Meiner den nye fråværsgrensa gjer det lettare å skulke

Høgre og Elevorganisasjonen går ut mot Utdanningsdirektoratet sitt forslag til ny fråværsgrense.

Åshild Slåen
Publisert

Saka vart fyrst omtalt i VG.

– Dagens fråværsgrense stryk dei elevane som har det vanskelegast på skulen. Men dei føreslåtte fråværsreglane vil jo stryke alle elevar. Så då vil vi heller ha Høgres grense, enn den nye.

Det seier den nyvalde leiaren i Elevorganisasjonen, Madelen Kloster, til avisa.

Ho har slått seg saman med tidlegare kunnskapsminister Jan Tore Sanner frå Høgre for å kritisere det som kan bli dei nye fråværsreglane for vidaregåande skule.

Det nye forslaget

I mai 2023 slo Arbeidarpartiet fast på landsmøtet at dei vil fjerne fråværsgrensa i vidaregåande, slik ho vart innført av Solberg-regjeringa i 2016. I oktober la Utdanningsdirektoratet fram forslag til korleis fråværsgrensa bør innførast. Det er no på høyring.

Der blir fråværsgrensa auka frå 10 til 15 prosent, før ein mister karakter i eit fag. Ein skal heller ikkje kunne slette opptil ti dagar om ein har dokumentasjon på sjukdom, politisk arbeid eller liknande, slik ein kan i dag.

Udir føreslår:

  • å fjerne krav om legeerklæring ved fråvær som kjem av helsegrunnar, og innføre ei eigenmeldingsordning for alt fråvær.
  • at alt fråvær skal gjelde. I dagens ordning kan inntil ti dagar bli sletta frå vitnemålet.
  • grensa for når ein elev kan miste karakter i faget blir føreslått auka frå 10 til 15 prosent.
  • at fråvær ikkje skal førast på vitnemål eller kompetansebevis verken i grunnskulen eller i vidaregåande opplæring.
  • å opprette eit nasjonalt register som skal gjere det enklare for styresmakter å vurdere effekten av nye tiltak.

 

Ikkje heilt einige

Jan Tore Sanner meiner spesielt at det blir feil å ikkje skilje sjukdom og skulk når ein tel fråvær, sidan legeerklæringa kan bli fjerna.

– Så kan vi heller sjå om helsesjukepleiarar eller skulehelsetenesta kan vere med i arbeidet, men eit forslag som bygger på eigenerklæring gjer det lettare å skulke, og det ynskjer vi ikkje, seier han til VG.

Kloster er einig i at ein bør skilje mellom fråvær, og at den nye ordninga kan gjere det enklare å skulke, og vanskelegare å vere sjuk. Likevel er Elevorganisasjonen positiv til eigenmelding, og meiner framleis at ei fråværsgrensa ikkje hjelper dei elevane som slit med å gjennomføre skulen.

Treng du ei oppfrisking på den føreslåtte fråværsgrensa?