«Eg saknar statsministeren vår på årets viktigaste klimamøte»
– Når Trump varslar svekking av klimapolitikken, er andre land nøydde til å stå enda tydelegare opp for Parisavtalen. Støre kan ikkje trykke på snooze-knappen lengre, skriv Matilde Angeltveit (25).
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett til nynorsk av redaksjonen.
Denne veka starta årets klimatoppmøte COP29 i Baku. Men verken statsminister Jonas Gahr Støre eller utanriksminister Espen Barth Eide vil delta.
Samstundes er det under to månader til Donald Trump blir USAs nye president. Som første og einaste land, kjem han mest sannsynleg til å trekke landet ut av Parisavtalen.
For å demme opp for skadeverknadane av Trump, må resten av verda, slik dei gjorde sist han blei president, styrke sine forpliktingar til klimaavtalen. Det er lenge sidan klimadiplomatiet har vore like sårbart som no. Likevel vel Støre å trykke på snooze-knappen for årets klima-vekkarklokke, COP29.
Likevel vel Støre å trykke på snooze-knappen for årets klima-vekkarklokke, COP29.
Noreg har pleidd å stille med både statsministeren og andre statsrådar på klimatoppmøta. I fjor deltok både statsminister, utanriksminister, energiminister, klima- og miljøminister og utviklingsminister. Deltakinga er viktig for å vise at Noreg tar våre forpliktingar på alvor, set klimasamarbeidet høgt og legg politisk press på andre land for å styrke sin klimapolitikk.
Årets møte er ikkje eit kva som helst møte. Endeleg skal FNs medlemsland diskutere klimafinansiering; eit tema utviklingsland ofte tar opp, men som dei rike landa helst ikkje vil snakke om. Men i år er nettopp utviklingslands behov for finansiering for å gjennomføre sine klimaforpliktingar, hovudfokus på møtet.
Endeleg skal FNs medlemsland diskutere klimafinansiering
Dei siste åra har vi fått viktige gjennomslag i klimaforhandlingane, som fjorårets semje om omstilling bort frå fossil energi, og opprettinga av det nye fondet for tap og skade. Likevel har forhandlingane lenge bore preg av at ikkje alle land er i same båt. Øystatar står i fare for å forsvinne med havnivåstiginga, og fattige land har eit dårlegare utgangspunkt for å ruste og forsvare seg mot ekstremvêret.
Utviklingsland er frustrerte over at rike land ikkje er villige til å bidra med meir klimafinansiering. Mange land med historisk låge utslepp føler no at vegen deira ut av fattigdom er blitt lengre, og at rike land set «grøne» hinder for deira økonomiske utvikling. Samstundes kan det vere vanskeleg for dei å for eksempel få støtte frå Verdsbanken utan å «forsikre» lånet med å binde seg til forureinande aktivitetar som utvinning av fossil energi.
No krev eit samla globalt sivilsamfunn at det nye klimafinansieringsmålet blir sett til 1000 milliardar dollar årleg
Grøn omstilling utan rettferdig omfordeling, kan fort bli hyklersk grøn (dobbelt)moralisme. Fram mot 2050 vil over halvparten av nye, planlagde investeringar i olje og gass kome frå berre fem rike, vestlege land. Noreg er eitt av dei. I 2022 gav rike land under 116 milliardar dollar i klimafinansiering til utviklingsland, samstundes som fossil energi over heile verda blei subsidiert med 1,481 milliardar dollar. No krev eit samla globalt sivilsamfunn at det nye klimafinansieringsmålet blir sett til 1000 milliardar dollar årleg, i tråd med fleire utrekningar av utviklingslandas reelle behov.
Når Trump varslar svekking av klimapolitikken, er andre land nøydde til å stå enda tydelegare opp for Parisavtalen. Støre kan ikkje trykke på snooze-knappen lengre. Eg saknar statsministeren vår på årets viktigaste klimamøte.
● Les også: Reisebrev frå COP: – Dette skal bli stort