Norsk klimadom venta i januar: – Sikre på siger

Klimasøksmålet der Natur og Ungdom og Greenpeace saksøker staten for godkjenning av tre nye oljefelt, er ferdig i retten.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Denne saka er ein del av det prosjektet «Ein menneskerett – FNs verdserklæring om menneskerettane 75 år». Prosjektet er gjennomført i samband med Framtida Junior med støtte frå Fritt Ord.

– Høgsterettsdommen frå 2020 var krystallklar, og det er ekstremt alvorleg at den norske staten ikkje har følgt opp dommen. Derfor har vi ikkje noko anna val enn å gå rettens veg nok ein gong.

Det uttalar Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom, i ei pressemelding. Saman med Greenpeace har ungdomsorganisasjonen gått til sak mot staten for godkjenninga av tre nye oljefelt.

– Vi føler oss sikre på siger, og ventar i spenning på dommen frå Oslo tingrett, uttalar Gylver på siste dag i retten i det som blir kalla det nye klimasøksmålet.

Dommen er venta å kome i januar 2024.

Tapte i Høgsterett

Det nye klimasøksmålet er det andre klimasøksmålet som har vore i Noreg. Organisasjonane tok den norske staten til retten fordi dei meiner oljepolitikken strir mot menneskerettane. Dei tapte på hovudpunkta i Høgsterett i 2020, men det var òg nokre mindre sigrar i dommen, som no blir følgde opp i det nye klimasøksmålet, forklarar Rasmus Berg i Natur og Ungdom.

Søksmålet tar blant anna opp Noregs forplikting til å greie ut forbrenningsutsleppa frå norsk olje.

– Ein må vite konsekvensane av norsk olje før ein kan tillate at den blir pumpa opp. Det slo dommen fast, og så har ikkje staten følgt opp dette, seier han til Framtida.no. 

Miljøorganisasjonane meiner Olje- og energidepartementet braut konsekvensutgreiingsplikta då dei godkjende planar for utbygging og drift for dei nye felta Yggdrasil, Breidablikk og Tyrving i Nordsjøen.

Det meiner godkjenning av felta går i mot både Grunnlova, EØS-rett, Den europeiske menneskerettskonvensjonen, FNs barnekonvensjon og høgsterettsdommen.

Menneskerettar

Organisasjonane har òg klaga dommen frå 2020 inn til Den europeiske menneskerettsdomstolen. Dei meiner retten ikkje tok nok omsyn til konsekvensane klimaendringane har for barn og unge.

Michelle Bachelet, som var FNs høgkommissær for menneskerettar, seier at klima er den største trusselen mot menneskerettar internasjonalt nokosinne, seier Rasmus Berg.

Michelle Bachelet var FNs sin høgkommissær for menneskerettar mellom 2018 og 2022. Foto: UN Photo/Jean Marc Ferré

Dei siste åra har det vore fleire rettssaker der organisasjonar og klimaaktivistar saksøker statar og selskap for å bryte menneskerettane deira, og i år føregår det tre klimasøksmål i Den europeiske menneskerettsdomstolen sitt storkammer. Saker blir berre tatt inn i storkammeret viss dei er så viktige at dei kan få stor betydning for rettsvernet i Europa.

Stor belastning

Berg meiner ein styrke ved klimasøksmåla er at ein får fram historier om menneske som blir ramma av klimaendringane, som av og til kan bli opplevd som litt vanskeleg å forstå.

I den eine saka i storkammeret, klagar seks portugisiske barn og unge inn Noreg og 32 andre land for å ikkje gjere nok for å beskytte dei mot klimaendringar.

– For det første bidrog klimakrisa til ein skogbrann i nærleiken av der dei bur og hadde store konsekvensar for nærmiljøet. For det andre er det ei stor belastning at ein har ein mykje større risiko for ulike lidingar både psykisk og fysisk på grunn av klimakrisa.

Konsekvensar

– Har det kome dommar som har konkludert med at klimakrisa er brot på menneskerettane?

– Det byrjar å bli ganske mange etter kvart. I Nederland har Høgsterett brukt den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 2, retten til liv, til å seie at Nederland må kutte utsleppa mykje raskare og må få ein meir seriøs plan for korleis dei skal kutte dei, fortel Berg.

Tyskland må òg stramme inn klimalova si etter at ungdommar saksøkte dei.

I august i år vann amerikanske barn og unge eit klimasøksmål i Montana. Dei saksøkte delstaten for å krenke retten deira til eit «reint og sunt miljø».

Rasmus Berg i Natur og Ungdom seier det kan vere vanskeleg å ta saker til domstolane sjølv, og rår barn og unge til å melde seg inn i ein organisasjon.

– Når ein går saman er det moglegheiter til å ta i bruk eit slikt verkemiddel.