Ophelian (24) etterlyser større samisk breidde i populærkulturen

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 27.02.2023 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ophelian, portrett

Ophelian Lucretius James Ekblad. Foto: Åshild Slåen

– Plutseleg, om eg seier eg er samisk i utlandet, så veit folk kva eg meiner. Det hadde aldri skjedd før.

Ophelian Lucretius James Ekblad ser tilbake på korleis folk har møtt dei når motedesignaren og dragartisten har sagt at dei er samisk.

– Då eg budde i København i 2018, var folk framleis veldig usikre, og det er absurd å tenke på no. For då eg reiste til USA i fjor, visste folk noko om kulturen min, berre på grunn av Frost 2.

Dei hugsar spesielt eit augeblikk frå då dei studerte i mote i Milano. Høgt over ein plaza, eit bytorg, kom både Klaus og Frost 2 på ein svær reklameskjerm. To storfilmar med samisk representasjon.

Det likte eg. Det var friande.

Dei meiner filmane markerer eit skilje for samisk representasjon.

No bur Ekblad i Oslo og lever av å selje kostyme, blant anna til andre dragartistar. I fjor hadde fekk dei derimot sjansen til å vere praktikant hjå Disney, nettopp på grunn av Frost 2.

Meir om det seinare.

Men fyrst, litt historie.

Frå stumfilm til storskjerm

Portrett, Cato Christensen.

Cato Christensen har dukke ned i korleis samar har blitt framstilt på norske skjermar, frå stumfilmar og dokumentarar, til storfilmar og reality-TV. Foto: OsloMet

1917: Same år som det fyrste samiske landsmøtet finn stad i ei metodistkyrkje i Trondheim, speler Robert Sperati (1872-1945) ein «lapp» i ein film.

– Den norske stumfilmen Unge hjerter frå 1917 er den fyrste filmen eg har kunne finne med noko samisk i seg, seier Cato Christensen på telefon med Framtida.

Christensen er førsteamanuensis ved OsloMet, og hovudfeltet hans er eigentleg innan religionshistorie. Gjennom forskinga hans på samisk religion i film, har han likevel fått god oversikt over korleis det samiske har blitt framstilt i norsk populærkultur.

Samane har vore til stades sidan starten, men med varierande framstillingar, og vanlegvis frå eit norsk perspektiv.

Veiviseren frå 1987 er eit klart skiljepunkt. Den kjem etter Alta-saka, som sette det samiske på den nasjonale agendaen og førte til ei sterkare forståing av samar som urfolk i Noreg.

Mikkel Gaup spelte hovudrolla i klassikaren Veiviseren (1987). (Foto: Nasjonalbiblioteket)

Den Oscar-nominerte filmen Veiviseren tek for seg den samiske myten om vegvisaren Aigin som må overliste dei skumle tsjudane. Forteljinga om framande som gjer forferdelege ting mot det samiske miljøet var høgst aktuell for urfolkgruppa.

Regissør Nils Gaup følgde opp denne tråden i Kautokeino-opprøret i 2008. Då er det ei reell historisk hending frå 1852 som blir skildra, og kritikken mot det norske storsamfunnet er ikkje lenger symbolsk.

Det moderne vendepunktet

Men om Altaaksjonen og Veiviseren er eit skiljepunkt, kva har skjedd dei siste åra?

Inntrykket til Christensen er at det samiske har blitt meir synleg det siste tiåret, med eit vendepunkt i 2017. 6. februar 2017 var hundreårsmarkeringa for det fyrste samiske landsmøtet.

For Ekblad er det eit anna skilje.

– Eg trur det var då Ella Marie Isaksen vann Stjernekamp i 2018. For meg var det sånn: Oi! No var det veldig mykje positivt i media i samanlikna med det vi har hatt før.

For scenekunstnar, musikar og politikar Ole-Henrik Bjørkmo Lifjell er ikkje skiljet like klart.

– Berre frå eg studerte til i dag, som ikkje er meir enn seks år, er det større hyppigheit mellom kvar gong det er skikkeleg samisk representasjon, seier han på telefon til Framtida.

Han pakkar ferdig før han skal reise og gjere opptak med NRK til samefolkets dag, 6. februar. Når han ikkje opptrer, arbeider han med musikk til eit nytt album og eit teatermanus.

– Eg set verkeleg pris på den blomstringa som har vore i samiske perspektiv i populærkulturen dei siste åra.

Lifjell poengterer at dei no får store kulturuttrykk som er spreidd på fleire flater samstundes, anten det er musikk, film, TV eller teater.

– Før var det kanskje ein storfilm, eller eit album frå Mari Boine, men no er det fleire. Det er ikkje lenger nokre få personar som må bere heile den rike samiske kulturen på skuldrene sine.

Likevel er det noko som manglar.

Meir enn aktivistar

Lifjell ynskjer seg meir variasjon i det samiske som blir framstilt.

Ole-Henrik Bjørkmo Lifjell i kofte.– Vi er meir enn minoritetsaktivistar i konflikt med storsamfunnet. Det er ein realitet som må forteljast, men det hadde også vore fint med noko motvekt som viste fram fleire positive sider av det samiske.

Sjølv om fleire samiske kulturutøvarar får vise seg fram enn nokon gong, er det ikkje nødvendigvis likt i resten av kulturlivet.

Lifjell meiner det ikkje er mange nok samiske blant dei som bestemmer kva som er godt nok. Kritikarar, jurypanel til prisutdelingar, og dei som finansierer kunst og kultur i Noreg har alle ein innverknad.

– Ofte kjem samisk representasjonen på majoritetsfolket sine premiss. Det har eg sjølv opplevd i samarbeid på kunstprosjekt.

Og det kan gå ut over minoritetane i urfolkgruppa. Lifjell er sjølv både nordsame og sørsame, men pratar berre sørsamisk. Som skodespelar gjer det at han ikkje er aktuell for mange samiske roller i teaterverda, sidan nordsamisk er meir brukt.

– Vi kan bli stengt ute frå våre eigne samiske arenaer, sjølv om sørsamisk, og lulesamisk for den del, er meir truga.

Det moderne samiske

Ekblad kjenner att kjensla av å ikkje alltid kunne identifisere seg med det samiske som kjem fram i populærkulturen.

Dei er skeiv og lidenskapen for mote får dei blant anna brukt ved å opptre som dragartist. Nokre gonger har dei inntrykk av at andre meiner dei bør velje kva som skal vere «greia» deira.

Ophelian ser på klede. Foto: Åshild Slåen

– Men ein kan liksom ikkje velje med identiteten sin. Det eg trur er fint er å berre få sett meir variasjon. Meir variasjon i forteljingane som blir fortald og ha fleire ulike stemmer frå ulike folk.

På den måten meiner dei at vi kan sjå fleire samiske som ikkje passar inn i den typiske «samiske» boksen. Ekblad har sjølv jobba med det i forskjellige motekolleksjonar, blant anna med prosjekta «The Category Is: Indigenuity» og «Odda Romantihkka».

MODERNE TRADISJONAR: “The Category Is: Indigenuity” vektlegg kor viktig det er at tradisjonar veks med folket dei tilhøyrer. Foto: Adrian Vad Flaaten

Samisk i den store verda

For å få dei samiske stemmene fram, kan nettopp storprosjekt som Frost 2 vere nyttig. For sjølv om det ikkje var nokon samisk regissør på Disney-filmen, oppretta dei eit samarbeid med sametinget, som opna for praksis for to samiske kunstnarar.

Tre år etter å ha reklamen på storskjerm i Milano, var Ekblad ein av dei to som brukte sommaren i Los Angeles. Der fekk motekunstnaren blant anna utvikle eit kostymekonsept for ein karakter som kunne fungere til animasjon.

– Eg kan ikkje nemne spesifikt kva, for det har eg ikkje lov til, smiler dei.

I tillegg skulle det vere ei kulturutveksling. Det var viktig at praktikantane skulle vise fram den samiske kulturen for dei som arbeidde for Disney.

Frå storfilm til liten skjerm

Tilbake i Noreg er det ikkje tvil om at det har skjedd noko med kor synleg samisk kultur er. Ellos eatnu – La elva leve med Ella Marie Hætta Isaksen i hovudrolla, er ein av dei største norske kinofilmane i år.

I tillegg utmerker samar seg på mindre skjermar. Cato Christensen frå Oslo Met, han som eigentleg har hovudfelt innan religionsstudium, har også eit godt auge med det samiske i reality-TV.

Ella Marie Hætta Isaksen har vore ei viktig samisk stemme etter at ho vann Stjernekamp. Pressefoto frå NRK.

Christensen ramsar opp: Stjernekamp, 71-grader nord, Hver gang vi møtes, Farmen, Symesterskapet, Skal vi danse …

– I alle desse programma har det vore deltakarar der den samiske identiteten deira har vore viktig, og blitt vist fram, seier han.

Å foreine identitetar

Så korleis kan ein vise fram ein meir kompleks samisk identitet?

Ekblad skal i alle fall gjere eit forsøk no fredag, når dei skal ha si fyrste dragframsyning med samisk fokus.

Ophelian poserer med kvitt skjørt.

– Og det er skummelt, fordi det er sårbart. Eg kjem ikkje til å kunne representere alt det alle skeive samar i Noreg ynskjer.

Å få til ei framsyning som er respektfull er difor ein balansekunst.

– Det er det å gjere det humoristisk på ein måte som ikkje hånar din eigen kultur. Det er vanskeleg, for det vil alltid vere nokon i publikum som vil le av deg, ikkje med deg.


Fritt Ord-logo, blåDenne saka er ein del av artikkelserien «Minoritet og makt», som er eit journalistisk prosjekt støtta av Fritt Ord-stiftinga. Har du tilbakemeldingar eller tips til prosjektet? Send oss ein e-post på tips (at) framtida.no, eller ei melding på Instagram.