Ungdommar vinn klimasøksmål i Montana

Domstolen i Montana seier delstaten ikkje har teke nok omsyn til konsekvensane av klimautslepp.

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei gruppe ungdommar i den amerikanske delstaten Montana har gjennomført eit klimasøksmål. Dei saksøkte delstaten for å ikkje oppfylle retten deira til «a clean and healthful environment», eller eit reint og sunt miljø, som er ein del av grunnlova i Montana.

Måndag slo ein domstol fast at dei hadde rett. Montana har ikkje teke nok omsyn til at klimaendringar og utslepp påverkar innbyggjarane på mange måtar, både fysisk og psykisk.

Søksmålet vart starta av 16 ungdommar som bur i delstaten. Ein av ungdommane, Rikki Held (22), vitna blant anna om korleis skogbrannar har øydelagt for gardsdrifta, som familien hennar har drive med i fem generasjonar.

Dommen kjem truleg til å bli anka vidare til høgsteretten i Montana. Dette er det fyrste klimasøksmålet som har blitt gjennomført i USA, men liknande søksmål har blitt starta i alle 50 delstatar.


Ei lysmarkering til støtte for klimasøksmålet på Eidsvolls plass i Oslo i 2019. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK