Gabriel Gudim må pensjonere seg som 41-åring, men vil ikkje leve for mykje i framtida.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Denne saka er ein del av artikkelserien «Framtidas arbeidsliv», som er støtta av Fritt Ord.

– Heilt sidan eg var eit lite barn og såg på førestillingar her, har det vore ein draum å stå på scena her og vise seg fram til eit norsk publikum.

Framtida.no møter Gabriel Gudim i foajeen i Den Norske Opera og Ballett. Han har ein pause mellom dagens trening og kveldsprøvar for førestillinga Askepott, som har premiere berre nokre dagar seinare.

Det er 22-åringen si første store rolle som ein del av Nasjonalballetten. Han dansar hoffnarren i stykket.

– Det er ei veldig kul rolle. Ho er veldig leiken, fri og ein kan vise masse personlegdom. Ofte når du er ung, dansar du ein del stive roller som ein del av ei gruppe, men her er du heilt aleine og kan styre mykje meir. Det synest eg er veldig givande.

Har aldri sett seg tilbake

Gudim starta med ballett som åtteåring og var ein del av Operaen sin ballettskule. Han skildrar seg sjølv som eit aktivt barn som likte å bevege seg.

– Eg dreiv med sport og spelte fotball, men så hadde eg kanskje litt mykje personlegdom og ville ha noko som var litt meir kreativt, reflekterer han over kvifor han starta med akkurat ballett.

At ballett vart hobbyen var heller ikkje heilt tilfeldig. Faren har tidlegare vore dansar i Nasjonalballetten, så ein kan seie han følgde i hans fotspor.

– Så kom eg inn på ballettskulen og har eigentleg aldri sett meg tilbake. Eg berre elska det frå starten av.

Gabriel Gudium har Operahuset som arbeidsstad. Bak delen som er open for publikum, ligg garderobar og salar der dansarane trenar og har «klasse». | Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Å vere ein ballettdansar er ein livsstil, og ein blir tidleg vaksen. Kanskje litt for tidleg i blant, undrar Gabriel. Han føler på mykje ansvar, og kan kjenne på at ein ikkje berre skuffar seg sjølv på det nivået han er på i dag. Toppidrettsutøvarar snakkar ofte om kva ein må ofre for å kome til toppen.

– Du anar ikkje alle barnebursdagane eg har gått glipp av, ler han, og legg til:

– Men viss du føler det er verdt det, så ofrar du eigentleg ikkje noko. Det var alltid verdt det.

Nasjonalballetten

No har Gabriel fått ein eittårskontrakt med Nasjonalballetten etter å ha vore ein del av ungdomskompaniet Nasjonalballetten UNG. Det var under koronapandemien, då skulen var stengt og han måtte vere heime, at han sende ein e-post til leiaren av ungdomskompaniet og spurde om han kunne kome på audition.

Gabriel føler ballettutdanninga til ei viss grad gjer ein klar for yrket, men synest det har vore heilt spesielt å vere ein del av eit ungdomskompani. Der blir ein behandla som ein profesjonell, men har framleis ein lærar som er der og hjelper.

– Menneske i alderen 18 til 21 er så sårbare. Vi kjem rett ut frå skulen. Du har høgt teknikknivå, men så er det noko heilt anna å gå inn i eit kompani. Overgangen blir mykje lettare når du har det mellomleddet.

 

Nasjonalballetten UNG

  • Nasjonalballettens ungdomskompani vart starta opp i 2015.
  • Gruppa består av rundt 14 norske og utanlandske dansarar mellom 18 og 21 år.
  • Kompaniet blir leia av assisterande ballettsjef Jahn-Magnus Johansen. I tillegg har kvar dansar ein personleg mentor som dansar fast i Nasjonalballetten.
  • Nasjonalballetten UNG har eigne førestillingar og er på turné, og er i tillegg med i Nasjonalballetten sine produksjonar.

Kjelde: operaen.no

Nålauget

No debuterer 22-åringen frå Arendal i si første store rolle på hovudscena i Operaen. Ei livstidskontrakt med kompaniet er draumen, men nålauget er trongt.

– Ein må vere veldig god, også i Noreg. Vi har ikkje så mange mannlege norske dansarar, så det er kanskje litt lettare for gutane, men det er stiv konkurranse.

Nasjonalballetten og Carte Blanche er dei einaste statleg støtta kompania i Noreg der ein kan få fast jobb.

Det er 54 faste plassar i kompaniet til Nasjonalballetten, og kor mange kontraktar som er ledige varierer fra år til år, opplyser Nasjonalballetten.

– Dette er ein viktig faktor når vi tilset dansarar, anten det er på kortare kontraktar eller fast tilsetjing – og kva vi ser etter av danseriske kvalitetar, på heilt generelt grunnlag, avheng av kva kompaniet som heilskap treng til eikvar tid, uttalar assisterande ballettsjef Richard Suttie på e-post til Framtida.no.

Gabriel trur likevel det er lettare å leve av dans i Noreg enn i mange andre land.

Richard Suttie er assistertande ballettsjef i Nasjonalballetten. | Foto: Erik Berg/Nasjonalballetten

– Ein kan vere veldig stabil og jobbe som ballettdansar og faktisk klare seg heilt greitt. Det er ikkje sånn alle stader. Det er ofte at spesielt unge menneske i andre land ikkje får den same stabiliteten som ein får her, forklarar Gabriel, som kjenner mange unge dansarar som har gitt opp draumen.

Ein typisk arbeidsdag som ballettdansar ved Operaen startar halv ti med «klasse». Gabriel Gudim meiner det er noko av det viktigaste dei gjer. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Dansa for dronninga

Det mest utfordrande med å vere ballettdansar, meiner Gabriel er å halde motivasjonen oppe og å halde seg skadefri.

– Det er vanskeleg og krev mykje disiplin. Du må òg ha mykje kunnskap og kjenne kroppen din.

Han var sjølv ute med ein ganske stor skade for to år sidan.

– Eg hugsar at det første eg gjorde etter at eg kom tilbake, var opninga av ridehuset til dronning Sonja. Det var ei ganske stor oppleving å kome tilbake der første førestilling etter ein skade og danse for dronninga, minnest han.

Heldigvis lærer bransjen stadig meir om både skadeførebygging og ulike støttetiltak for dansarane. Gabriel fortel at dei har eit samarbeidsprosjekt med Olympiatoppen der dei forskar på korleis dansarane kan trene betre.

Tidleg pensjonist

Men uansett kor skadefri han held seg, er ballettkarrieren forholdsvis kort samanlikna med andre bransjar. Pensjonsalderen er nemleg 41 år. Det er likevel ikkje noko som uroar den unge dansaren nett no.

– Ein må som ung dansar leve akkurat no og akkurat då. Ein kan ikkje leve for mykje i framtida.

Gabriel vonar likevel at han vil vere ein del av ballettmiljøet også etter den aktive karrieren som dansar er over. Han har lyst å gi kunnskapen han har opparbeidd seg vidare til ein ny generasjon. Å jobbe med koreografar er noko av det han sjølv synest er mest givande med jobben.

– Å jobbe personleg med menneske som har så mykje meir kunnskap enn deg er eigentleg noko av det beste – å lære frå andre menneske.

Krev mykje å stå på scena

Gabriel trur folk kanskje ikkje er klar over kor mykje det krev å gå på scena framfor 1500 menneske og få ein svært vanskeleg koreografi til å sjå lett ut og som nokon du gjer heile tida.

– Det er blod, sveitte og tårer. Det er hardt arbeid, men så er det så verdt det, så ein tenker ikkje på det harde arbeidet etterpå.

Sjølv om Askepott-førestillinga han skal vere med i berre går nokre veker i Operaen, har han tenkt på ho sidan før sommaren.

– Så mykje at det blir ein del av deg!

22-åringen trur han alltid kjem til å ha nervar før sceneteppet går opp, men han skildrar det meir som ei slags spenning enn nervøsitet. Han har lagt ned så mykje arbeid, og når han går på scena kan alt skje.

Gabriel Gudim sjarmerte publikum som hoffnarr og fekk rungande applaus. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Gabriel Gudim og resten av Askepott-gjengen mottar ståande applaus etter førestillinga 6. september. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Nokre av kostyma vi får sjå i Askepott. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Framtida.no fekk vere med på innsida av Operahuset. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Gabriel skuar ut over Oslo frå ein av balkongane i Operaen. Å jobbe som ballettdansar er ein kvardag med høg intensitet, og han blir nesten avhengig av det. – Når ein har for lang ferie, klarar eg ikkje sitje stille, seier dansaren som nyleg er tilbake frå sommarferie. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Ballett er som toppidrett. Det ligg mykje hardt arbeid bak ei førestilling, og å halde kroppen fri for skadar kan vere utfordrande. Her gjer Gabriel Gudim barre-øvingar med Munch-brygga i bakgrunnen. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Mannlege ballettdansarar

Ein annan fordom han trur folk har, er at menn ikkje dansar ballett. Han har likevel alltid opplevd at venane synest det han driv med er kult, og har ikkje sjølv møtt på motstand fordi han er mannleg ballettdansar her heime.

– Folk ser disiplinen og respekten du har for det du gjer. Det er det som betyr alt for oss.

For å bli ballettdansar er Gabriel klar på at du må ha mykje energi. Han er overtydd om at kven som helst kan danse ballett, men for å bli proffdansar må du gi ekstra i alt du gjer.

– Kva tips har du til unge som drøymer om å bli profesjonell dansar? 

– Kanskje at sjølv om karrieren verkar veldig kort, må du ikkje forhaste deg. Ta deg god tid. Gjer det riktig frå starten av. Det gjer det mykje lettare når du kjem deg opp i gradane, svarar Gabriel, og minner om at ein må følgje sitt eige løp.