Skapte klesmerke for å styrke samisk identitet – no er Gobmi årets nykommar

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gobmi skal vere for alle, uansett om ein har ein samisk identitet eller ikkje.

Hanna Reinsnes Moen (32) møter Framtida.no nede på Grünerløkka i Oslo. Den kvite og lause genseren ho har på seg glir rett inn i motebiletet til omgivnadane, samstundes som den broderte figuren på stoffet står ut. Genseren er frå klesmerket som ho sjølv har vore med og utvikla.

Ho er mitt oppe i flyttestress, men har teke seg tid til å prate om hjartebarnet til henne og systera: klesmerket Gobmi.

– Det betyr spøkelse, og handlar om at vi tek tilbake kulturen vår.

1. mars vart det annonsert at merket får Design og Arkitektur Norge (DOGA) sitt Årets nykommer-merke.

Vegen fram til å vere det fyrste samiske klesmerket der gatemote står i fokus har vore lang.

Dei siste 10 åra har Hanna Moen Reinsnes og systera hennar Live Moen Johannessen forsøkt å finne ut av den samiske identiteten sin, som plutseleg var mykje nærare enn dei trudde.

Foto: Åshild Slåen

 

Norsk og samisk

Systrene vaks opp i Alta, og dei gjekk alltid ut frå at dei hadde noko samisk slekt eit stykke bakover i familietreet.

Då Hanna gjekk på skule seier ho at skiljet mellom samar og nordmenn var tydeleg, spesielt på skulen, der vennegrupper gjerne delte seg ut frå kvar dei høyrde til.

– For meg gav det aldri meining, for eg såg at vi openbert var ein miks, alle vi som var der.

Ein dag byrja ein eldre slektning å prate samisk, etter å ha blitt sjuk.

– Då byrja heile familien å sjekke, kva er dette her for noko?

Undersøkingane gav raskt svar: Den samiske slekta var ikkje meir enn eit par generasjonar bak i tid.

– Alle brikkene fall på plass i den samiske identiteten vår, alt som eg hadde gått rundt og følt på.

For Hanna var ikkje funnet overraskande, men det var likevel eit sjokk at det var så nærme.

– Ein veit jo historia om fornorskinga.

Då starta utforskinga i kva det ville seie å vere samisk.

Klede som identitet

Live og Hanna

Systrene Live og Hanna står bak motemerket Gobmi. Foto: Håkon Borg/MAGPIE

I leitinga etter kva det ville seie å vere samisk, kom klede raskt opp for både Hanna og Live.

– Klede er veldig identitetsberande. Kofta går ein med ved spesielle høve, men vi ville ha noko som er litt meir kvardagsplagg. Noko som kunne vere trendy på løkka i Oslo, blanda med det samiske, seier Hanna.

Det eksisterer andre samiske klesmerke, men ingen trefte heilt det dei såg etter.

– Til slutt var vi sånn: OK, det er ingen som lagar det her. Kanskje vi berre skal gjere det sjølv, kor vanskeleg kan det vere?

Korkje ho eller systera hadde erfaring frå moteindustrien. Dei kjem eigentleg frå musikkbransjen. Likevel, i 2018 bestemte dei seg for å og lage sitt eige klesmerke.

Under pandemien låg musikkbransjen død, og moteprosjektet tok over livet deira.

Veslebror Helge i Gobmi-klede av reinsskinn under MGP 2022, då bandet NorthKid kom på 2. plass. Foto: NRK

Samisk mote for alle

Frå starten var det viktig at kleda skulle vere tilgjengeleg for folk flest.

Modell i Gobmi-klede

Det skal vere lett å bruke kleda frå merket. Foto: Gobmi

– Vi har lyst til å ha fokus på dei kule tinga ved det samiske, gjere det på ein lett og enkel måte som ønsker andre velkommen.

Hanna er medviten på at det er ein balansegang å bruke samisk kultur i kommersiell samanheng. Nokre var blant anna bekymra for at dei kom til å bruke koftemønster i designa sine, men ho understrekar at det hadde vore heilt feil å bruke tradisjonsplagget på den måten.

Men det er sjukt mykje anna ein kan gjere! Berre det å lage i reinskinn eller med reinhornknappar. Det er masse små detaljar ein kan gjere som fortel historia på ein lett måte og vi har masse fleire idear.

Blir lagt merke til

Nyvinninga har lønna seg. Gobmi får i år nykommar-merket frå DOGA. Den uavhengige juryen skriv mellom anna:

«Det er kjempespennende at unge designere går sammen om å løfte frem samisk kultur på en ny arena. (…) Gobmi – urban wear from Sápmi tildeles DOGA-merket nykommer fordi klesmerket lykkes i å kombinere samisk identitet med et trendy uttrykk for et kresent marked.»

Stine Fantoft Berg, rådgjevar i DOGA for Prisar og utmerkingar. Foto: DOGA

Merket, saman med heider og ære, skal tildelast 16. mars i Oslo.

Det blir gitt til unge visjonærar som viser korleis ein kan skape verdi gjennom design og arkitektur, seier Stine Fantoft Berg.

Ho er rådgjevar for prisar og utmerkingar i DOGA. Nykommar-merket er ein av måtane dei løftar opp nye norske arbeidsplassar.

– Gobmi handlar om å vidareformidle ein kulturarv i ein moderne kontekst. Det gjer dei både gjennom eit formuttrykk som er aktuelt og gjennomtenkt ned til minste detalj, som tek omsyn til berekraft i tillegg til dette sterke bodskapet.

Spøkelse som kjem tilbake

I den fyrste kolleksjonen er det spesielt eit symbol som blir vist fram.

Hornlua er ei nordsamisk kvinnelue. Fram til 1800-talet var det eit vanleg plagg, men seinare vart det fordømt som eit djevelsk teikn.

– Djevelen kunne gøyme seg i hornet på lua, så då var det ikkje lov å gå med henne. No har mange byrja å gå med lua att, og ta henne tilbake, fortel Hanna.

Det synest ho passar bra med historia til Gobmi, spøkelset som kjem tilbake frå fortida.

Brodert figur med raud hornhatt på genser.

Den feminine figuren med hornhatt er brodert på alle kleda i kolleksjonen som Gobmi kom med i november 2022. Figuren er designa av Kamilla Triumf. Foto: Åshild Slåen

Mottakinga har vore enorm.

– Vi hang nesten ikkje med sjølv!

Etter kolleksjonen med hornlua kom ut i november er fleire størrelsar selt ut. Dei store unisexplagga med broderi på har slått an, og etter kvart skal dei få ut nye ting. Men førebels har dei nok med den fyrste kolleksjonen.

Samiske aktivistar klemmer.

Aktivistar under Fosen-demonstrasjon. Den eine har på seg ei hornlue. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Det som starta som ein måte å knytte tettare band til den samiske familiehistoria har blitt noko større. Tilbakemeldinga frå familie har også vore god.

– Vi har jo kalla heile denne kolleksjonen Bearaš, som tyder familie, og kvart plagg har fått eit familienamn som Áhčči – pappa, Eadni – mamma, Oabbá – syster og Vieljaš – bror.


Frå Samisk Hus i Oslo der Ophelian står framfor eit veggmåleri.

TRADISJONELT TIL MODERNE: Ophelian James Lucretius (24) vil ha meir variasjon i kva vi får sjå av det samiske. Foto: Åshild Slåen