Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Maria Abrahamsen (f.1992) er psykolog og forfattar og er kjent som TikTok-psykologen @psyktdeg. Ho starta kontoen under pandemien for å nå ut til ungdom og er no ute med si tredje sjølvhjelpsbok om psykisk helse.

Ein ny versjon på åtte veker

Bootcamp for psyken. Åtte uker til ro, styrke og tilfredshet er bygd opp som ein praktisk guide med mål om at lesaren ved å ha ulike fokusområde skal gjennomgå nyttige endringar for å få ei betre fysisk og psykisk helse.

Metoden er basert på det Abrahamsen kallar for ein Raw Mind-tankegang som inneber å gå tilbake til utgangspunktet og skrelle vekk det overflatiske. Når ein klarer det får ein gjennom boka konkrete treningsøvingar og hjelp til å analysere tilværet og undersøke kva område av livet ein burde endre. 

Tek heile mennesket i betraktning

Heilt ærleg var eg skeptisk då eg opna boka. Berre synet av framsida fekk meg til å tenke at det var enda ei bok med uoppnåelege råd for å navigere rotlause ungdomar gjennom ei kaotisk verd. Men etter å ha lese ho fekk eg trua på at sjølvhjelpslitteratur faktisk kan vera nyttig, ettersom ho bidreg med det viktige og underkommuniserte perspektivet på at kroppen og psyken heng tett saman. Det gjer at trass i at det er ein klisjé, er det den perfekte boka å støtte seg på for å nå ambisiøse nyttårsforsett. 

Skaper ein fasade

Dersom ein ikkje kjenner til Abrahamsen frå før av kan det verke som om at forfattaren sjølv har eit perfekt liv og ikkje har behov for eller har gjennomgått tilsvarande endringsprosessar. 

Det sukkersøte og urealistiske blir forsterka av den visuelle framstillinga. Til dømes ved at den er utsmykka med bilete av vakre menneske og omgjevnadar. Presentasjonen og truverda hadde òg vorte styrka dersom ein hadde hatt færre matoppskrifter og fleire kjeldetilvisingar. 

Vidare, er tittelen noko misvisande ettersom eg i tvil om at ein kan oppnå ro, styrke og tilfredsheit på åtte veker. At endring tek tid er og noko Abrahamsen presiserer: Men balanse, fleksibilitet og tålmodighet er essensielt, uavhengig av hvilket område av livet man trenger å ta mer vare på. For helse tar tid. 

Verdt ein sjanse

Ved å gjennomgå dei store tematikkane i livet, som kjensler, sjelelivet, relasjonar, fysisk aktivitet og ernæring stiller boka spørsmål om korleis ein kan vekse som menneske, byggje ein tryggare grunnmur og finne motivasjon til å endre kurs. Det gjer at det er ei bok ein faktisk burde gje ein sjanse. Ho passar for unge og vaksne som vil gjennomgå ei sunn endring og ikkje strever med perfeksjonisme, tvangstankar eller har eit anstrengt forhold til trening eller andre livsstilsområde. 


Forfattar og illustratør Nora Dåsnes saman med nokre av karakterane frå den prisløna grafiske romanen Ubesvart anrop! Foto: Agnete Brun/Aschehoug, illustrasjon Nora Dåsnes

Bootcamp for psyken. Åtte uker til ro, styrke og tilfredshet

  • Forfattar: Maria Abrahamsen 
  • Forlag: Gyldendal 
  • Sjanger: Psykisk helse
  • Sider: 184