Sosiale medium er elska og hata. Tek-gigantane som eig appane sel dine personlege data utan skruplar og prøver så godt dei kan å gjere deg avhengig. Finst det nokon veg utanom?

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Eit nettverk av sosiale medium som kan kommunisere med kvarandre, som ikkje har noko reklame eller nokon stormannsgal milliardær-eigar, som ikkje sel informasjon om deg til annonsørar, og som er drive og eigd av frivillige. Høyrest det for godt ut til å vere sant?

Vel, kanskje, kanskje ikkje. Velkommen til «fødiverset».

Hæ?

«Fødiverset», eller «the fediverse» – sett saman av orda federation og universe – er nettopp dette: eit nettverk av sosiale medium som kven som helst kan opprette og drive, som kommuniserer i lag. På norsk vert det også kalla allheimen.

Den mest kjende plattforma i fødiverset er Mastodon, ei teneste som liknar på Twitter. Mastodon fekk ein boost i popularitet etter at Elon Musk kjøpte opp fugleappen og gjorde store endringar i korleis han vert drive, og mange brukarar flykta frå det som no heiter X.

Mastodon er ein leverandør i Fødiverset som liknar Twitter. Innanfor Mastodon kan ein opprette ulike lokale nettverk. Skjermbiletet er teke frå tidslina til den norske serveren “snabelen”. Her deler folk alt frå politiske meiningar til hot takes om A-menneske-tyranniet. Foto: Skjermdump

Det finst også andre leverandørar i fødiverset, til dømes Pixelfed, som er ei teneste for å dele bilete, akkurat som Instagram, og PeerTube, som er ei videoteneste som liknar YouTube.

Kvifor?

Eit viktig argument for at folk brukar fødiverset er nettopp at det er drive og finansiert av frivillige, og at ein dermed unngår at rike og mektige aktørar skal kunne sette rammene for den offentlege samtalen. Dette tiltrekker seg både anarkistar, liberalistar, anti-kapitalistar og teknologi-optimistar.

Dei ulike plattformene i fødiverset kan som nemnd kommunisere med kvarandre. Tenk på det som om du kunne bruke Instagram-kontoen din til å følge venene dine på TikTok, og sende meldingar og videoar til dei på WhatsApp, utan å måtte ha eigne kontoar til kvar app. På same måte som du kan sende ein e-post frå den gamle hotmail-kontoen din til venen din sin gmail-konto.

Pixelfed er eit alternativ til Instagram. Foto: Skjermdump

Deltek i samtalen

– Eg såg ein Youtube-video om fødiverset for lenge sidan. Etter å ha brukt det litt, fann eg ut at det var veldig fint, seier Laura Kursula (17) på telefon til Framtida.no.

Ho trekker fram tre fordelar med fødiverset:

• Det er lettare å bygge fellesskap enn i andre sosiale medium.

• Du har ikkje ein nyhendestraum som er generert av algoritmar, men får opp innlegg frå brukarar du sjølv vel å følge.

• Det er venta at ein sjølv deltek i samtalen.

– Det eg synest er så fint, er at ein ikkje berre legg ut sine eigne ting og får nokre likes og kommentarar. Du snakkar heile tida med dei andre som følger deg. Det vert verkeleg ein samtale, seier Kursula.

Samhald og samarbeid

27 år gamle Christoffer Talleraas er grunnleggar og administrator av snabelen.no, den største og eldste norske serveren på Mastodon. Han understreker at det er mange tankar som ligg bak desentraliserte nettverk:

– For det første kan ein unngå statleg styring. Når eit nettverk er desentralisert, vil staten ha vanskar med å legge heile nettverket ned. Det kan vere ein fordel i møte med autoritære krefter som Kina og Russland. Kina har lenge prøvd å gjere noko med Mastodon, men utan suksess, fortel Talleraas.

Christoffer Talleraas er grunnleggar og administrator av snabelen.no. | Foto: Privat

– På ei anna side har du dei som vil at sosiale medium skal dreie seg om samhald og samarbeid, der ein anten donerer pengar eller driv frivillig arbeid for å halde i gang eit sunnare nettverk, seier han.

Ein tredje faktor er eit konkurranseomsyn som unngår at store aktørar som Facebook får for mykje makt i samfunnet. Tallerraas trekker fram det sentrale omgrepet digital nøytralitet. Det inneber til dømes at du ikkje vert «fanga» av teknologi som du ikkje er komfortabel med å bruke.

Kven finn eg der?

Det er tidlege dagar i fødiverset, og enn så lenge er det i stor grad eldsjeler og teknologi-interesserte som er aktive der. Mastodon rapporterte i oktober om 1,8 millionar månadlege brukarar. Til samanlikning har X over 500 millionar månadlege brukarar, og Threads (X-konkurrenten til Meta) har passert 130 millionar.

Laura Kursula følger éin person som ho kjenner i verkelegheita, elles har ho vorte med i eit nettbasert fellesskap av folk som har møttest i fødiverset.

Ho synest den lettaste måten å gå fram på, er å finne ei liste over ulike tenarar, for så å velje ein som verkar interessant. Då får du ein lokal nyhendestraum med alle brukarane på den tenaren, og du kan byrje å leite etter interessante folk å følge eller interagere med.

– Etter kvart får du deg ein liten venegjeng. Det handlar ikkje om å verte «berømt» internettkjendis, men å få ein liten gjeng med følgarar som legg ut ting som er morosamme og interessante, seier ho.

Kursula legg vekt på at det løner seg å vere open og skille seg ut, framfor å vere «kjedeleg». Ho meiner også det er lurt å unngå dei største tenarane med flest folk, men heller prøve å finne ein som er meir «lokal».

Ville bygge eit norskt miljø

Christoffer Talleraas fortel at han har vore med i miljøet kring desentraliserte sosiale medium frå starten av, og han er aktiv og engasjert innanfor digital politikk.

– Eg såg at dette er eit politisk tankesett som er relevant overalt. For min del var det viktig å bygge eit norskt miljø med norsk innhald, og å hjelpe norske brukarar med å få tilgang og kjennskap til miljøet, seier han.

Eit anna trekk med fødiverset, er at dei ulike leverandørane og serverane gjerne er delte inn i mindre lokalsamfunn etter tema. Vil du diskutere klimapolitikk finst det ein eigen server for det. Er du ute etter skeivt innhald, finn du fort ditt eige miljø. Likar du å lese bøker, finst det ein eigen bok-leverandør som liknar på Amazon-eigde Goodreads.

Bookwyrm er eit sosialt medium for bøker, som liknar på Goodreads. Enn så lenge er det avgrensa kva som er lagt inn av norsk litteratur, så ein må gjerne legge inn bøker manuelt. Denne av Jon Fosse låg derimot inne frå før.

 

– Er fødiverset for alle, eller berre for spesielt interesserte?

– Det er ikkje for bestemor og bestefar, men det har mest å gjere med kven som er der. Nett no er det mest for dei som har eit ekstra engasjement eller føler seg meir komfortabel der enn på andre plattformer. Og så er det sjølvsagt dei som føler at det er ein meir påliteleg stad å vere fordi innhaldet ein ser ikkje er styrt av algoritmane på same måte, seier han.

Meta-plattforma Threads har kunngjort at dei har planar om å kople seg på fødiverset. Då vil det nok bli ein boost av innhald og brukarar.

– Tilstanden no er at vi framleis ventar på ganske mange ting. Det er eit flott nettverk, men om du ikkje allereie er superengasjert, kan det hende du må vente på noko av det som er på veg, seier han.

– Men om du er interessert i teknologi, vil ha ei kronologisk tidsline framfor algoritmestyring, og vil ha sosiale medium som er betre modererte, vil du truleg bli verande. Dei som gjer det, likar seg og får seg eit nettverk, seier han.

 

PeerTube er ein videodelingsteneste som liknar Youtube. Enn så lenge er det avgrensa med innhald også der. Foto: Skjermdump

Uansett: – Sosiale medier bør regulerast

Det Talleraas nemner om algoritmestyrt innhald, kan vere eit viktig argument for mange. Eit av dei største klagepunkta mot sosiale medium, er nettopp det at algoritmane som styrer kva du får opp på skjermen, er lagde for å gjere at du brukar mest mogleg tid på å skrolle og sjå på innhald. Jo meir avhengig du blir, jo meir du scrollar, får TikTok og Instagram vist deg fleire annonsar, som gjer at dei tener meir pengar.

Algoritmane løner også innhald som får mange reaksjonar. Det vert ein fordel å vere kontroversiell. Andrew Tate vert verdsstjerne.

I fødiverset er det korkje annonsørar eller algoritmestyrte nyhendestraumar.

Talleraas meiner det er bra å legge til rette for fleire måtar å bruke sosiale medium på.

– Det er fint at ikkje alt er kommersielt, at ei teneste er basert på frivillig arbeid, og at ein skapar fine miljø som kanskje kjennest meir positive og skapar meir eigarskap, fordi ein kan kontrollere dei sjølve, seier han.

Men sjølv om det finst alternativ til dei største media, meiner han at landa i verda uansett bør ta større kontroll om korleis sosiale medium fungerer og vert brukte. Til dømes når det gjeld personvern.

– EU er best i verda når det gjeld å kontrollere bruken av plattformer. Vi såg nyleg då EU stilte Facebook for retten, at det kom store endringar. No har alle brukarane til Facebook moglegheit til å betale for å unngå åtferdsmarknadsføring. Det viser at den typen organisering kan ha makt til å pushe dei store plattformene, seier han.


Les også: Skrivekonkurranse-vinnar Laura (17): – Idéen bak sosiale medium er god

Laura Kursula vann skrivekonkurransen til Framtida.no, Magasinett og Nynorsksenteret.