Even (21) studerer i USA: – Hardt på lommeboka

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg har merka det hardt på lommeboka. Eg får lån frå Lånekassen to gonger i året. Så må eg betale studiepengar tre gonger i året, og dessutan leige ein gong i månaden.

Kronekursen er rekordlåg for tida. Euroen kostar nesten 12 kroner, og den amerikanske dollaren nesten 11 kroner.

Det kjennest godt på økonomien til Even Høgberget som studerer i USA. Enn så lenge får han det til å gå rundt, men han måtta trappe ned på goda.

– Heldigvis hadde eg spart opp ein del pengar, men desse pengane har krympa mykje no. Eg vil ikkje seie eg er bekymra, men det er noko eg har konstant i bakhovudet.

Spanande menneske

21-åringen frå Kongsvinger studerer finans på tredje året på University of Washington i Seattle i USA. På vidaregåande gledde han seg så mykje til å dra på utveksling, at han fann ut at han like godt kunne ta heile graden i utlandet.

Even Høgberget studerer finans på University of Washington i Seattle. Her er han framføre statuen av George Washington på campus. Foto: Privat

– Eg gjorde mykje research og landa til slutt på USA. USA verka perfekt ettersom dei er størst innan finans, og «college» der verka mest spanande, forklarar han på e-post til Framtida.no. 

Høgberget er òg landsleiar i ANSA USA. Han stortrivst med studenttilværet på andre sida av Atlanteren.

– Alt er så spanande, spesielt viss du kjem frå ein liten by som meg. Det aller beste er nok mangfaldet av menneske og alle dei spanande menneska.

Ekstra utgifter

Økonomisk er det likevel utfordrande å studere i utlandet no. Berre éin gong tidlegare har den norske krona vore svakare mot euro og dollar, skreiv E24 i slutten av mai. Sist var i mars 2020, like etter at koronapandemien førte til økonomisk krise.

Even Høgberget får studiestøtte frå Lånekassen. Desse pengane skal rekke til både skulepengar, skulen si eiga forsikring og husleige.

Som utanlandsstudent får han ikkje jobbe i private verksemder i USA. Einaste moglegheit for å spe på inntekta er campusjobbar.

– Men sidan det er ein så stor skule med mange utanlandsstudentar, blir kampen for dei få jobbane ekstrem, seier studenten, som difor ikkje har ekstrajobb. 

Ung mann på gata i Seattle.

Even Høgberget studerer i Seattle i USA. Foto: Privat

Rett valuta

Høgberget får om lag 500 000 i studielån og -stipend årleg, og reknar med å sitje att med over 1,3 millionar i studielån etter at han er ferdig.

– Det beste no hadde vore om Lånekassen kunne gitt oss lån i valutaen vi skal betale skulepengar i, seier USA-studenten. 

Anna Handal Hellesnes er president i ANSA, samskipnaden for norske studentar i utlandet. Ho meiner det er viktig med ei berekraftig studiestøtte.

– Vi får no enda fleire tilbakemeldingar frå studentar som synest det er svært utfordrande å få økonomien til å gå rundt når krona er så svak. Mange av desse tilbakemeldingane går på utfordringar med å dekke heilt primære utgifter som husleige og mat, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Må auke basisstøtta

Hellesnes peikar på at utanlandsstudentane ikkje har mykje å gå på når kronekursen svingar.

– Det er utruleg synd, for dei er gjerne fornøgde med opphaldet sitt, men må ta ei vurdering på om det er levedyktig å halde fram.

ANSA meiner basisstøtta til alle studentar må aukast til EU si fattigdomsgrense.

– Dagens studiestøtte er for låg, som gjer at studentane er svært sårbare og manglar trygge økonomiske rammer under studietida. Økonomiske problem påverkar heile tilværet og moglegheita til å prestere for studentane, seier ho, og viser til at også Stortingsmeldinga om psykisk helse poengterer dette. 

Ansa-president Anna Handal Hellesnes. Foto: Ansa

Fryktar klasseskilje

– Situasjonen er desperat for norske studentar i utlandet, seier utdanningspolitisk talsperson for Framstegspartiet, Himanshu Gulati, til VG.

Politikaren sit i utdanningskomiteen på Stortinget og fryktar eit auka klasseskilje når det kjem til kven som kan studere i utlandet. Han er kritisk til kutta i støtte til skulepengar som regjeringa har vedteke i revidert nasjonalbudsjett. Utanlandsstudentane får omgjort maks 40 prosent av støtta til stipend. Nokre studentar har tidlegare fått opp mot 70 prosent som stipend og ANSA har uttalt at kutta kan føre til at nokre får over 20 000 kroner meir i lån per år.

– Både kuttet i stipendet og svekkinga av kronekursen vil nok føre til at det framover berre er dei med velståande foreldre og hjelp heimanfrå som vil kunne ha moglegheit til å dra til utlandet for å studere, seier Gulati.

Blir valutajustert

– Noreg har framleis ei god støtteordning for norske studentar i utlandet, spesielt samanlikna med utdanningsstøtta i samanliknbare land, skriv statssekretær i Kunnskapsdepartementet Oddmund Løkensgard Hoel til Framtida.no.

Hoel peikar på at endringa i støtteordninga først og fremst vil påverke studentar som tar ein heil grad i eit land som krev mykje skulepengar. Han seier at regjeringa prioriterer studentane i ei vanskeleg tid ved å gi dei den største auken over eitt enkelt budsjett på 15 år. Statssekretæren trekker fram at dei aukar alle studiestøttesatsar med 7 prosent ut over forventa prisvekst for komande studieår.

– Det er spesielt utanlandsstudentar som kjem godt ut av denne styrkinga, då dei har rett til langt fleire ordningar gjennom Lånekassen enn mange andre studentar. Når alle ordningar dei har rett til blir styrkt med 7 prosent, er dette betydningsfullt.

Mann med briller smiler til kamera.

Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel. Foto: Ragne B. Lysaker

Til oppmodinga frå Even Høgberget om å betale studiestøtta i «rett» valuta, svarar Hoel at lån og stipend til skulepengar utanfor Norden blir valutajustert for å kompensere for valutasvingingar.

– Lånekassen vurderer på nytt kvart semester om skulepengestøtta må justerast. Valutajusteringa skjer like før utbetaling, slik at studentar skal kunne betale det faktiske skulepengebeløpet i ein gitt valuta. Vi planlegg ikkje å endre på dette no.

Ville framleis reist

Even Høgberget hadde framleis valt å studere i utlandet om han på førehand visste om den låge kronekursen og kutta i studiestøtta.

– Eg visste at det å flytte til eit nytt land kom til å bli tøft, eg drog jo ikkje dit for å vere på ferie.

– Har du tips til andre som vil studere i utlandet no når økonomien er trong? 

– Leit rundt etter scholarships og ta kontakt med dei som jobbar med økonomi på skulen din. Du er garantert ikkje den einaste. Ta også kontakt med dei som jobbar spesifikt med internationale studentar.


Leiar i Norsk Studentorganisasjon Maika Godal Dam (t.v.) og påtroppande leiar i Studentene og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond, Selma Bratberg, fryktar konsekvensane av at internasjonale studentar ikkje får tilgang på gratis utdanning i Noreg. Foto: Skjalg Bøhmer Vold/NSO, SAIH