag)

På innlegget frå Noregs Mållag har kulturminister Trine Skei Grande (V) kommentert eit grønt hjarte.

Språkpolitikken er sektorovergripande men Kulturdepartementet har hovudansvaret for både den nye Språklova og norsk mediepolitikk.

Då departementet kom med mediemeldinga som drøftar økonomiske verkemiddel for å nå regjeringa sine mål i mediepolitikken, kritiserte mållaget dei for å ikkje nemna nynorsk.

– Regjeringa er full av lovord om språkleg mangfald, men brukar ikkje dette høvet til å gi tydeleg betre rammevilkår for nynorsken, skreiv dei på nettsidene sine.

Nynorskdiplom

Tilbakemeldinga frå Schmidt til lesaren har gått sin sigersgang i sosiale medium. Nyleg vart journalisten løna med diplom og kopp av Kringkastingsringen, som jobbar for meir nynorsk i media og eteren:

Då VG opna nynorskdøra

I januar 2017 kom Schmidt frå NRK til VG. Nokre månadar seinare varsla redaktør Gard Steiro at Verdens Gang ville opna opp for meir nynorsk. For denne avgjerda fekk han Nynorsk redaktørpris 2017.

Schmidt er glad for at VG opna opp for nynorsk og at det er fleire som tek skriftspråket i bruk.

– Det trur eg er med på å spegle lesarane våre endå betre, men no skal det seiast at talet på nynorske artiklar i VG ikkje er på eit så hårreisande nivå at det gjev nynorskmotstandarane nokon grunn til å klage. Me er ikkje på 25 prosent, seier Schmidt på telefon til Framtida.no.

Han viser til NRK sitt mål om å ha minst 25 prosent nynorsk.

VGTV-reporter Stig Øystein Schmidt på plass på flyplassen i Vilnius i samband med at spiondømte Frode Berg vart sendt heim frå Russland. Foto: Helge Mikalsen/VG .

Positive reaksjonar på målbruken

VG har i dag ei handfull journalistar i redaksjonen og VGTV som nyttar nynorsk på jobb, men Schmidt fortel at han har fått overraskande lite reaksjonar på målbruken.

– Det har jo blitt litt i det siste etter at Lise på 16, som personen i alle fall utgav seg for å vere, kommenterte, seier Schmidt.

Han er ikkje åleine om å tvile på aliaset sidan kommentaren, som kom klokka 05.43 på morgonen, dreidde seg om bensin- og dieselprisar.

– Eg trur eg har fått ein kommentar som var noko slikt som: «Stig, kan ikkje du og dei 23 andre som brukar nynorsk berre slutta med det», men elles har det vore utelukkande positiv respons, fortel journalisten.