LNU kritisk til fråværsforslag: – Stikk kjeppar i hjula for at unge skal kunne engasjere seg

Utdanningsdirektoratet meiner fråvær er fråvær. Det fryktar LNU vil gå ut over demokratiopplæringa.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Utdanningsdirektoratet verkar å ha gløymt verdien av barne- og ungdomsengasjement, uttalar Margrete Bjørge Katanasho i Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) i ei pressemelding.

– Viktig for demokratiet vårt

Organisasjonen er uroa over Utdanningsdirektoratet (Udir) sine tilrådingar til nye fråværsreglar. LNU meiner forslaget fullstendig ignorerer den grunnleggjande demokratiopplæringa som skjer når barn og unge engasjerer seg.

Direktoratet tilrår å auke grensa frå 10 til 15 prosent fråvær for å ikkje få karakter i faget, og at alt fråvær skal telje likt.

Barne- og ungdomsorganisasjonane blir styrt av unge, og møte og samlingar skjer ofte i skuletida. Katanasho trekker fram skulevala, som Utdanningsdirektoratet oppmodar ungdomspartia til å delta i, blant aktivitetane som vil vere vanskelege å gjennomføre utan at elevane har moglegheit til å få fråværet sitt registrert som gyldig.

– At barn og unge organiserer seg er enormt viktig for demokratiet vårt. Barne- og ungdomsorganisasjonane sikrar at unge får meiningane sine høyrt. Når Utdanningsdirektoratet føreslår å fjerne ordninga med politisk og organisatorisk fråvær, stikk dei kjeppar i hjula for at unge skal kunne engasjere seg.

Elevorganisasjonen reagerer

Førre veke reagerte òg leiar i Elevorganisasjonen Petter Andreas Lona på Utdanningsdirektoratet sine tilrådingar til nye fråværsreglar. Lona fryktar «enorme mengder» elevar vil stå i fare for å ikkje få karakter.

– Her føreslår ein at alt fråvær skal telje uansett grunn opp mot 15-prosentgrensa. Det vil seie at om du skal i gravferd eller på idrettsarrangement eller har køyreopplæring, så tel det uansett. Så alle som når 15 prosent, uansett årsak, kjem til å stå i fare for å stryke, sa han til Framtida.no.

Fråvær er fråvær

Framtida.no har spurt Utdanningsdirektoratet om det stemmer at alt fråvær vil telje i 15-prosentgrensa, uavhengig om det er gyldig fråvær. Direktoratet svarar at å vere på skulen er viktig for at elevane skal lære, og for at skulen kan skape eit godt skulemiljø der elevane blir følgde opp både fagleg og sosialt.

– For å fullføre og bestå vidaregåande skule må eleven ha følgd opplæringa i faget, understrekar avdelingsdirektør Cathrine Børnes i Udir i ein e-post til Framtida.no.

Dei har lagt fram to alternative forslag til ny fråværsgrense i vidaregåande skule. Det forslaget elevorganisasjonsleiaren reagerer på, er direktoratets hovudforslag (alternativ 1).

– Udir føreslår her at vi ikkje lenger skal skilje mellom ulike typar fråvær. Vi meiner fråvær er fråvær uavhengig av årsak, og at fråvær krev oppfølging frå skulen.

Opnar for unntak

Udir skriv at elevar som har meir enn 15 prosent fråvær i eit fag ut frå timetalet i faget, i utgangspunktet ikkje kan få vurdering med karakter i faget.

I forslaget opnar dei likevel for følgjande unntak frå fråværsgrensa:

«Rektor kan avgjere at ein elev som har meir enn 15 prosent fråvær i eit fag ved avslutninga av opplæringsperioden, likevel skal få karakter dersom årsaka til fråværet gjer det urimeleg [at eleven ikkje skal få karakter/at fråværsgrensa skal gjelde]. Rektor skal mellom anna leggje vekt på om det er levert eigenmelding, og kva som er årsaka til fråværet. Det skal vege tungt om eleven har hatt fråvær på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom og har lagt fram legeerklæring som dokumenterer dette.»

Dei viser til at dagens reglar opnar for at elevar kan ha mykje fråvær så lenge det kan dokumenterast som blant anna helse- og velferdsgrunnar, arbeid som tillitsvald og politisk arbeid.

Bør telje like mykje

Dei trekker fram at ein elev som er aktiv i lokalpolitikk samstundes som han driv med idrett på toppnivå, i dag i praksis kan ha svært mykje fråvær frå opplæringa utan at det tel med i fråværsgrensa. Eleven kan i tillegg ha inntil 10 prosent udokumentert fråvær i kvart fag. Fråværet blir då berre avgrensa av at faglærar må ha grunnlag for å vurdere eleven med karakter i det enkelte faget, skriv dei.

Vidare peikar direktoratet på at ein elev som kan dokumentere med legeerklæring at han har vore sjuk og borte frå opplæringa éin dag, har mista like mykje opplæring som ein elev som har vore borte av udokumenterte årsaker éin dag.

– Vi meiner i lys av dette det er gode grunnar for å la begge tilfella telje like mykje opp mot ei fråværsgrense.

Forslaga skal no på offentleg høyring.

– Djupt uheldig

At rektor ifølgje Udir sitt forslag kan vise skjønn, meiner LNU-styreleiaren ikkje er nok.

– Vi veit allereie at ulike skular praktiserer dette regelverket ulikt. Eg meiner det er djupt uheldig om elevars moglegheit til å engasjere seg, avheng av at dei har ein rektor som støttar det dei driv med, uttalar Margrete Bjørge Katanasho.

Ho ber kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) stoppe forslaget. 

Margrete Bjørge Katanasho er leiar i LNU. | Foto: Sverre Øygarden Eikill