Barnas klima- og miljørapport:

Leiar i Barnas klimapanel tek eit oppgjer med mobbing

Jakob Sande Haugset (14) har vore vitne til at barn mobbar barn for klimaengasjement, men synest det verste er når vaksne gjer det.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 04.11.2024 10:11

– Eg veit om ei som sat på ein klimademonstrasjon utanfor eit rådhus, og så kjem det ein politikar bort til ho frå Frp og klappar ho på hovudet og seier; «Så bra de engasjerer dykk!». Og det er det rapporten vår handlar om. Han heiter «Så bra du engasjerer deg! – Hvor lenge skal vi barna gidde?».

Det seier Jakob Sande Haugset (14). Saman med resten av Barnas klimapanel, som han er leiar for, har han nettopp presentert Barnas klima- og miljørapport på Klimahuset i Oslo.

 

Barnas klimapanel

  • Vart stifta i 2015
  • Består av åtte barn som kvart år blir valde av medlemmane til Miljøagentane
  • Jobbar for at politikarar skal lytte til barn og unge i klima- og miljøsaker

Kjelde: Barnas klima- og miljørapport

Søkkande engasjement

– Nokre av hovudfunna i årets rapport er at engasjementet dessverre er litt søkkande, og at det er færre som føler at dei bryr seg så mykje om klima- og miljøsaka enn tidlegare, seier nestleiar Maria Tøsse Pihlstrøm (14).

I 2023 var det 73 prosent av dei spurde som meinte at det er viktig å stoppe klimaendringane. I år har det søkke til 67 prosent.

På spørsmål om kva dei føler når dei høyrer om klima- og miljøproblem, svarar 15 prosent i 2024 at dei ikkje bryr seg. I 2023 svarte 10 prosent det same.

Politikarane må ta grep

– Eg trur at det handlar litt om politikarane og korleis dei oppfører seg. Dette burde vere ein ordentleg bodskap til dei om at no må dei faktisk ta grep. For når politikarane gong på gong ikkje gjer det dei seier dei skal gjere, så mistar òg barn motet. Det gir jo meining, seier Maria.

Ifølgje rapporten, er det berre 12 prosent av barna som opplever at politikarane gjer nok for å løyse klima- og miljøproblema. Berre 9 prosent av barn og unge opplever at dei kan påverke politikarane i klima- og miljøsaker.

Barnas klima- og miljørapport

  • Rapporten er basert på ei undersøking gjort av Opinion for Miljøagentane, og innspel samla inn frå barn og unge i heile landet.
  • 547 barn og unge i alderen 8–16 år blei spurt om forholdet dei har til klima- og miljøutfordringar
  • Innspela til rapporten har kome som tekst og teikningar frå barn i Noreg
  • Miljøagentane har fått til innspel frå til saman 18 000 barn og unge
  • Rapporten er skriven av Barnas klimapanel 2024 og er redigert og sett saman av vaksne frå Miljøagentane sitt hovudkvarter

 

Flammen har ikkje brunne ut

Maria legg til at barn og unge framleis er like redde for klima og miljø.

– Så det handlar meir om at det kan følast litt håplaust når politikarane ikkje bryr seg og tar saka på alvor.

Også Jakob blir påverka av det.

– Men eg veit at flammen i barn og unge ikkje har brunne ut, og han skal aldri brenne ut. Det er noko av det vi i Barnas klimapanel jobbar hardast med. Eg trur mange barn og unge er engasjerte, men dei tør ikkje å seie det.

Ikkje kult

Noko av det rapporten syner, er at det kan opplevast mindre kult å vere klimaengasjert no.

I 2023 svarte 50 prosent av barn og unge at dei trur andre barn synest det er kult å bry seg om klima og miljø. I 2024 har talet falle til 38 prosent.

Då dei la fram rapporten, trekte Barnas klimapanel fram at Unge Høgre-leiar Ola Svenneby erklærte generasjon Greta Thunberg død etter fjorårets skuleval. Dei to miljøagentane trur at slike utsegner kan bidra til at det er mindre kult å vere engasjert i klimasaka.

Jakob Sande Haugset etterlyser ei haldningsendring. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken

– I 2019 og før førre val, var det trendy å bry seg om klima og miljø. No har trenden kanskje gått litt over, men det er framleis mange som bryr seg om klima. Det å erklære generasjon Greta Thunberg død, er heilt feil når det framleis er såpass mange som bryr seg om det, seier Maria.

Hets frå vaksne

Jakob meiner somme parti må ta eit oppgjer med politikarane sine.

– Som leiar i Barnas klimapanel får eg lov til å vere ute og snakke med masse folk, og eg har høyrt folk bli mobba av andre barn for klimaengasjementet sitt. Men verre er når folk blir mobba av vaksne politikarar. Dei burde jo vite kva det er dei held på med.

Han har sjølv blitt kalla hjernevaska og hjerneskada av vaksne. 14-åringen har fått kommentarar både i kommentarfelt i sosiale medium og ansikt til ansikt.

Jakob trur det er utfordrande å vere ung klimaengasjert i dag og at mange ikkje har det så bra i klimaengasjementet sitt.

– Det er sånn med oss menneske at vi tar meir til oss det negative enn vi tar til oss det positive.

For Maria er det å møte andre som er engasjerte og delta på slike arrangement som lanseringa av klimarapporten, noko som gjer ho motivert.

– Å kunne vere ein del av det fellesskapet, ein del av ein organisasjon, og skjøne at det er andre som bryr seg, sjølv om det ikkje alltid kan følast sånn når ein sit heime – det er veldig inspirerande for meg.

Klima- og miljødepartementet: – Gjer for lite

Framtida.no har bede klima- og miljøminister Tore O. Sandvik (Ap) om ein kommentar til Barnas klima- og miljørapport. Departementet opplyser at han er i Colombia på FNs naturtoppmøte, men statssekretær Sigrun Gjerløw Aasland (Ap) svarar på spørsmåla vi har sendt.

– Stemmene til barn og unge har vore kjempeviktig for å bidra til å setje fokus på klimakrisa, og det betyr mykje om fleire kastar mindre mat, arvar eller kjøper brukte kle, syklar og tek buss. Vi treng alle med i den store jobben det er å bruke mindre ressursar, og det er bra å sjå at fire av ti seier dei ønskjer å bidra, skriv Aasland i ein e-post.

Ho har lese rapporten til Barnas klimapanel, og synest dei kjem med mange gode forslag.

– Både til ting vi alle kan gjere, til ting politikarar kan gjere, og også tydeleg beskjed til oss om å ikkje snakke så komplisert om klima. Det er eg heilt einig i, skriv ho.

Statssekretæren synest det er bra at barna meiner politikarane skal gjere meir, og dumt at så mange trur det ikkje nyttar.

– Dei har heilt rett i at styresmaktene har gjort – og framleis gjer for lite for å bremse klimaendringane. Men vi gjer stadig meir, og i 2024 har vi ein mykje betre klimapolitikk enn det vi hadde i 2014. Dette har ført til at vi i fjor klarte å kutte like mykje i utslepp på eitt år, som vi klarte for heile perioden frå 1991–2022.

Aasland lovar at dei skal jobbe for ein endå betre klimapolitikk i åra framover.

– Då er det utruleg viktig at vi har barna med på laget og lyttar til dei. Og til dei som lurar på om deira innsats betyr noko: Ja, det gjer han!