Sofie Frøysaa sleit med fråvær på vidaregåande – etterlyser obligatorisk skulepsykolog

Jonas Yang Tislevoll
Publisert

– Vi har heilt feil fokus på elevane som er vekke. Det blir ofte framstilt med spørsmål om kvifor dei ikkje går på skulen, medan vi burde spørje oss kva det er skulen gjer som gjer at elevane ikkje møter opp. Vi startar i heilt feil ende, seier Sofie Frøysaa (34) til Framtida.no.

I vår sleppte ho og mor hennar Ellen Frøysaa boka «Alt bra?», ei historie om ei jente med psykiske utfordringar som ikkje kjem seg på skulen.

Lærar, komikar og samfunnsdebattant

Frøysaa er sjølv utdanna grunnskulelærar, men ho er mest kjend som komikar og samfunnsdebattant.

Etter å ha fått gode karakterar på ungdomsskulen vart Frøysaa ein av dei som ikkje fullførte vidaregåande på normert tid på grunn av si psykiske helse.

No kjempar Frøysaa for å unngå at fleire unge skal møte det ho kallar for systemsvikt i skulen.

– Viss vi skal sjå på innhaldet i korleis hindre fråvær eller fråfall, så må ein som elles i skulen ta utgangspunkt i den enkelte elev. Skulen er nøydd til å sjå på korleis dei kan legge til rette for dei som treng det, seier Sofie Frøysaa.

Obligatorisk psykolog i skulen

Hausten 2005 begynte Frøysaa på Nesodden vidaregåande skule. Under denne perioden var ho svært psykisk sjuk. Tvangsliding, frykt for kviser og vaskemani var noko av det Frøyaa sleit med. Samtidig starta ho å skrive dagbok. Det er denne dagboka som har lagt grunnlaget for boka «Alt bra?».

– Det er to system som sviktar unge i dag. Skulen og helsevesenet. Eg opplever generelt at veldig mange skyver ansvaret framfor seg. Om du har behov for tilrettelagt opplegg så må det bli fatta vedtak, og du må også gjennom helsevesenet for å få papir. Med det tempoet som er i skulen har du ikkje tid til å vente på å få ei utgreiing, seier Frøysaa.

Sofie Frøysaa smiler breitt, men er framleis uroa for alle elvane som slit med ufrivillig skulefråvær.

Ifølgje anslag frå TV 2 er det truleg rundt 30 000 norske barne- og ungdomsskuleelevar som har alvorleg høgt skulefråvær. I 2022 var ventetida rundt 53 dagar frå tilvising til at helsehjelpa hadde starta for barn og unge i psykisk helsevern.

– Min kjepphest er at det må vere obligatorisk med skulepsykologar i kvar kommune. Eg synest det er absurd at vi ikkje har det. Det burde vere mykje meir fokus på eit godt psykisk helseapparat. På jobb har du verneombod du kan gå til. På skulen er det framleis veldig gammaldags. 

For Frøysaa er det viktig at det skal vere obligatorisk å bruke tilbodet. Ho er redd for at terskelen vil vere høg for mange, ved fritt val.

– Det er mykje ansvar å legge på tenåringane. Om du vil snakke med nokon, då treng du eit «push». Det er stor forskjell på om du må eller ikkje. Dette kan også vere med på å førebygge lettare til moderat psykisk vanhelse.

Samfunnsdebattanten er også tydeleg på at det må vere eit system for at dei med moderate til alvorlege psykiske helseplager blir fanga opp og tilvist raskt.

Fanga i systemet

I april 2006 gav Frøysaa seg på skulen. På den tida hadde ho allereie eit høgt fråvær, og ho hadde fått fleire brev med varsel om stryk i ulike fag. I same periode hadde Frøysaa blitt skulda for å skulke skulen.

I Ytre Enebakk får Sofie Frøysaa ro gjennom natur, hage og fuglekvitter. Foto: Jonas Yang Tislevoll

I boka gir Frøysaa att den nedslåande beskjeden ho fekk hos Barne- og ungdomspsykiatrien:

«Vi har vurdert pasienten. Ho er sterk både sosialt og intellektuelt. Svært moden for alderen. Har eit rikt ordforråd og god kommunikasjonsevne. Vi kan ikkje sjå behov for vidare behandling.» 

– Eg er veldig lei meg på vegner av meg sjølv, og frykteleg lei meg for alle andre unge som opplever eller har opplevd det same. Det at mange unge ikkje går på skulen smertar meg, og det gjer at eg kan ligge vaken om natta. 

Ufrivillig skulefråvær

Frøysaa meiner at ufrivillig skulefråvær er eit ganske dekkande omgrep.

– Det er ingen som frivillig vel å isolere seg, når alle andre er på skulen.

Uavhengig av dagens regjering, kallar Frøysaa det ein politisk svikt. Ho meiner det blir snakka altfor lite om at unge fell ut av skulen.

– Det er alltid snakk om at vi må inn i arbeid. Det er nesten som at vi berre må sørge for at alle elevar må få vitnemål og komme seg i jobb. Det er billetten til der vi skal. Vi drit i korleis du har det på vegen, så lenge du kjem ut i arbeid. Det synest eg er kynisk og kaldt.

Kutt lekser

Hausten 2006 begynte Frøysaa for andre gong i første klasse på vidaregåande. Det året fekk ho hjelp av sin tidlegare ungdomsskulelærar, Bjørn Erik.

Han kjempa for at Frøysaa skulle få undervisninga lagt til rette. Til slutt fekk Frøysaa lov til å vere heime dagar ho ikkje følte seg bra, og ho kunne også møte opp på skulen 30 minutt for seint, utan at det vart ført fråvær.

– Det letta mykje på presset. Eg hadde løpande kontakt med Bjørn Erik. Han var ærleg på at eg måtte få tre vurderingar i kvart fag. Korleis får vi det til?

No ønsker Frøysaa at Noreg skal kutte lekser.

– Eg veit ikkje kor mange gonger eg skal seie det. Eg trur det hadde letta enormt på byrda og presset for dei unge.

Feil diagnose

Etter fleire rundar i det psykiske helsevesenet vart Frøysaa i 2006 diagnostisert med ADHD.

Same dag fekk ho beskjed frå psykologen om at det var mange unge som sleit med sjølvmordstankar, og at desse måtte bli prioritert framfor ho, ifølgje Frøysaa. 

Frøysaa fekk medisinar for ADHD. Desse hadde store biverknadar, og liten effekt. Nokre år seinare viste det seg at ho ikkje hadde ADHD, men Tourettes syndrom. Mora hennar beskriv blant anna dette i boka:

«Hun halvveis ligger, halvveis sitter på benken ved parkeringsplassen utenfor skolen. Øynene hennes er rødkantete, det ser ut som hun nettopp har våknet. Det er medisinene! Hva i alle dager er det denne legen holder på med? Har han tenkt å ødelegge henne?»

Sofie Frøysaa saman med mora Ellen. Foto: Josias Dein/Cappelen Damm

Frøysaa trur ho vart feildiagnostisert fordi ho er kvinne.

– Eg trur veldig mange jenter er u- eller feildiagnostiserte fordi diagnosen ikkje opptrer på same vis hos oss, som for menn. Som med veldig mykje anna medisin og helse er det tatt utgangspunkt i menn.

For Frøysaa sin del var mor hennar med til psykologen og fortalde at ho sleit med tics, tvangshandlingar og tvangstankar. Likevel fekk ho feil diagnose.

– Eg trur vi generelt har snakka for lite om nevrologiske lidingar, spesielt utifrå eit kvinneleg perspektiv.

Ein lang prosess

Etter vidaregåande flytta Frøysaa til Oslo for å ta opp nokre fag hos Bjørknes Privatskule.

Trass i mykje fråvær, klarte ho å få gode nok karakterar til å komme inn på lærarhøgskulen. Men Sofie Frøysaa var framleis ikkje frisk.

Ein oktoberdag i 2019 skulle bli eit stort vendepunkt. Etter fleire år med vonde tankar, frykt for bakteriar, vasketvang og reinsing av hud, fortalde Frøysaa sin sambuar alt i ein alder av 30 år. I boka står det:

«Jeg var så sliten, hadde ikke sovet ordentlig på flere uker, og beina mine sviktet under meg. Jeg sank ned på gulvet og brast i gråt. Og så fortalte jeg ham alt.»

På nytt vart ho sendt til Distriktspsykiatrisk senter. Etter fire avslag fekk Frøysaa det svart på kvitt. Tvangsliding, eller OCD, som mange kjenner det som. 

– Det viktigaste er at eg er blitt frisk frå OCD, noko eg har jobba veldig hardt for.

Men sjølv om Frøysaa er frisk, må ho framleis jobbe og øve hardt for å halde OCD-en i sjakk.

Hadde Sofie på 16 år kunne sjå inn i framtida, då trur eg ho hadde blitt veldig glad. Det går veldig mykje betre med meg i dag, avsluttar Frøysaa.


Bilete av Musti frå ho opptredde under det nasjonale minnearrangementet i Oslo Spektrum, 10 år etter terrorangrepet 22. Juli 2011.
Foto: Fredrik Hagen / NTB / POOL