Daniel har dysleksi: – Ein lærar kalla meg dum framfor heile klassa

Daniel Lie (23) trur skulen kan avgjere det sosiale livet for unge med dysleksi.

Marie Wilberg
Publisert

– Eg var ikkje del av klassa. Eg var utanfor, seier Daniel Lie på telefon til Framtida.no.

1 av 20 skuleelevar har dysleksi, og treng spesialundervisning på skulen. Éin av dei var Daniel Lie.

– Eg var teken ut i alle dei store faga på barneskulen, fortel han.

Dette gjorde det sosiale på skulen vanskeleg, og Lie mangla den sosiale tilknytinga dei andre barna hadde til kvarandre.

Mobba av læraren

Lie har SSV, som står for spesifikke språkvanskar. Han slit derfor både med språket, matematikk og å uttale bokstaven «r».

På grunn av dette, blei Lie mobba gjennom heile barneskulen.

– Viss du skil deg veldig ut frå mengda blir du ofte plukka på, forklarar han.

Eit barn med blå rygsekk.

Daniel Lie blei mobba gjennom heile barneskulen. Foto: privat

For Lie var mobbinga stort sett verbal.

– Eg fekk høyre at eg var dum, eg var stygg, eg var feit, eg kunne ikkje lese, eg kunne ikkje skrive, eg kunne ikkje rekne, seier han.

Men det var ikkje berre klassekameratane som mobba Lie. Han fortel at lærarane også gjorde det sosiale vanskeleg for han, både bevisst og ubevisst.

– Eg hadde ein lærar som sa til heile klassa at eg var dum fordi eg ikkje kunne rekne, fortel Lie.

Han trur at å fortelje klassa at eit av barna er dumt vil få dei til å tru på det, på grunn av respekt og tillit til læraren.

– Det fekk jo meg til å tru at eg var dum, seier Lie.

Sende signal om at mobbing var greitt

Sjølv om mykje av mobbinga var bevisst, seier Lie at nokre lærarar sende ut ubevisste signal om at mobbing var greitt.

Eg var veldig dårleg i gym. Så ein lærar sa at i staden for å spele fotball, kunne eg få lov til å gå rundt skulen for å vere fysisk aktiv, fortel Lie. 

Han legg til at intensjonen var veldig god, og det var fint å få eit alternativ til å gjere noko han ikkje likte.

Men det sende jo ut eit signal om at det var greitt å stenge Daniel ute. Han treng ikkje å vere ein del av oss, seier Lie.

Eit barn som smiler og har på seg ein blå rygsekk.

Daniel var mykje ute av klasserommet, og følte seg ikkje som ein del av klassa. Foto: privat

Mobbinga blir med heim

Å bli mobba på skulen var ei stor påkjenninga for Lie. Likevel trur han at han var heldig.

For Lie var det på skulen og skulevegen han vart utsett for mobbarar. Heimen var ein stad der mobbing ikkje skjedde.

– Sosiale medium har lagt til rette for at mobbinga følgjer deg heim, seier han.

Han forklarar at sosiale medium har gitt mobbarar ei plattform som når dit også.

Eg har ingen tvil om at sosiale medium har gjort mobbinga mykje verre og mykje hyppigare, seier han. 

No synest Daniel Lie han var heldig som slapp sosiale medium då han blei mobba. Foto: privat

Gjennom jobben i barneskulen opplever Lie at unge i dag er enda meir redde for å skilje seg ut.

– Dei veks opp med sosiale medium i handa, der ein ser ein mykje meir idealisert livsstil og korleis ein skal vere, seier han.

Bur i eit bingo-system

I tillegg til å arbeide i barneskulen er Lie politisk nestleiar i Dysleksi Ungdom. Der møter han ungdom og pratar med andre som har dysleksi.

– Eg møter framleis folk i organisasjonen som seier: «Skulen min seier at eg er den første dei har hatt med dysleksi nokosinne,» seier Lie.

Han meiner at dette statistisk sett ikkje kan stemme, og at det er mangel på kompetanse i skulen.

– Mykje av det ein tenker på som dårleg spesialundervisning har vore spesialundervisning med gode intensjonar, berre dårleg gjennomføring, seier han.

No er Daniel Lie politisk nestleiar i Dysleksi Ungdom. Foto: privat

Lie trur at dersom ein person med lese- og skrivevanskar får god undervisning, er det på grunn av den enkelte skulen og den enkelte læraren.

– Vi bur i eit bingo-system. Du må kome på riktig skule, møte riktig rektor, med riktig lærar, som har riktig kompetanse, seier han.

Aksept for ulikskap

Førsteamanuensis i spesialpedagogikk på Universitetet i Bergen, Bjarte Furnes, forklarar at skriftspråklege vanskar kan auke sannsynet for mistrivsel på skulen, men at det òg er mogleg å hindre at det skjer.

– Mykje av det som skjer i ein undervisningssituasjon, føreset skriftspråklege ferdigheiter, skriv han i ein e-post til Framtida.

Mann med blå genser

Bjarte Furnes trur mistrivsel på skulen er mogeleg å hindre. Foto: Fredrik Solli Wandem

Furnes meiner det er viktig å rette fokuset mot aksept for ulikskap, og at det er det som er vanleg. Her vil læraren vere ein viktig rollemodell. 

– Nokon elevar synest det er vanskeleg å lese, men kan samtidig vere flinke til å uttrykke seg munnleg framfor dei andre i klassa. Elevar som strever med lesing, må også få oppleve situasjonar dei meistrar godt, skriv han.

Derfor trur Furnes at det er viktig å legge opp til ulike undervisningsformer, der noko føregår i klassa, noko i mindre grupper, og normalisere at elevane av og til har eigenundervisning.

Han legg til at denne type undervisning er noko alle elevar burde vere med på av og til, ikkje berre dei som strever fagleg. 

– Dette bidrar til å redusere sannsynet for stigmatisering og ekskludering av enkeltelevar, forklarar han.

Etterlyser normalisering

Daniel Lie trur at skulen kan vere med å bremse mobbinga av dei med lese- og skrivevanskar.

– Mykje mobbing skjer jo i mangel av forståing, seier Lie.

I likskap med Furnes, trur Lie at normalisering av språkvanskar og tilrettelegging i klasserommet er ein nøkkel. Då ville han kanskje følt meir tilhøyrsle og kjent seg mykje meir normal.

– «Kva er språkvanskar?», «Kvifor seier Daniel feil?», «Kvifor har han ikkje r-lyd?». Sånne ting, seier han.


Les meir om mobbing: Mange barn utsette for alvorleg mobbing får PTSD-diagnose

Illustrasjonsfoto: Andrew Neel on Unsplash