Vil styrke rettsvernet for mobbeoffer
Psykologspesialist meiner at mobbeoffer har for dårleg rettsvern i Noreg. Jurist tek til orde for å utvida foreldingsfristen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I fleire mobbesaker blir kravet om erstatning avvist. Årsaka er at standard foreldingsfrist for mobbesaker er tre år, slik regelen er for alle sivilrettslege saker, skriv Dagbladet.
For mange mobbeoffer tek det likevel tid å erkjenne at dei har vorte mobba.
Advokat Vibeke Hein Bæra, som har handtert fleire saker for mobbeoffer, er usamd i at foreldingsfristen på tre år skal gjelde også i desse sakene.
– Der det kan førast bevis for at mobbing har skjedd, skulen har visst om og ikkje oppfylt si aktivitetsplikt, er det vanskeleg å sjå noka grunngiving for kvifor ikkje det offentlege kan stillast til ansvar, seier Hein Bæra til avisa.
Drap, valdtekt og seksuelle overgrep mot barn eldast ikkje
I juli 2014 vart straffelova endra, slik at drap, valdtekt og seksuelle overgrep mot barn ikkje lenger kan eldast. Men i sivile saker, som mobbesaker, gjeld altså standarden tre år.
– Kan vi forvente at mobbeoffer skal snakke om noko som er så sårt og vanskeleg innan tre år, når kvinner som har vorte utsette for misbruk i gjennomsnitt bruker 17 år på å fortelje? spør psykologspesialist og førsteamanuensis Klara Øverland ved Læringsmiljøsenteret på Universitetet i Stavanger,
Ho meiner at mobbesaker ikkje burde eldast i det heile og seier at vi treng betre rettstryggleik for mobbeoffera.