Klimasøksmålet utsett i Menneskerettsdomstolen
Behandlinga av det norske klimasøksmålet blir utsett av Den europeiske menneskerettsdomstolen, ifølgje klimaorganisasjonane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Greenpeace og Natur og Ungdom, som er blant partane, varslar i ei pressemelding at EMD først skal behandle ferdig tre andre klimasaker.
– Det er positivt at domstolen ønskjer å slå fast kva overordna ansvar statar har for å vareta menneskerettane i møte med klimakrisa gjennom dei tre andre sakene. Utfallet av desse vil derfor vere viktig også for behandlinga av vår sak, seier Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom.
Natur og Ungdom, Greenpeace og seks unge aktivistar klaga i juni i fjor inn den norske staten for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) etter å ha tapt klimasøksmålet i Høgsterett i desember 2020.
Klagarane meiner at det strir mot grunnleggjande menneskerettar å opne for norsk oljeboring i Barentshavet under ei klimakrise.
Saker frå miljøvernarar i Portugal, Sveits og Frankrike skal behandlast før den norske.
Les om utviklingane som tyder på at klimajussen er i endring