Rekordmange på utveksling, men færre tar heile graden ute
– Det er urovekkande at det stadig er færre heilgradsstudentar i utlandet, meiner Ansa-presidenten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Aldri før har det vore så mange norske utvekslingsstudentar i utlandet som no. Det skriv Lånekassen i ei pressemelding.
Lånekassen opplyser at det i studieåret 2022–2023 var 22 400 norske studentar som fekk lån og stipend til utdanning i utlandet. 8600 av desse var på utveksling. Det vil seie at dei tok eitt eller to semester i utlandet. Det er det høgste talet nokosinne.
I 2019–2020 var talet 8300, men så kom koronapandemien og gjorde utveksling vanskelegare å få til.
– Det er gledeleg å sjå at norske studentar igjen vel å ta utdanning i utlandet. Utanlandsstudium gir verdifull erfaring, og blir ofte sett på som attraktivt av framtidige arbeidsgjevarar, uttalar Kjetil Moen, administrerande direktør i Lånekassen.
– Kjempepositivt
– Det at fleire er på utveksling er kjempepositivt for både enkeltindividet og for samfunnet, skriv Ansa-president Anna Handal Hellesnes på e-post til Framtida.no. Ansa er samskipnaden for norske studentar i utlandet.
Hellesnes peikar på at utveksling både er positivt for den einskilde og for samfunnet.
– Eit studieopphald i utlandet gir studentane moglegheit til å byggje eit internasjonalt nettverk og moglegheit til å fordjupe seg i andre emne enn dei kan i Noreg.
Ho peikar likevel på at vi er langt unna målet til regjeringa om at femti prosent av dei norske studentane skal ha eit studieopphald i utlandet i løpet av utdanninga si.
– Så vi håpar at enda fleire kan velje utveksling framover!
Færre gradsstudentar
Samstundes som talet på utvekslingsstudentar aukar, har det vore ein nedgang i dei som tar heile graden sin i utlandet. I studieåret 2022–2023 fekk 13 800 gradsstudentar støtte frå Lånekassen. Det er lågare enn før pandemien. På det meste var det 17 500 studentar som tok ein grad i utlandet, i studieåret 2014–15.
– Det er urovekkande at det stadig er færre heilgradsstudentar i utlandet. For sjølv om korte opphald i utlandet sjølvsagt er positivt, veit vi det tar tid å tileigne seg dei fordelane ein får frå eit studieopphald i utlandet. Språk- og kulturforståing, og internasjonale nettverk blir forsterka av lengda på opphaldet, seier Ansa-presidenten.
Hellesnes poengterer at heilgradsstudentar i utlandet har moglegheit til å ta heile gradar og fagkombinasjonar som ikkje blir tilbydd i Noreg. Når færre har moglegheit til å studere i utlandet, risikerer det norske arbeidslivet å gå glipp av viktig kompetanse.
Studiestøtte
– Kva må til for å få fleire på utveksling?
– Det er ei samansett utfordring. Først og fremst må alle studentar ha tilgang på god informasjon om moglegheita til å reise på utveksling, og den må kome tidsnok til at ein har reelle føresetnader for å planleggje utanlandsopphaldet, svarar Hellesnes.
Vidare meiner ho universiteta og høgskulane må ha gode utvekslingsavtalar på plass, og leggje til rette for at studentane kan få studieopphaldet i utlandet innpassa i graden i Noreg.
– Men kanskje viktigast av alt så må studiestøtta vere god nok til at alle studentar reelt sett har moglegheit til å velje å reise på utveksling.
Mest populært
Totalt var det om lag 3000 færre norske utanlandsstudentar dette året enn i 2015–2016.
Framleis er det Storbritannia som er mest populært å studere i, men talet på norske studentar der har gått ned dei siste åra. For ti år sidan var det 5500 norske studentar i landet. No er talet rundt 3300.
Også Danmark, USA og Australia er populære studieland for nordmenn.
– Australia var i ei årrekke eitt av dei mest populære landa blant norske studentar, men fekk eit brått fall i talet på norske studentar som følgje av koronarestriksjonar. I år studerer eit stort antal norske studentar der – 1 800 mot 400 året før. I åra før pandemien var det rundt 2 000 norske studentar i Australia kvart år, seier Moen i Lånekassen.
Dei mest populære utdanningane for norske gradsstudentar er medisin og økonomi/business. Av fagretningar er naturvitskap og teknologi og økonomi og administrative fag mest populært å ta i utlandet.