Rávdná (10) og Ivvár (10) lærer samisk på skulen

Kvar tysdag frå klokka tolv til halv tre har Rávdna Bruvik Skavdal (10) og Ivvár Hauge Bakkeland (10) undervisning på Oslo samiske skole. Dei er to av tre femteklassingar.

Åshild Slåen
Publisert

– Det er fint å gå her, og så er det litt betre enn vanleg skule sidan det ikkje er så mange i kvar klasse og då er det rolegare, seier Rávdná.

Det er Ivvár einig i.

– På den andre skulen er det tretti stykke i klassa, så viss eg rekk opp handa tek det sikkert ti minutt før eg får ordet. Her kan ein berre seie det ut, viss den andre er ferdig med å prate, seier han.

Rett til opplæring

Begge elevane har samisk familie, men dei kunne ikkje noko særleg av språket før dei starta på skulen.

Alle barn med samisk slekt har rett til å kunne lære eit samisk språk, uansett kvar dei bur i landet. I Oslo har dei løyst det ved å samle desse barna jamleg til eiga undervisning.

Oslo har hatt eit samisk språktilbod for elevar sidan 80-talet, men særleg det siste året har fleire fått undervisning. Fram til i fjor var det rundt 50 elevar ved skulen, men dette skuleåret starta over 70.

Ivvár byrja ved skulen i tredjeklasse, og var då ganske nervøs.

– Den fyrste gongen eg kom hit kom læraren min ut og sa noko på samisk. Det første eg tenkte var: Oi, eg veit ikkje om eg kjem til å lære det her.

Sjølv om han framleis synest språket er vanskeleg, er det verdt å gå på skulen på grunn av venane han har.

Ord og uttrykk på nordsamisk:

  • Katt – bussá
  • Hund – beana
  • Hei eller god dag – buorre beaivi. Hels tilbake med Ipmel atti.
  • Eg heiter … – Mu namma lea
  • Gratulerer med dagen! – Lihkku beivviin!

 

– Eg skulle eigentleg berre prøve, og så møtte eg Rávdná, og så vart det berre heilt vanvitig morosamt.

Lærer samisk på forskjellige måtar

No øver dei seg til 6. februar, samefolkets dag. Då skal dei framføre fleire songar på rådhuset i Oslo saman med andre elevar.

– Nokre gonger har vi skriveoppgåver, og nokre gonger lærer vi saman på skjermen. Akkurat no øver vi på songane vi skal synge på samefolkets dag i rådhuset, fortel Rávdna.

– Kvifor går du på skule her?

– Fordi eg er same og eg vil lære meg samisk. Eg synest det er veldig gøy.

Rávdná synest det er lett å lære dei songane dei skal framføre, sjølv om det nokre gonger kan bli litt kjedeleg.

– Kva for ting kan vere vanskeleg å lære?

– Det er alle orda, for det er vanskeleg å hugse dei. Lange ord er veldig vanskelege.