Fleire bikkar over 1 million kroner i studiegjeld

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Gjelda aukar for mange før dei går ut i arbeidslivet, viser tal frå Lånekassen.

Gjennomsnittsgjelda var 10 000 kroner høgare for studentar som var ferdige med utdanninga i fjor samanlikna med året før. For ti år sidan var gjennomsnittet 321 000 kroner i gjeld, målt i 2022-kroner.

– Det har vore ei gradvis utviding frå ti til elleve månader studiestøtte, og det har komme fleire nye ordningar i Lånekassen dei seinare åra, seier administrerande direktør i Lånekassen Kjetil Moen.

Han nemner tilleggslån til studentar over 30 år og ekstraordinære lån i samband med koronapandemien.

– Alt dette bidreg til at alle kan ta utdanning, men det fører også til at den totale gjelda aukar, seier Moen.

Utanlandsstudium kostar

Utanlandsstudentane bidreg til å dra opp gjennomsnittet. Dei som tok grada si i Noreg hadde i fjor ei gjennomsnittleg studiegjeld på 389 000 kroner, medan tilsvarande for utanlandsstudentar var 684 000 kroner.

Hovudårsaka er at mange må betale skulepengar. Frå hausten 2017 fekk utanlandsstudentane høve til å låne 100 000 kroner meir for å dekkje studiegjeld ved spesielt dyre studiestader.

Når ein ikkje lenger får støtte til å heiltidsutdanning, må ein byrje å betale ned på studielånet. I fjor gjekk 109 000 personar frå å få støtte til å betale tilbake.

Stadig fleire har milliongjeld

1250 kundar hadde over 1 million i gjeld då dei starta nedbetalinga. Året før var talet 900, medan i 2022 gjaldt dette berre ti personar.

Dei fleste med så høg gjeld har studert i utlandet, men det gjeld også stadig fleire som berre har studert i Noreg. I fjor var det vel ein av fire i denne gruppa.

Lånekassa ber studentane vere medvitne

Lånekassa er oppteken av at studentane skal hugse på at studielånet skal betalast tilbake.

– Vi er opptekne av at kundane våre skal ha eit medvite forhold til si eiga gjeld. Dette er ekstra viktig no som vi er inne i ein periode med prisvekst og høgare renter, seier Moen.

Den månadlege rekninga for ein kunde med 1 million kroner i gjeld med dagens rente, er i overkant av 6000 kroner i månaden. Ein kunde med gjennomsnittsgjeld på 410 000 kroner må ut med 2500 kroner i månaden.

1,2 millionar nordmenn er kunde i Lånekassen i dag. Av desse er det rundt 770 000 som betaler ned på lånet sitt.


Ansa-president Anna Handal Hellesnes. Foto: Ansa