Samuel (21) skata Noreg på tvers – samla inn 260.000 kroner til Mental Helse Ungdom

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 07.11.2022 12:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er ei sak eg verkeleg brenn for, fortalde Samuel på telefon til Framtida.no då han var i Hardanger.

17. august byrja han turen frå Den blå stein i Bergen og 31.august var han framme ved Tigeren i Oslo. Totalt skata han over 450 kilometer, frå Bergen til Oslo, på 15 dagar.

Samtidig har han samla inn pengar gjennom sosiale medium. Pengane går til organisasjonen Mental Helse Ungdom, som jobbar for openheit, forebygging og eit betre helsetilbod.

Han seier at han er provosert over at det psykiske helsetilbodet i Noreg er for dårleg. Difor skatar han for å samle inn pengar. I fjor skata han frå Voss til Bergen til inntekt for Kreftforeininga og samla inn 36.550 kroner.

Skjermdump frå story til Mental Helse Ungdom, 31.08.2022.

Vanskeleg for gutar

Samuel fortel at han har ei venninne som har slite mykje med angst. Då ho prøvde å få hjelp, måtte ho vente i over 10 månader. 

– Under pandemien vart det endå vanskelegare å få psykisk helsehjelp, seier han.

Samuel meiner at det er for vanskeleg å snakke om sin eiga mentale helse. Særleg for unge gutar.

– Ein skal liksom heller vere tøff. Men eg synest det er tøft å vere ærleg, gå mot straumen og vere seg sjølv. Eg trur mange av problema til unge dreier seg om at dei er usikre på kven dei sjølv er, og har så mange forventingar frå heimen, skule og sosiale medium, seier han.

For å passe på si eiga mentale helse fortel Samuel at han prøver å ete betre, sove godt, gjere ting han liker og jobbe mot eit mål.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Samuel Vedå (@jegsamuel)

Vidare til Sverige

Samuel seier at det ikkje alltid er like trygt å skate langs vegen. Men han synest turen har vore heilt konge. Han har sett mykje flott natur, og han har opplevd mykje støtte på vegen. Mellom anna er det mange som følger med på turen på Instagram og Tiktok.

Han har med seg ei hengekøye til å sove i, men overnatter helst på hotell. Når han er ferdig med ein dagsetappe, er han heilt gåen.

– Eg har alltid ei blemme eller ei vond negl eller noko anna. Då er det digg å ta ein dusj og legge meg og slappe av.

For å finansiere turen har han mellom anna seld merch t-skjorter undervegs.

Planen var å bruke 20 dagar til Oslo, så no går dei siste fem dagane på å skate vidare til Sverige og halde fram med innsamlinga til 4. september.

Bjarte Tjensvoll oppretta Unge i Psyken for å ta tak i psykisk helse i skulen. Foto: Privat