Livet som «ekstremist»: Natasha kjempar for skeive i Russland

I fjor vart LHBTQ-rørsla stempla som «ekstremistisk» i Russland. «Natasha» er ei av dei som risikerer fengselsstraff for å ta opp kampen mot regimet.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Merknad: Av omsyn til tryggleiken deira, er både «Natasha» og organisasjonen ho jobbar for, anonymiserte i denne artikkelen.

– Det er lagleg for styresmaktene å bruke skeive folk som ein boksesekk. Dei ønsker å dra merksemda vekk frå andre ting som verkeleg betyr noko, seier Natasha.

Framtida møter kvinna, som er i 20-åra, på eit hotell i Oslo sentrum. Ho er i Noreg for å besøke Den Norske Helsingforskomité, og møte andre partnerorganisasjonar. I heimlandet jobbar ho sjølv for ein organisasjon som kjempar for å betre tilhøva for skeive i Russland.

– Sjølv om ein ikkje er veldig offentleg, er det skummelt. Eg er veldig takksam for alle dei modige folka som held fram arbeidet, seier ho.

Bøtelagd for pride-flagg

I november kom ei avgjerd frå den russiske høgsteretten som stempla «den internasjonale LHBT-rørsla» som «ekstremistisk». Dette skjer etter at det allereie var forbode å drive med «propaganda» om «ikkje-tradisjonelle seksuelle relasjonar».

Folk kan no verte dømde til fengsel i opptil 12 år for å delta i eller finansiere skeive organisasjonar. Det å bruke symbol som tilhøyrer rørsla, til dømes pride-flagget, straffast første gong med bøter, og deretter med fengsel inntil fire år.

Natasha meiner lova er vag med vilje, for å skremme skeive og aktivistar.

I desember vart den første personen bøtelagd for å ha delt eit bilete av regnbogeflagget på Instagram.

– Vi trudde først den nye lova hovudsakleg ville påverke aktivistar, menneskerettsforkjemparar, frivillige og bloggarar, og at folk som berre lever livet sitt ikkje ville bli råka. No ser vi at det var feil. Det er ikkje eit godt signal, seier Natasha.

Flyktar frå landet

På døra til organisasjonen Natasha jobbar for, hang det ulike klistremerke. Eit bilete av ein avokado, for å vise at møteplassen var veganar-venleg. Eit bilete av ein hund for å vise at kjæledyr var velkomne. Eit lite, rundt klistremerke med regnbogestriper.

Då propagandalova kom, gjorde dei regnbogemerket om til svart-kvitt. Då ekstremist-lova kom, fjerna dei klistremerket.

I januar stengde dei kontoret for godt.

Natasha skildrar innføringa av ekstremisme-lova som eit vasskilje.

– Ekstremisme er ei svært alvorleg skulding, og straffene er store. Dette har påverka LHBTQ-samfunnet veldig. Leiarar i ulike organisasjonar og initiativ, som er kjende for aktivismen sin, har måtta flykta frå landet i frykt for å bli arresterte, seier ho.

Det at nøkkelpersonar og aktivistar flyttar ut, er eit steg tilbake for den skeive kampen. Både fordi ressursar forsvinn, men også fordi det har vore tryggande å finne inspirasjon i dei som torer å profilere seg i kampen, seier Natasha.

Ho fortel at ho er heldig nok til å ikkje ha nokre offentlege band til ein skeiv organisasjon. Mange andre er assosierte med LHBT-rørsla gjennom offentleg informasjon som dei ikkje får fjerna frå internett, gjennom at dei har hatt konfrontasjonar med politiet tidlegare, eller i form av at dei tidlegare har meld homofobiske angrep til politiet. Desse folka er no utsette, seier Natasha.

Sjølv fortel ho at frykta har ført til at ho sleit med å få sove, og kunne vakne klokka 6 om morgonen i frykt for at politiet skulle komme på døra.

Ho prøver likevel å halde på motivasjonen til å fortsette kampen. Ho seier at ho har privilegiet av å vere ung og desperat. Nokre gonger hjelper det.

– Mange av dei som var politisk aktive på 90-talet opplevde at ei endring var mogleg. Eg og kollegaene mine har ikkje sett det sjølv, men det er viktig å sjå på kampen som ein prosess. Kanskje ser vi ikkje noko resultat i vår levetid, men vi er del av ein lang veg som så mange andre har vore del av, seier Natasha.

Let seg ikkje stoppe av frykta

Natasha trekker fram eit sitat frå den ukrainske utanriksministeren Dmytro Kuleba: «Det er greitt å vere redd, men ver ikkje fryktfull».

– Eg veit ikkje om eg har nokon moralsk rett til å relatere til det. Men eg gjer det på mange måtar. Eg blir inspirert av andre i mykje vanskelegare situasjonar, som likevel på ein eller annan måte finn motet til å gjere det dei gjer, seier ho.

Apropos Ukraina. Natasha legg ikkje skjul på at ho er motstandar av det ho kallar den forferdelege krigen som Russland fører. Krigen gjer det vanskeleg å be det internasjonale samfunnet om å ha omsyn for russiske skeive.

– Verda reagerer med rette på det Russland gjer. Eg håpar at det vil bli større sanksjonar mot russisk olje og gass, som faktisk betalar for krigen. Men eg håpar motstandsrøyster frå Russland kan bli høyrde. Ikkje for å overskygge narrativet om ukrainsk siger, men viss ein finn røysta deira nyttige i det store biletet, seier Natasha.

Visum, asyl og skeiv kunst

Natasha og medaktivistane hennar ber om at det vert lettare for russiske opposisjonelle å få visum til andre land. Dette er også noko Amnesty International Norge oppmodar dei norske styresmaktene om. Det er lettare å tore å gjere motstand viss ein veit at ein kan forlate landet om risikoen vert for stor. Natasha har sjølv opplevd det:

– Eg hadde ein veldig ubehageleg situasjon der eg ikkje var i stand til å vurdere min eigen tryggleik. Det kjendest ganske farleg, og då var eg heldig nok til at eg fekk tak i visum og kunne forlate landet i to veker, for å sjå korleis ting utvikla seg, og så reise tilbake, fortel ho.

Ho ber også om betre prosessar for asylsøkarar, og viser mellom anna til at to transpersonar frå Russland har teke sjølvmord i asylmottak i Nederland dei siste månadane.

I tillegg ønsker ho større solidaritet med russiske skeive.

– Eg er litt lei det einsformige «stakkar dykk»-narrativet. Det finst skeiv undergrunnskunst, kunstnarar og historieforteljarar. Eg vonar at desse historiene kan bli inkluderte i det større skeive perspektivet, at vi kan bli inkluderte i samtalen, seier ho.

Natasha har tidlegare delteke på Barents Pride i Kirkenes i lag med andre russiske aktivistar. Ho vart inspirert av å sjå ei framtid som dei kunne førestille seg, og oppmodar fleire nordmenn om å delta på arrangementet.

– Eg undrar meg alltid over land som er så langt framfor oss med skeiv politikk: Kva er erfaringane dykkar? Kva jobbar de med, og korleis er strategiane? Korleis nådde de dette punktet? Moglegheita for ei slik utveksling av erfaringar er veldig fin. Dialog er viktig, slår ho fast.