USA-valet, jegerprøven og ein fødsel – ungdomspolitikarane sitt 2024

Birgitte Vågnes Bakken, Åshild Slåen, Andrea Rygg Nøttveit,
Publisert

Kva håp har ungdomspartileiarane for 2025? Framtida.no har latt framtidas politikarar samanfatta året som har gått – på godt og vondt.

Nils Forren, Senterungdommen

I november vart Nils Forren valt til ny leiar i Senterungdommen etter Andrine Hanssen-Seppola. 

Organisasjonen har hatt mange merkedagar i 2024.

– I år blei Senterungdommen 75 år, og det er 30 år sidan folket sa nei til EU! Begge desse merkedagane har vore sjukt stas å markere. Særleg då eg fekk henge saman med sjølvaste nei-dronninga: Anne Enger🤩🤩

Foto: Senterungdommen

Senterungdomsleiar Nils Forren markerte Noregs nei til EU i 1994 saman med nei-dronninga Anne Enger, som då heitte Anne Enger Lahnstein.

Nokre nedturar har det likevel blitt på privaten, i samband med det nye vervet.

– Ser ein bort frå krig og all elende i verda, så måtte eg flytte til Oslo då eg blei leiar av Senterungdommen. Det var ein nedtur for meg personleg.

– Kva håp har du for 2025?

– At vi får fire nye år i regjering og at det blir endå betre for unge å bu på bygda!

Pressefoto

 

Audun Hammer Hovda, Sosialistisk Ungdom

I år tok Audun Hammer Hovda over som leiar av Sosialistisk Ungdom etter Synnøve Kronen Snyen, noko som var eit høgdepunkt:

– Det må ha vore SUs landsmøte i juni, både fordi eg var så heldig og fekk lov til å leie ein organisasjon eg er veldig glad i, men også fordi det var veldig fint og ikkje minst gøy å samle så mange engasjerte ungdommar for å diskutere alt frå store til små utfordringar og nye løysingar.

Foto: SU

 

SU-leiar Audun Hammer Hovda saman med resten av sentralstyret, som vart valt på landsmøtet.

Årets nedtur var på utanriksfronten:

– Valet i USA var ekstremt skuffande, og eg er veldig bekymra for korleis de neste fire åra kjem til å sjå ut når Trump kjem tilbake til Det kvite huset. Det burde vere ein vekkar for dei fleste av oss.

– Kva håp har du for 2025?

– At vi klarer å bruke valkampen til å gi unge trua på at det nyttar å engasjere seg og bruke stemmeretten sin, og at dei får håp om at vi saman skal klare å løyse dei store utfordringane vi står overfor.

Foto: Fuglene/Norsk Filmdistribusjon

 

Omar Svendsen-Yagci, Unge Venstre

Også Omar Svendsen-Yagci tok over leiarvervet i ungdomspartiet sitt i Unge Venstre i år, noko som står som eit høgdepunkt:

– For meg personleg må det vere då eg fekk tilliten av landsmøtet som ny leiar i Unge Venstre.

Årets nedtur deler han med fleire:

– At Trump vann valet i USA.

– Kva håp har du for 2025?

– Blågrøn valsiger og at tidlegare Unge Venstre-leiar Ane Breivik blir valt inn på Stortinget.

Foto: Unge Venstre

Unge Venstre-leiar Omar Svendsen-Yagci hadde eit personleg høgdepunkt då han vart vald på landsmøtet i oktober.

 

Foto: NRK

 

Gaute Skjervø, AUF

Gaute Skjervø tok også over leiarvervet i AUF i år, men høgdepunktet kom likevel på privaten:

– Å bli pappa! Det er ei oppleving som lærer deg ein gong for alle om dei verdiane som ikkje kan kjøpast for pengar. Eg følte meg som verdas rikaste mann då dottera mi blei fødd.

– Kva var årets største nedtur?

– At Trump vann igjen var jævlig nedtur, rett og slett.

Foto: AUF

Ei av årets store opplevingar for AUF-leiar Gaute Skjervø var då han besøkte Johan Sverdrup-plattforma.

I 2025 håpar han verda får sjå litt rettferd, og at dei som skaper krig blir haldne ansvarlege.

– Eg håpar også at dei som lever dei tyngste liva får hjelp, anten dei slit med fattigdom, rus eller si psykiske helse.

Foto: HBO Nordic

 

Hadle Rasmus Bjuland, KrFU

KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland går inn i sitt fjerde år som leiar for ungdomspartiet til KrF.

Han trekk fram medlemsutviklinga i organisasjonen som årets høgdepunkt:

– Dei siste åra har KrFU hatt ein jamn medlemsvekst, men i år ligg veksten an til å fortsette med veldig god margin. Det er veldig gøy!

Foto: KrFU

 

For Hadle Rasmus Bjuland (nr. to frå venstre) var fellestur til New York og Washington DC med dei borgarlege ungdomspartia i samband med det amerikanske presidentvalet eit høgdepunkt.

Nedturane er krigane som har prega 2024:

– At Russland fortset krigføringa i vårt naboland Ukraina og at vi ikkje er nærare ei løysning på den brutale Midtausten-konflikten.

– Kva håp har du for 2025?

– Eg håpar verkeleg på eit regjeringsskifte, med ei ny borgarleg regjering!

Foto: NRK

 

Lars Mikael Barstad Løvold, 1. nestleiar FpU

Meiningsmålingane for Frp er årets høgdepunkt for FpU-nestleiar Lars Mikael Barstad Løvold. Det siste året har partiet fått større oppslutning, og i desember har dei dratt frå både Høgre og Arbeidarpartiet som det mest populære partiet.

– Det lovar godt for Noregs framtid, skriv Løvold i ein e-post til Framtida.

Kongehuset har ikkje hatt det like kult i år.

Foto: FpU

– Som ein stor tilhengjar av monarkiet må eg seie at dei tallause skandalane rundt kongefamilien har vore den største nedturen. Det er både trist og skuffande.

– Kva håp har du for 2025?

– At målingane held fram mot valet så Frp kan bli landets største parti. Berre då kan vi få ei ny retning for Noreg.

Argentina's President Javier Milei sette sine spor på 2024, og er den Lars Mikael Barstad Løvold meiner er årets person. | Foto: Roberto Monaldo/LaPresse via AP

 

Tobias Stokkeland

For Grøn Ungdom-leiar Tobias Stokkeland er det ikkje vanskeleg å peike ut høgdepunktet når Framtida spør på e-post:

– Hehe, ganske lite, men å sjå Marine Le Pen sitt ytre høgre-parti bli knust i det franske valet var flott!

Elles deler han nedtur med ganske mange andre:

– Valet av Trump, enkelt og greitt.

Foto: Grøn Ungdom

– Kva håp har du for 2025?

– At 2025 kan bli eit vendepunkt mot demokratiske og grøne verdiar.

Tobias Stokkeland koste seg då han plutseleg fekk lov til å jappe om fotball i nesten ein time på Oddspodden under Arendalsuka. Foto: Privat

Tobias Stokkeland meiner franske Gisèle Pelicoter årets person. | Foto: AP Photo/Lewis Joly

 

Oda Røhme Sivertsen, 1. nestleiar i Unge Høgre

Nestleiar i Unge Høgre, Oda Røhme Sivertsen, trekker fram menneskemøta i 2024 som eit personleg høgdepunkt.

– Alle stadene eg har besøkt og folka eg har snakka med om kva slags politikk vi treng i Noreg, sånn som besøket på Johan Sverdrup-feltet.

 

Foto: Unge Høgre

Oda Røhme Sivertsen (t.v.) synest det var interessant å vitja Johan Sverdrup-feltet.

Årets største nedtur er ganske dramatisk.

– At Noreg, Europa og resten av verda fortset med å bli mindre trygt og utviklar seg i feil retning.

– Kva håp har du for 2025?

– Ikkje alltid snille, men også strenge og smarte politikarar. Og borgarleg regjering og eit storting fullt av Unge Høgre-folk, så klart.

Foto: Nrk