Den nye elevorganisasjonsleiaren meiner skulen må bli tilpassa kvar enkelt elev og trur Nato-sjef Jens Stoltenberg har mange gode historier på lager.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg vil vere ein leiar som får fram det beste i menneska rundt meg, samstundes som eg vil vere trygg og tydeleg. Leiarførebileta mine er tidlegare leiarar av Elevorganisasjonen.

Madelen Kloster (19) blei nyleg vald til leiar av Elevorganisasjonen under årets Elevting.

Der gjekk organisasjonen òg inn for ein politikk om at skulen må bli tilpassa kvar enkelt elev.

Madelen Kloster

Alder: 19 år

Frå: Bergen

Personleg pronomen: ho/henne

Yrke/utdanning: Fullført vidaregåande, studiespesialiserande på Arna vgs.

Favorittfag på skulen: Samfunnsfag

Ulike verv: Dei siste åra har eg vore tillitsvald i Elevorganisasjonen, både som fylkesstyremedlem og fylkesleiar i fylkesstyret i Vestland. Og no i år som nestleiar i sentralstyret.

Medlem i: Elevorganisasjonen

 

– Dette gjeld både dei som treng meir og dei som treng mindre tilrettelegging, uavhengig om ein har ein diagnose eller ikkje. For å få det til må laget rundt eleven byggast sterkare, elevmedverknad må styrkast, spesielt i klasserommet og ikkje minst må vi få vekk fråværsgrensa, då ho gjer det umogleg for skulen å vere tilpassa alle elevar, skriv 19-åringen i ein e-post til Framtida.no.

Kamp mot fråværsgrensa

At fråværsgrensa blir fjerna, er draumeoverskrifta til den påtroppande elevleiaren. I fjor haust presenterte Utdanningsdirektoratet (Udir) tilrådingane sine til tiltak for ulike typar fråvær til regjeringa. Desse inneber mellom anna å auke grensa frå 10 til 15 prosent fråvær for å ikkje få karakter i faget, og at alt fråvær skal telje likt.

– Vi er redde, kan ein seie. Her føreslår ein at alt fråvær skal telje uansett grunn opp mot 15-prosentgrensa. Det vil seie at om du skal i gravferd eller på idrettsarrangement eller har køyreopplæring, så tel det uansett. Så alle som når 15 prosent, uansett årsak, kjem til å stå i fare for å stryke, sa dåverande Elevorganisasjons-leiar Petter Andreas Lona til Framtida.no då.

Madelen Kloster vil kjempe vidare mot Utdanningsdirektoratet sine føreslåtte nye fråværsreglar.

Starta med eit fortau

Kloster har vore engasjert sidan ho var ganske liten.

– Det starta nok då nokon i klassa mi og eg på barneskulen jobba for å få eit fortau til skulen, slik at alle skulle ha moglegheit til å kunne gå trygt til skulen, uavhengig av funksjonsevne. Vegen derfrå og inn i Elevorganisasjonen var elles litt tilfeldig. Eg blei beden om å representere elevrådet på ei Elevforsamling i Vestland, og så har eg vore engasjert i elevdemokratiet sidan.

– Kva er dine hjartesaker?

– At elevar skal bli møtt med tillit, omsorg og respekt, slik at alle elevar blir sett og høyrde når dei er på skulen.

Ho meiner idealsamfunnet er eit samfunn der alle elevar får god og tilpassa opplæring, slik at dei fullfører skulegangen. Det er ifølgje Kloster grunnlaget for eit samfunn der alle har like moglegheiter til å lykkast.

– For å nå dette, må dei som er på skulen faktisk ha moglegheit til å vere med å utvikle ein skulekvardag tilpassa seg og sine medelevar.

Her er Madelen Kloster (19) under Elevtinget 2024. Ho har engasjert seg for elevar sine rettar og kvardag heilt sidan barneskulen. | Foto: privat

Pasta med Jens

Om den nye leiaren av Elevorganisasjonen kunne ete middag med kven som helst, hadde valet falle på tidlegare Arbeidarparti-statsminister og noverande Nato-sjef Jens Stoltenberg.

– Fordi han har opplevd mykje og sit på mykje kunnskap, og hadde nok hatt mange spanande historier å fortelje. Eg ville servert han pasta med fløytesaus, fordi det er den einaste retten eg veit at eg lagar superbra.

I organisasjonsbobla blir det lite til tid å få seg hobbyar, men Kloster likar å vere med vennane sine på fritida.

– Og ein ny hobby eg har fått det siste året som eg likar godt, er å dra på spinningtimar.

– Kva er den største tidstjuven i kvardagen din?

– Slik som for mange andre, mobilen min! Eg brukar altfor mykje tid på han.

– Korleis held du deg oppdatert?

– Eg prøver å skrolle meg gjennom dei fleste nettaviser før eg kjem på jobb om morgonen, samstundes som eg snakkar om politikk med familie og vennar.


Tre Tips

Omslag: Gyldendal

– Kva for ei bok burde alle lese?

Den edle kunsten å gi faen. Boka er ei sjølvhjelpsbok som er utanom det vanlege, og alle som stressar med å alltid skulle vere perfekt anbefaler eg å lese boka.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Young Royals, det har kome ein ny sesong no.

Edvin Ryding som Wilhelm og Omar Rudberg som Simon i tredje sesong av Netflix-dramaet Young Royals.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– Händerna mot himlen av Petra Marklund.