Dette er dei mest lesne sakene i 2024

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.01.2025 15:01

I 2024 har Framtida.no fått støtte av Fritt Ord til meldarsatsinga «Ung kritikk». Meldarane Ola Birgitsønn Vik, Rakeb Berhanu Erana, Jenny Lund og Anette Fadnes Marcussen har levert underhaldande meldingar med skarpe analysar av aktuelle filmar, seriar og spel.

Den meldinga som fenga flest var meldinga av dokusåpa Alt for Årdal, som gjekk på TV 2 i byrjinga av året.


9. Darryl (18) vart utvist frå skulen på grunn av håret

Den amerikanske delstaten Texas har innført lover som skal verna innbyggjarar mot diskriminering basert på hårfrisyre i skule, arbeid og busetjing.

Dette stogga ikkje skulen til Darryl frå å utvisa 18-åringen, fordi dei meinte har ein hårfrisyre som bryt med skulen sin kleskode, som forbyr mannlege studentar å ha hår som er lenger enn augebryna eller øyreflippen.

– Eg føler eg går glipp av den fulle opplevinga av å vera i eit klasserom, sa han til nyheitsbyrået AP.

Les heile saka her!


8. Då eg var 20: 11. september 2001 vart Anne Rimmen 20 år

Programleiar Anne Rimmen kunne avsløra at ho aldri vil gløyma 20-årsdagen sin. Det var nemleg dagen då to terroristar kapra to fly og flaug inn i World Trade Center i New York.

– Eg var på skulen som vanleg på dagen, og så skulle eg ha min første dag i ny ekstrajobb på kvelden. Det var i ein klesbutikk i Oslo sentrum. Eg kom spent på jobb, og snakka med min nye sjef som skulle gi meg opplæring, skreiv Anne Rimmen til Framtida.no.


7. Yrket mitt: Kamilla (25) vil køyra buss til ho blir pensjonist

25 år gamle Kamilla Strømmen elskar arbeidskvardagen som bussjåførlærling i Firda Billag.

– Mange trur at bussjåføren ikkje får respekt frå passasjerar eller samfunnet, men det er mange som set pris på den viktige rolla bussjåførar spelar i å halda samfunnet i bevegelse, forklarte Kamilla Strømmen til Framtida.no.


6. Regjeringa utset ny husleigelov:– Leigemarknaden er i krise

I oktober la eit utval fram ein rapport med forslag til ny husleigelov, men regjeringa har bestemt at dei ikkje vil behandle det før neste stortingsperiode.

Den skuffa miljø- og bistandsorganisasjonen Spire, som har engasjert seg i saka.

– Leigemarknaden er i krise. Det er på høg tid å gjere noko med den enormt skeive maktbalansen mellom utleigarar og leigetakarar, og sikre at bustadhaiar ikkje kan halde fram å utnytte oss som leiger, uttala Elise Åsnes i ei pressemelding sendt til Framtida.

Les heile saka her!


5.– Sør-Korea er ikkje eit land for kvinner

Feministrørsla i Sør-Korea har den siste tida fått merksemd på grunn av historier om kvinner som tilsluttar seg rørsla 4B, som går ut på å seia nei til å date, gifte seg med, ha sex og få barn med menn.

I starten av året hadde Framtida.no eit journalistisk prosjekt om den sørkoreanske identiteten, støtta av Fritt Ord.

Journalist Synne Ulltang møtte Haein Shim (30), som fortalde korleis ho byrja å jobbe etter vidaregåande for å skaffe pengar til broren si utdanning.

– På den tida såg eg det som oppgåva mi å støtte familien og broren min si utdanning. Men i dag er eg lei meg for at eg ikkje prioriterte mi eiga framtid.


4. Olivia (17) var livredd då ho skulle fortelje medelevane om foreldra sitt rusproblem

17 år gamle Olivia utmerka seg i talekonkurransen Ta ordet med ei sterk forteljing om det å vera pårørande til foreldre som er rusavhengige.

– Det har alltid vore vanskeleg for meg når folk spør «Kva jobbar foreldra dine med?». Samtidig veit eg at eg ikkje er den einaste som har dette problemet, men eg føler ikkje at det blir snakka om, sa Olivia til Framtida.no.

Ho var først redd for å fortelje det, men opplevde mykje støtte frå både klassekameratar og foreldra sine, som har lese talen.


3. Kristin (28) hamna utanfor arbeidslivet på grunn av kvinnesjukdom: – Eg blei sjukemeldt på dagen

Endometriose rammar opptil 275 000 norske kvinner, og mange opplever å falle heilt eller delvis ut av arbeidslivet.

– Plutseleg byrja eg å blø. Det stoppa ikkje og det heldt på i eit halvt år, fortalde Kristin Bjerke til Framtida.no.

28-åringen kunne ikkje halda fram i jobben sin, men har no fått jobb i NAV med å rettleia andre inn i arbeidslivet.


2. Vetle tok over garden då han var 20: – Veit ikkje om eg hadde tort om eg visste alt eg måtte lære

Sommaren 2024 sette Framtida.no sine vikarar fokus på framtidas arbeidsliv.

24 år gamle Vetle Sæterbø Skei har markert seg som ung bonde i eit yrke med høg snittalder.

– Sjølv om bonde er eit tradisjonsrikt yrke, er det lov å skape nye tradisjonar. Ein må finne ein måte ein sjølv har lyst til å drive på, som er økonomisk nok til å vere ein arbeidsplass, forklara Vetle til Framtida.no.


1. Då eg var 20: Tvillingbroren var den viktigaste personen for Espen Nakstad

I år har heile Noregs Espen Nakstad vore å sjå på skjermen med andre ting enn smittetal og restriksjonar. Han har nemleg vore på tur med 71 grader nord.

Framtida.no har fått svar på kven den profilerte legen var som 20-åring.

– Eg tok bussen inn til Universitetet i Oslo kvar dag og las «førebuande» («examen philosophicum») som alle måtte ta før dei kunne studere, minnest han hjå Framtida.no.