Instagram sensurerer sex, banning og rus for ungdom: – Påverkar ikkje meg

Instagram innfører strengare grenser for tenåringar. 15-åringane Framtida snakkar med meiner det er både fordelar og ulemper med grepet. AUF meiner ein bør ta problemet med rota.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Eg såg videoen der Charlie Kirk vart skoten på TikTok, før han vart teken ned, fortel Leon Stokke (15).

– Den videoen vart veldig spreidd. Eg trur mange har sett han, seier Mikael Engan (15).

Dei andre rundt bordet nikkar. Framtida møter fem tiandeklassingar på Tranevågen ungdomsskule på Sotra.

Instagram har meldt at plattforma vil byrje å avgrense kva innhald tenåringar får opp i straumen sin. Mellom anna skal innhald med sterkt språk, stunt med høg risiko, narkotika og sex avgrensast på alle eksisterande og nye kontoar for tenåringar.

Dei fem ungdommane er samde om at Charlie Kirk-attentatet er ein type video det ville vore bra om Instagram hadde hindra spreiinga av blant unge.

– Det spørst kor gammal du er, seier Gabriela Quispe (15).

– Om du er under 16, trur eg det fort kan bli veldig brutalt å sjå. Ein kan bli redd eller synest det er ekkelt. Det er ikkje så veldig bra for born, seier ho.

Nimrah Ramzan, fungerande leiar i AUF meiner grepet frå Instagram ikkje tar nok hand om problemet, og vil innføre ei strengare generell aldersgrense på sosiale medium. Sjå kva ho meiner lenger nede i saka.

Ser etter ein god latter

Gabriela Quispe | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg
Leon Stokke. | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Charlie Kirk til sides er dei fem ungdommane lunkne til dette nye grepet frå Instagram. Ingen av dei kan hugse at dei har sett noko på Instagram som dei synest var skadeleg for ungdom.

– Eg tenker at det sikkert er ting på Instagram som kan påverke ungdommar. Men eg synest ikkje at det påverkar meg, seier Leon og held fram:

– Det meste eg ser på på Instagram, er videoar eg kan få meg ein god latter av. Det kan nokon gonger vere farlege stunts. Eg veit ikkje om eg hadde brukt Instagram like mykje om alt sånt innhald vart skjult.

På den andre sida seier Pernille Jonsson (15) at grepet truleg ikkje vil ha noko å seie for henne i det heile.

– Eg ser mest på kva vener og familie legg ut. Men det er nok innhald på Instagram som kan påverke andre unge om dei får opp ting som ikkje er heilt innafor, seier ho.

Kjem an på kva du likar

Thea Nesse (15) meiner retningslinene kan slå ut både positivt og negativt:

– Det spørst veldig om det hindrar deg i å sjå på det du likar, seier ho.

Ungdommane påpeiker at det innhaldet ein får opp i straumen på Instagram er det ein sjølv likar og trykker på. Algoritmane fôrar deg med meir av det du vil ha. Såleis vil gjerne avgrensingane påverke dei brukarane som er mest interesserte i den typen innhald.

Thea Nesse. | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg
Mikael Engan. | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Eg synest det er greitt at dei kjem med desse grensene. Men eg tenker at det er greitt om foreldre kan skru det av og på, eller at ein kan velje sjølv, seier Mikael.

Instagram oppgir at foreldre kan sette grensene for sine eigne born. Foreldra kan velje å tillate meir vakse innhald, eller å ha endå strengare avgrensing. Det meiner Pernille er eit godt grep:

– Viss foreldra dine kan skru det av og på, så kan du snakke med dei om kva du vil sjå på i sosiale medium.

Vil ha ulike aldersgrupper

Dei nye retningslinene vil råke alle under 18 år. Desse brukarane vil ikkje få opp innhald som har høgare enn 13 år aldersgrense. Dei fem ungdommane meiner det er ei for enkel løysing.

– Viss dei først skal gjere det, kan dei kanskje innføre grenser for ulike aldersgrupper. Til dømes slå saman 13 og 14 år, 15 og 16 år, 17 og 18 år. Då blir det litt meir jamt, seier Pernille.

– Eg synest ikkje dei skal seie at 18-åringar må sjå på det same som ein 13-åring. Du veks ganske mykje på dei fem åra, seier Leon.

Pernille Jonsson. | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Vil ikkje løyse utfordringane

Nimrah Ramzan, fungerande leiar i AUF, er i utgangspunktet positiv til at Instagram vil beskytte dei unge brukarane sine.

– Det er positivt at ein no prøver å stramme inn. Vi skal ikkje vere negative til at Instagram tar grep. Men eg har ikkje trua på at det vil løyse utfordringane, seier ho.

Ho peikar på at fleire sosiale medium, som TikTok, Instagram og Facebook, har eksponert mange born og unge for ekstremt innhald i mange år.

– Eg trur ikkje det aller viktigaste er å skjerme 17-åringar for bannord. Det viktigaste er å skjerme unge mot ekstremt og radikaliserande innhald, seier ho.

Ein rapport frå Medietilsynet syner at 56 prosent av 13–18-åringar har sett skadeleg innhald på nett i løpet av det siste året Skadeleg innhald kan vere mellom anna skremmande eller voldelege bilete eller filmar, hatmeldingar, sjølvskading eller sal av narkotika.

Europakommisjonen slår samstundes fast at unge er særleg sårbare for å bli radikaliserte på nett. Dei brukar mykje tid i digitale, sosiale nettverk og kan bli påverka av språk og narrativ, som i neste omgang kan normalisere visse former for ekstremisme, skriv Thomas Renard, som jobbar med førebygging av radikalisering i EU.

Vil handheve aldersgrensa

Ramzan og AUF meiner staten bør innføre ei aldersgrense på 15 år i sosiale medium. I motsetning til i dag, då brukarane sjølv kan oppgi kor gamle dei er, meiner AUF at ein bør undersøke om ein kan ha innlogging med BankID eller andre tenester som kan verifisere alderen til brukaren.

Ap-regjeringa sende i sommar eit slikt forslag ut på høyring.

– Ei aldersgrense handlar også om skjermbruken. Veldig mange, inkludert meg sjølv, opplever at det er vanskeleg å regulere sin eigen skjermbruk. Det er vanskeleg å legge vekk mobilen når ein først har teke han opp. Særleg når veldig mykje av det sosiale livet føregår inne på mobilen og i sosiale medium, seier ho.

– Må ta vare på borna

– Sosiale medium kan vere ein viktig ytringsarena for unge. Du tenker ikkje det er problematisk at staten skal avgrense denne?

– Nei, eg tenker ikkje det. Spolar vi 20–30 år fram i tid, trur eg vi kjem til å sjå tilbake på denne tida og tenke: «Kva var det vi heldt på med når vi lét born og unge bli eksponerte for ekstremt innhald, konspirasjonsteoriar og radikalisering på TikTok?», seier ho.

Ho meiner politikarane har eit ansvar for å ta vare på born og unge.

Ramzan viser også til at sosiale medium ikkje er redaktørstyrte – slik som tv og aviser er – og at feilinformasjon, konspirasjonsteoriar og faktafeil kan spreiast vidt og raskt.

– Ved å innføre aldersgrense meiner eg også at vi avgrensar spreiinga av feilinformasjon, avsluttar ho.