Desse sakene hugsar vi best frå 2024
Framtida-redaksjonen har gått gjennom 2024-arkivet. Dette er sakene som har gjort sterkast inntrykk på oss.
Livet som «ekstremist»
Møtet med russiske «Natasha», som risikerer forfølging og fengselsstraff for å jobbe for skeives rettar i Russland, gav sterkt inntrykk då eg intervjua henne på starten av året.
Intervjuet skjedde i kjølvatnet av at den russiske høgsteretten utpeikte LHBTQ-rørsla som «ekstremistisk», med trugslar om strenge dommar for dei som støttar opp om rørsla. Den første personen som vart bøtelagt etter dei nye lovene, var ei kvinne som delte eit regnbogeflagg (eit «ekstremist-symbol») på Facebook.
«Natasha» fortalde om korleis LHBTQ+-organisasjonen ho jobbar for, måtte gå heilt under bakken, og at førebileta hennar i kampen for skeives rettar måtte flykte frå landet i frykt for å bli arresterte.
Aktivisten bad om større internasjonal solidaritet med russiske skeive og andre som kjempar mot det russiske regimet, til dømes ved å gi visum til aktivistar som vil ut av landet.
Eirik Dyrøy Lotsberg
«Fødiverset» – eit godt alternativ til Instagram og TikTok?
Tanken om sosiale medium utan reklame, utan polariserande og avhengigheitsskapande algoritmar, utan eigarar som tener på eit meir aggressivt ordskifte og som brukar milliardar av kroner på å påverke valet i USA, verkar meir og meir som ein utopi.
Eg syntest difor det var interessant å dukke inn i det såkalla «fødiverset», eit alternativ til dei kommersielle sosiale media, der alle tilsynelatande diskuterer ting dei bryr seg om på ein høfleg og fredeleg måte.
Det må då vere for godt til å vere sant?
Framleis verkar «fødiverset» å vere for dei spesielt interesserte, og noko ein må bruke ein del tid på å leve seg inn i før ryggmergsreaksjonen når ein kjedar seg på bussen vert å opne Mastodon i staden for Instagram (eg er ikkje på TikTok 👵). Men det er tryggande å sjå at det finst alternativ, og at det finst grunnar til å håpe på eit sunnare internett i framtida.
Eirik Dyrøy Lotsberg
Rasisme i arbeidslivet
I sommar fortalde bioingeniørstudent Nawisa Falahzadeh (20) om eigne erfaringar med rasisme i arbeidslivet
Som fersk bioingeniør i sommarjobb fekk ho stadig spørsmål om kor ho kjem frå og har vorte kalla «billeg arbeidskraft frå Asia», noko som fekk Nawisa til å tvila på yrkesvalet ho hadde teke.
Det gjorde sterkt inntrykk å høyra ho fortelja om sine opplevingar, som diverre ikkje er unike.
Både arbeidsgjevar, høgskulen og fagforeininga var tydelege på at dette ikkje var greitt og ikkje «noko ein skal oppleva eller tola å oppleva».
At Nawisa løfta saka kan gjera det lettare for andre å seia ifrå, og gjera både arbeidsplassar og utdanningane meir medvitne på problemet.
Andrea Rygg Nøttveit
Urfolk kritiserer Oljefondet
Hausten 2024 møtte eg to representantar for urfolk og bønder i Colombia. Dei to var invitert av Latin-Amerikagruppene i Noreg (LAG) og fortalde at dei frykta for livet sitt, fordi dei heva røysta si mot det dei kallar menneskerettsbrot frå selskapet Smurfit Westrock.
Bakgrunnen for konflikten er at selskapet eig store landområde i Colombia, der dei dyrkar tre til produksjon av papp.
Urfolka og bøndene meiner dei har rett på desse områda, og krev at staten kjøper dei tilbake frå selskapet. Dette nektar Smurfit Westrock for.
På toppen av dette skuldar bøndene selskapet for å skada naturen og bidra til at områda vert utrygge for dei som lever der.
Andrea Rygg Nøttveit
Eldri (16) må velje mellom fotball og bu heime om nærskulen blir lagt ned
Som ein person frå Nord-Gudbrandsdalen kan eg seie at debatten rundt skulenedleggingane var det store temaet då eg var heime i haust. Det resulterte også i ei sak der eg prata med elevane som blir påverka når den vidaregåande skulen i Lom blir lagt ned hausten 2025.
Det var sterkt å høyre kor inngripande det blir for elevar som Eldri Galde Tråstad, som må velje mellom ein mange timar lang reiseveg, eller å flytte på hybel frå neste år. Ho har ikkje lyst til å flytte frå foreldra sine med det fyrste, men med lang pendlarveg får ho ikkje tid til fotballen, der ho er på kretslaget.
Skuledebattar grip inn i den viktigaste politikken for eit lokalmiljø, og eg trur det er ein debatt som berre vil dukke opp meir og meir i åra som kjem. Korleis vi skal handtere avfolking, strammare økonomi og ei generell sentralisering i landet vårt kjem til å vere aktuelt så lenge vi har folk som bur utanfor dei aller største byane, og eg trur ikkje debatten kjem til å vere mindre kontroversiell i dei andre fylka.
Åshild Slåen
Mohamad (27) får hjelp av norske gamarar til å flykte frå krigen i Libanon
Krig har prega året som gjekk, og det dukkar også opp i fleire av sakene våre. Difor var det oppmuntrande å lage ei sak som handla om korleis menneske kan kome saman på tvers av landegrenser i slike situasjonar.
Mohamad (27) har budd heile livet sitt i Libanon, men i år la han ut på flukt då landet vart bomba av Israel. Då fekk han hjelp og støtte frå norske gaming-kameratar som han har fått gjennom å spele PubG. Intervjuet tok vi på Discord, før Mohamad flykta, men eg fekk oppdateringar etterpå frå han om kvar han reiste.
Ein ting som sit att for meg er kor raskt situasjonen kan endre seg for folk i konfliktområde, og kor lite ein kan vite kva som skjer i morgon. Samstundes er det også der ein ser noko av det beste i menneske, når dei kjem saman for å hjelpe kvarandre.
Åshild Slåen
Kristin (28) hamna utanfor arbeidslivet på grunn av endometriose
Dette intervjuet er eit av dei eg hugsar best frå året som snart er omme. Kristin Bjerke har endometriose og fortalde om kor mykje det faktisk kan påvirke absolutt heile kvardagen og livet, både som student og i arbeidslivet. Ho måtte slutte med det ho hadde utdanna seg til, og frykta ei stund at ho aldri ville kome seg tilbake til arbeidslivet.
Endometriose-foreningen fortalde at dei trur det er mykje arbeidskraft som går tapt i Noreg, på grunn av dårleg eller manglande tilrettelegging.
Det som sit aller best igjen frå samtalen med Kristin er likevel nettopp kor lite som faktisk skulle til for at ho kunne gå frå 100 prosent sjukemeld til 100 prosent arbeidande: Litt fleksibilitet, høve til heimekontor og forståing frå sjef og kollegaar.
Ingvild Eide Leirfall
Saga ned flaggstenger før Pride-markering
Denne er ei av dei eg hugsar best frå 2024. Ikkje berre som journalist og i jobben, men også som privatperson.
Desse flaggstengene er nemleg dei eg ser tvers over vegen frå vindauga heime i huset.
Det gav også eit ekstra symbolsk bakteppe til saka eg skreiv om skeive sin kvardag i Noreg anno 2024.
Det var fint å sjå kor resolutt Vestfoldmusea møtte situasjonen. Nye stenger vart bestilt og berre nokre dagar seinare flagra tre store regnbogeflagg i vinden.
Gabriel (22) er ballettdansar: – Som ung dansar må du leve akkurat no
Ei av sakene eg hugsar best frå året, er intervjuet med ballettdansar Gabriel Gudim. Som ein person som brukar mesteparten av fritida mi på dans, vel å merke på eit veldig anna nivå og i ein heilt anna dansestil enn Gabriel, syntest eg det var spanande å få innblikk i livet som proffdansar.
Saka var ein del av Fritt ord-prosjektet vårt om framtidas arbeidsliv. Gabriel fortalde om vegen til jobb i Nasjonalballetten, og om arbeidet og dedikasjonen som ligg bak å få piruettar og hopp til å sjå leikande lett ut på scena.
Som ballettdansar må Gabriel pensjonere seg som 41-åring(!), men han vil ikkje leve for mykje i framtida.
Då eg møtte Gabriel var han aktuell i si første store rolle i Nasjonalballetten si oppsetting av Askepott. Han likar roller som er leikne og der han kan vise personlegdom, og då eg såg førestillinga, kjente eg godt igjen den personen eg snakka med i intervjuet. Det var artig å sjå korleis han fekk med seg og sjarmerte publikum med dans og utstråling.
Birgitte Vågnes Bakken
Maria (23) og Amalie (25) er ungdomsdelegatar på klimatoppmøtet
I år har eg fått ha litt ekstra ansvar for Framtida.no si dekking av FN sitt klimatoppmøte, COP29, og det var veldig spanande.
Før toppmøtet starta, intervjua eg Maria Timmann Mjaaland og Amalie Eikeland Holmefjord, som skulle vere ungdomsdelegatar på klimamøtet. Dei to skulle fremje norske barn og unge sine stemmer i Aserbajdsjan, og fortalde om eige klimaengasjement, kva som stod på spel på årets toppmøtet, og gav eit innblikk i korleis det er å delta på klimaforhandlingane.
Eg intervjua òg Barnas klimapanel som lanserte Barnas klima- og miljørapport i forkant av COP29. Dei etterlyste eit internasjonalt klimapanel for barn, og leiar Jakob Sande Haugset tok eit oppgjer med mobbing av klimaengasjerte barn og unge.
Sjølv om Framtida.no ikkje var til stades i Aserbajdsjan i november, vart det mange saker frå COP29. Vi fekk gode tips frå ungdomsorganisasjonane som var på toppmøtet og som sende oss reaksjonar på det som skjedde der, fekk gode meiningsinnlegg og kunne følgje Marius Moldsvor og Mikkel Inchley frå Natur og Ungdom sitt opphald gjennom fleire reisebrev.
Før toppmøtet tok eg bilete av leiar Barnas klimapanel-leiar Jakob Sande Haugset. Eg tok både alvorlege bilete, og bilete der han var glad og smilte. Då eg bad om det siste, sa ein annan som var til stades på lanseringa av rapporten deira at det ville eg nok ikkje få bruk for. For klimarørsla har ikkje hatt så mykje å juble for. Ein skuffa Spire-leiar sa til dømes då eg intervjua ho etter FNs plasttoppmøte, at det var demotiverande med det tredje toppmøtet på rad som ikkje gjekk som dei ønskte.
Men jammen fekk bruk for det glade biletet av Haugset likvel, då han i desember kunne feire SV sitt gjennomslag for å stanse gruvedrift på havbotnen!
Birgitte Vågnes Bakken