Ellinor (22) kvir seg ikkje for å svare på dumme samiske spørsmål

Ellinor Halvari brukar plattforma si for å vise at det er mange måtar å vere samisk på.

Åshild Slåen
Publisert

Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.

– For meg blir det naturleg å snakke om det samiske, seier Ellinor Halvari (22).

Framtida.no møter ho i Oslo veka før ho reiser opp til Alta for å ha konsertar i høve den samiske nasjonaldagen 6. februar.

Halvari har vore skodespelar på det samiske nasjonalteateret Beaivváš og journalist i NRK Sápmi, men no har ho flytta til hovudstaden for å satse på musikken på fulltid.

Ho er også eit kjent fjes for dei som heng på samisk TikTok, under brukarnamnet @ellinorhalvari.

– Då eg byrja å poste litt meir, både samisk humor, samiske songar og berre ting om det samiske, syntest eg responsen var veldig givande, seier ho.

Ellinor Halvari har flytta til Oslo for å satse fulltid på musikk. | Foto: Åshild Slåen

Vil hjelpe andre å lære meir

Halvari har videoar med alt frå humoristiske klipp av tanta som må slå opp i slektsboka når ho høyrer om ein ny flørt, til samiske cover av kjente låtar.

@ellinorhalvari Heldigvis ikke i slekt👀 #sámitiktok #slekt ♬ Chronically Cautious by Braden Bales – Elyse Myers

Ho svarar også på spørsmål om det å vere samisk, og håpar ho kan hjelpe dei som vil vite meir.

– Eg er veldig glad i å fortelje og formidle, og med sosiale medium har du moglegheit til å nå ut til så utruleg mange, seier ho.

Då ho vaks opp i Stavanger, var det ingen andre samar på skulen, så ho hadde få på same alder å prate med om det samiske.

På TikTok kan ho derimot få spørsmål som «Oldemora mi var samisk, kan eg bruke kofte?», «Eg vil lære meg samisk, korleis gjer eg det?» og «Kvifor kallar du 6. februar samanes nasjonaldag?».

– Eg føler det blir noko heilt anna å snakke med nokon som er like gamal som deg, og kanskje kunne ha litt meir humor rundt det. Det er ikkje så farleg som det kanskje følast viss du skal ta tilbake det samiske, eller om du skal spørje ein lærar eller ein vaksen.

– Har du fått mange dumme spørsmål?

– Ja! Veldig, ler ho.

Halvari har forståing for at det er stor kunnskapsmangel rundt det samiske, og synest det er fint å bidra til å spreie informasjon.

– Om spørsmålet er stilt med god intensjon, så vil eg heller dei skal spørje, og så kan eg få ei god historie ut av det etterpå.

Språket som vart borte

Det er ikkje sjølvsagt at Halvari skal stå på ei scene og synge sjølvkomponerte samiske songar, eller dele tips til å lære samisk. Nordsamisk var morsmålet til både oldemora og bestemora hennar.

Ellinor Halvari likar å pynte seg med kofte heile veka fram til 6. februar. | Foto: Privat

– Men på grunn av fornorskinga fekk mamma norsk som morsmål, så på éin generasjon vart det samiske veldig svekka.

Likevel hadde ho eit ønske frå ho var lita av å lære seg språket, mykje fordi ho ville bli betre kjent med dei eldre slektningane sine.

– Eg seier ofte at det er det beste eg har gjort, å lære meg samisk. Når du lærer deg eit språk får du ei mykje betre forståing av kulturen. Det var ein måte for meg å bli kjent med kven eg er. Kven er eigentleg mine forfedrar?

Det opna også for eit tettare band med oldemora, som ho kunne ha lange samtalar med etter at ho lærte seg språket.

Samiske cover

Språket opna også for mange moglegheiter innan både kultur- og mediebransjen, og var ein eigen veg inn i musikken. Då Ellinor Halvari gjekk i grunnskulen og brukte to timar på Skype i veka for å lære seg samisk, var det viktig å finne noko som kunne gjere undervisninga interessant.

– Eg hadde ein skikkeleg flink samisklærar, og ho visste at eg likte å synge og brydde meg om musikk, så ho byrja ganske tidleg med å be meg om å omsetje songar.

Det har i dag resultert i mange coverlåtar på nordsamisk, nyleg med Snälla bli min av Veronica Maggio, eller Oro dás muinna, som har over 32 000 visningar på TikTok.

@ellinorhalvari Snälla bli min – Veronica Maggio 🤍🤍🤍 #cover #sámi #sámitiktok #sámimusic ♬ original sound – ELLINOR


– Då var det plutseleg masse folk frå svensk side som hadde kommentert, og dei får jo vanlegvis ikkje opp mine tiktokar. Det var veldig gøy å sjå at han trefte der, seier ho.

Snakk med språket du har

På TikTok-kontoen sin har 22-åringen fleire tips til dei som vil lære seg samisk, men det er eitt råd ho trur er viktig å ta skikkeleg inn over seg:

– Av ein eller annan grunn tenkjer ein at det skal vere så perfekt, og det må ein berre legge bort. Snakk med det språket du har!

Samisk skal ikkje vere meir høgtideleg å lære enn store språk som fransk, synest Halvari. Ho merka sjølv skilnaden mellom innsatsen ho måtte legge i å lære seg samisk på skulen, mot då ho var på utveksling i Frankrike på vidaregåande og kunne lære seg eit majoritetsspråk.

– Med samisk så blir det mykje meir emosjonelt å lære språket, fordi du har heile historia med at du har mista det og skal ta det tilbake, som gjer det meir skummelt å skulle seie noko feil. Slik var det ikkje med fransk.

Difor synest ho det er viktig å ufarleggjere det samiske gjennom blant anna humor.

For Ellinor Halvari er det mange måtar å vere samisk. | Foto: Privat

Les også eit utdrag frå boka til Ella Marie Hætta Isaksen Danne galggat diehtit mun lean sápmelaš (Derfor må du vite at jeg er same):

Lov å vere seg sjølv

Og det meste av responsen på det ho legg ut er positiv.

– Det er så mange nettroll og hatkommentarar og sånn, men eg har vore veldig heldig og ikkje fått så mange av dei.

Samstundes er ho veldig oppteken av at TikTok-kontoen hennar skal vere ein positiv arena. Ifølgje ein Amnesty-rapport frå 2023 er kvar fjerde ytring om samar på Facebook negative.

Tidlegare i år lanserte regjeringa 32 tiltak nettopp mot hets og diskriminering av samar.

– Det er jo ikkje noka hemmelegheit at ein møter på hatkommentarar og det er mykje av det, men eg trur også på å fokusere mykje på det positive og prøver å løfte opp det.

Det viktigaste for ho er å vise at det er mange måtar å vere samisk på, og at det er ein styrke for det samiske miljøet.

– Det er lov å vere seg sjølv og du kan finne din måte å vere samisk.


Vil lese meir om samisk språk og kultur? Vi har sakene for deg!

Filmmeldingar:

Quizar:

Kultur: