Maria (23) og Amalie (25) er ungdomsdelegatar på klimatoppmøtet

Dei to skal fremje norske barn og unge sine stemmer i Aserbajdsjan.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.

– Eg trur nok det blir litt meir hektisk enn dei åra eg har vore med tidlegare, seier Maria Timmann Mjaaland.

23-åringen frå Oslo skal for første gong delta på FNs klimatoppmøte som ungdomsdelegat for LNU – Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar.

 

COP29

  • COP29 er FNs 29. klimatoppmøte
  • COP viser til «Conference of the Parties of the UNFCCC»
  • Møtet er i Baku i Aserbajdsjan
  • Klimatoppmøtet varar frå 11. november til 22. november

Framtida.no møter ho på Klimahuset i Oslo på eit frukostmøte om kva som står på spel under årets forhandlingar i Aserbajdsjan. COP29 startar måndag 11. november.

Sjølv om det blir ei ny rolle for Mjaaland, er det langt ifrå debuten hennar på den internasjonale klimascena. Ho var til stades på klimatoppmøtet i Glasgow i 2021 og i Sharm el-Sheikh i 2022, men då som ein del av sivilsamfunnet.

– Det er enda litt høgare tempo når ein er ungdomsdelegat, for ein har både ei rolle i forhandlingsdelegasjonen og ei rolle i sivilsamfunnet, forklarar ho. 

Brenn for rettferd

Ungdomsdelegatane representerer Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar på klimatoppmøtet. I forkant har dei fått med seg innspel frå LNU sine organisasjonar og laga eit posisjonsnotat som dei skal fremje.

Mjaaland har blitt nominert til rolla av ungdomsorganisasjonen KFUK-KFUM-speidarane.

– Eg har heile tida hatt eit engasjement for rettferd, gjennom kyrkja og gjennom KFUK-KFUM. Det var rundt då skulestreikane byrja at eg fekk eit spesifikt engasjement for klima, fortel ho.

Mjaaland synest det har vore ganske overveldande å vere på COP. Det er mykje tungt FN-språk, men òg gøy.

– Det er veldig spanande! Dei gongane eg møter flest toppolitikarar i Noreg, er når eg er på klimatoppmøtet.

Viktig rolle

Mjaaland har inntrykk av at det har blitt auka merksemd om klimatoppmøta i åra ho har følgt med, og at arrangementet veks i storleik.

– Det er ganske mange unge på COP, men det er litt variasjon i kor tett ein er med delegasjonen sin og kor vidt ein har moglegheit til å påverke. Det er ein tendens til at autoritære regime tar med seg unge som er samde med dei, for å vise at dei bryr seg om unge, utan å nødvendigvis ha med unge som kan seie ifrå om deira behov og seie imot styresmaktene sine.

Som norsk ungdomsdelegat og som representant for det norske sivilsamfunnet, har ein derimot god tilgang til den norske delegasjonen, og kan kome med konkrete innspel til dei.

Maria Timmann Mjaaland er svært interessert i politikk. At ho får eit enda større innblikk i korleis delegasjonen jobbar, er ein av grunnane til at ho ønskte å vere ungdomsdelegat.

– Eg synest det er ei veldig viktig rolle, og eg er glad for at vi har to ungdomsdelegatar som kan vere ei bru mellom barne- og ungdomsorganisasjonane som reiser dit og forhandlingsdelegasjonen.

– Kva forventingar har du til Noreg på COP i år?

– Eg forventar at dei løftar barn og ungdom sine rettar i alle forhandlingsspora. Og også menneskerettar, det er spesielt viktig i år. Og at vi viser leiarskap når det kjem til klimafinansiering og viser at vi faktisk har lyst til å ta det historiske ansvaret som vi har.

Klimafinansiering

På klimatoppmøtet kjem Mjaaland til å følgje spesielt med på klimafinansiering, som er ei av dei viktigaste sakene i år.

– Då blir eg med inn når alle landa sit og forhandlar, og noterer kva dei ulike landa seier, og så snakkar vi saman i det norske sivilsamfunnet og finn ut kva vi tenker om dette. Er det noko vi er redde for eller er det noko vi synest er spesielt positivt som vi synest Noreg skal løfte?

Tilbakemeldingane tar Mjaaland med attende til forhandlarane frå Noreg.

– Mitt viktigaste bodskap er at barn og ungdom er dei som skal leve i eit nullutsleppssamfunn i 2050, og difor er det veldig viktig at barn og ungdom si stemme blir høyrt, for at vi faktisk skal få eit samfunn vi har lyst til å leve i.

Kjem i sonen

Maria Timmann Mjaaland har med seg Amalie Eikeland Holmefjord (25) på laget i Aserbajdsjan. Holmefjord var òg ungdomsdelegat på COP i Dubai i fjor.

– Eg hadde førebudd meg på at det skulle vere litt overveldande, og det var det jo òg på eit vis, men eg synest eigentleg det gjekk overraskande greitt, seier ho på videosamtale frå Bodø.

Holmefjord har master i planlegging for klimaendringar og er nominert til ungdomsdelegat av Noregs Ungdomslag. Ho har òg vore praktikant for FNs klimakonvensjon.

Eikeland minnest at det på starten av fjorårets klimatoppmøte kjentest litt stort, men at det etter kvart var naturleg å vere der.

– Ein kjem på ein måte inn i sonen når ein er der. Ein stiller hovudet inn på at no er det COP, og dagane blir veldig fort fulle. Ein kjem inn i ein driv.

Ei av dei viktigaste erfaringane ho tar med seg til klimatoppmøtet i år, er å kutte litt ned på kor mykje ho stiller opp på. I tillegg til forhandlingane på COP, er det mange sidearrangement. Som ungdomsdelegat blir ein ofte spurd om å delta på ulike panelsamtalar og liknande, som tar tid og krev ein del førebuing.

Amalie Holmefjord (til høgre) på klimatoppmøtet i Dubai i fjor, her saman med Matilde Angeltveit som òg var ungdomsdelegat då. | Foto: Privat

– Vi ønsker som ungdomsdelegatar å passe på at temaet ungdomsmedverknad får fokus, og vil samstundes gjerne påverke politikken. Då følger vi ulike agendapunkt som blir diskutert under forhandlingane, så det å ha tid til å følgje med, er jo litt viktig.

Ho opplever at sivilsamfunnet har god og tett dialog med dei norske forhandlarane.

– Mitt inntrykk er i alle fall er at dei er interesserte i å snakke med oss og at dei vil ta med våre innspel. Sjølvsagt blir det jo litt diskusjonar rundt visse tema når vi har innspelsmøte med dei, fordi det er tema som er viktige for barn og unge og dei andre som er med frå sivilsamfunnet frå LNU sine medlemsorganisasjonar, seier Holmefjord.

Aserbajdsjan

Klimatoppmøtet er i år i Aserbajdsjan. Amalie Holmefjord peikar på at det både er ein stor oljenasjon, og eit land som blir kritisert for brot på menneskerettar.

– Det er både journalistar og aktivistar, som jobbar med klima og miljø, som blir fengsla i Aserbajdsjan for å ha dei ytringane dei har. Det er ein liten bismak som følgjer med oss når vi er der, seier ho, og legg til at det skal vere relativt trygt for dei å delta på toppmøtet.

Også Maria Mjaaland reflekterer rundt valet om å leggje toppmøtet til Aserbajdsjan.

– Det er fint at ein har alle land med på klimaforhandlingane, for vi treng at alle land bidrar for å nå klimamåla. Så er det veldig viktig at menneskerettar blir oppretthaldne for at vi faktisk skal nå dei klimamåla.

Dagen før Framtida.no møter Mjaaland, har Donald Trump blitt vald til president i USA att, ein statsleiar som tidlegare har trekt USA ut av Parisavtalen.

– Då er det spesielt viktig at andre rike land, som Noreg og andre europeiske land, tar ordentleg ansvar og viser at Parisavtalen ikkje er død, sjølv om Donald Trump truleg kjem til å trekke ut USA, seier Mjaaland.

Sikkerheitstiltak og eksamen

– Korleis førebur du deg no før du reiser?

– Det er mykje e-postar og ulike sikkerheitstiltak, og det er mykje koordinering før vi reiser. Så prøver eg også å lese meg litt opp til eksamen som kjem rett etter klimatoppmøtet, ler Mjaaland.

Amalie Holmefjord er i gang med den mentale førebuinga, og prøver å lese seg opp slik at ho er så oppdatert som mogleg til toppmøtet startar. Ein kan til ein viss grad planlegge dagane under COP, men ho har erfart at ein må ta mykje som det kjem.

– Det er jo hektisk, så det blir litt at ein nesten berre må ta dag for dag.