FN meiner smarttelefonar bør bannlysast frå skular

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Unesco har sleppt ein stor rapport som tek opp teknologi i utdanning. Unesco er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon (United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization).

Der tek organisasjonen til orde for å bannlyse smarttelefonar på skulane.

Rapporten viser til at smarttelefonar verkar forstyrrande på elevane. Varslingar eller berre nærværet av ein mobiltelefon kan trekke merksemda vekk frå undervisinga. Ein studie viser at det kan ta inntil 20 minutt å rette fokuset tilbake til det eleven heldt på med å lære, etter å ha blitt distrahert.

Unesco skriv at fleire land – mellom anna Spania og Storbritannia – allereie har bannlyst smarttelefonar eller anna teknologi i skular. Det har ført til betre akademiske resultat, særleg for elevar med dårlege prestasjonar.

– Teknologien bør tene folk, og teknologi i undervising bør sette lærande og lærarar i sentrum, står det i rapporten.

Ein analyse i USA av born mellom 2 og 17 viser at høg skjermtid er assosiert med dårlegare sjølvkontroll og emosjonell stabilitet, og mindre nysgjerrigheit.

Rapporten trekker også fram at det digitale miljøet byr på farer som nettmobbing, skadeleg innhald og avhengigheit.

– Elevane først

Unesco-rapporten drøftar fordelene og ulempene med teknologi i utdanning. På den eine sida kan ny teknologi gjere utdanning meir tilgjengeleg, effektiv og personalisert. Men teknologien må brukast i moderasjon, og av kvalifiserte lærarar, slår Unesco fast. Til dømes vil ikkje elevane lære betre av å få utdelt ei datamaskin, viss ikkje lærarar er involverte pedagogisk.

Audrey Azoulay. Foto: Foreign and Commonwealth Office, CC BY 2.0 <https://creativecommons.org/licenses/by/2.0>, via Wikimedia Commons

– Den digitale revolusjonen held umåteleg potensiale, men akkurat som vi må vere merksame på korleis vi regulerer teknologien i samfunnet, må vi rette same merksemd mot korleis den vert brukt i utdanning, seier Unesco-general Audrey Azoulay i ei pressemelding.

– Bruken må vere for å forbetre læring og til fordel for elevar og lærarar, ikkje til ulempe. Vi må halde behova til elevane først og støtte lærarane. Nettbaserte forbindingar kan ikkje erstatte menneskeleg samspel, legg ho til.


Astrup går og ser ned i mobilen sin.

Stadig yngre barn brukar sosiale medium, og dei blir eksponerte for innhald som overhovudet ikkje er laga for barn, seier Nikolai Astrup. Her er han på mobilen under fjorårets landsmøte. Foto: Terje Pedersen / NTB/ NPK