Stjålet – fekk meg til å bite tennene saman av sinne

Eg håpar mange ser denne filmen og at fleire engasjerer seg i samiske rettar som eit resultat, skriv Ola Birgitsønn Vik.

Ola Birgitsønn Vik
Publisert
Oppdatert 29.04.2024 10:04

Denne meldinga er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Det er sjeldan eg blir sint av å sjå på film. Eg kan gjerne le og gråte, men det å bli rasande fell meg ikkje like naturleg.

Det beste komplimentet eg kan gje til Stjålet, er at han fekk meg til å knyte nevane og bite tennene saman av sinne.

Drapet på Nástegállu

Ni år gamle Elsa er reindriftssame nord i Sverige. Ho har akkurat fått sin første reinkalv, ein kvit ein med ei svart stjerne i panna. Ho kallar han Nástegállu og merkar øyret hans med sitt eige merke, som ho har arva frå oldemora.

Stjålet

  • Originaltittel: Stöld
  • Språk: Nordsamisk, svensk
  • Strøymeteneste: Netflix
  • Premiere: 12.04.24
  • Regissør: Elle Márjá Eira

 

Elsa passar godt på Nástegállu, og gir han lav og kos. Ein dag er ho åleine ute for å helse på reinen sin og ser ein framand komme køyrande på skuter. Ho gøymer seg, og blir vitne til det verst tenkjelege; den framande slaktar Nástegállu rett framfor auga hennar. Like etter oppdagar mordaren Elsa, og truar henne på livet om ho seier noko til nokon om kva som akkurat skjedde.

Politiet gjer ingenting for å fakke mordaren. Det er ikkje fyrste reinen som blir drepen på denne måten, så dei loggfører det berre som endå eit «tjuveri».

Ti år seinare har Elsa fått nok og søkjer hemn.

Blodig affære

Filmen er basert på boka Stjålet av Ann-Helén Laestadius, og er langfilmdebuten til regissør Elle Márjá Eira. Det er ei gripande historie som tek for seg diskriminering, klimapolitikk, urettferd og samisk kulturarv.

Ei lita åtvaring fyrst; filmen er ein blodig affære. Rein blir slakta regelmessig, og vi får sjå lik og mykje blod på snø. Heldigvis er det handtert på ein veldig fin måte. Det kjennest aldri ut som om det er blod berre for å sjokkere. Det er også fleire referansar til sjølvmord, som kan vere greitt å vite om på førehand.

Ein ekkel skurk

Norsk-samiske Elin Kristina Oskal gjer det kjempebra i rolla som Elsa. Ho gjorde det lett for meg å bli sint, livredd og lykkeleg på hennar vegner.

Skurken Robert, spelt av Martin Wallström, er ein av dei eklaste karakterane eg har sett på film.

Det er han som drep Nástegállu, og dessutan mange andre rein dei siste 20 åra. Han er god venn med politiet, forkjempar for lokal gruvedrift som vil øydeleggje reinbeiteområda, og hatar samane. Han meiner dei stel naturen frå han sidan han ikkje får lov til å køyre skuter på beiteområda, ein filosofi han deler med dei fleste i byen. Med alt dette kombinert blir han nærast usårbar og livsfarleg, ein perfekt karakter for denne nervepirrande og djupt urettferdige forteljinga.

Kamp mot omgivnadane

Alt går føre seg i eit slåande vakkert naturlandskap. Dei har filma reinflokkane, dei langstrekte viddene og nordlyset på ein veldig vakker måte, utan at det kjennest ut som ein reklame for turistar. Dette blir understreka av musikken til Lasse Enersen. Den er atmosfærisk og fyldig, men ofte med ein faretruande undertone. Dei mest intense scenene er ofte utan musikk, som gir skuterjaktene og skotutvekslingane ei jordnær og nervepirrande stemning.

Mykje av filmen kjennest ut som ein umogleg kamp mot omgivnadene. Elsa blir ikkje trudd av politiet, sjølv med mykje bevis og blodspor heile vegen heim til Robert.

Ho snakkar openlyst om at ting ikkje kan halde fram slik, verken med morda eller gruvedrifta, og blir som eit resultat utestengt av dei andre samane. All motgang Elsa opplever blir forsterka av at dette er heilt realistiske situasjonar, og gjennom filmen vart eg meir og meir rasande på hennar vegne.

 

Likevel klarer dei å slutte filmen på ein håpefull måte. Det lønner seg å stå opp for si sak, så vi kan skape ei betre framtid for dei neste generasjonane.

Dette er ein film som rørte meg djupt. Eg håpar mange ser denne filmen og at fleire engasjerer seg i samiske rettar som eit resultat.