Politikk og samfunn

«Gratisprinsippet var ein berebjelke i norsk høgare utdanning»

Norsk Studentorganisasjon og SAIH har invitert til gravferd for gratisprinsippet fordi eit fleirtal på Stortinget går inn for å innføra skulepengar for studentar utanfor EØS og Sveits.

Maika Godal Dam, leiar i NSO og Selma Bratberg, nestleiar og påtroppande leiar i SAIH
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Gratisprinsippet var ein berebjelke i norsk høgare utdanning og det mest avgjerande verkemiddelet som sikra like moglegheiter til utdanning.

Vi veit at utdanning er eit dyrt gode som i store delar av verda ofte er øyremerkt dei få. Vi trur på eit samfunn der utdanning er tilgjengeleg for alle, uavhengig av størrelsen på lommeboka di.

Noreg er eit av verdas rikaste land. Vi både kan og bør gå fremst i kampen for like moglegheiter og tilgang til utdanning, og på den måten leggje press på andre land.

quote-left

Gratisprinsippet heldt stand i Noreg til siste slutt, men sto til sist også for fall her. 

quote-right

Noreg var blant dei siste landa i verda der høgare utdanning var gratis for alle. Land etter land har innført brukarbetaling for studentar eller studieavgifter for internasjonale studentar.

Gratisprinsippet heldt stand i Noreg til siste slutt, men sto til sist også for fall her.

Utdanning er vesentleg for demokrati og samfunnsutvikling, og er eit viktig solidarisk bidrag som sikrar moglegheiter til utdanning i eit verdsperspektiv.

Noreg har forplikta seg til 2030-agendaen med berekraftsmåla, der eit heilt sentralt prinsipp er at ingen skal utelatast. Eit prinsipp er ufråvikeleg og Noregs forpliktingar krystallklåre. Vi kan ikkje tillate oss å utelate enkelte grupper, berre fordi det passa oss.

Vi trur på solidaritet. Å vere solidarisk betyr å ha eit felles ansvar eller vere forplikta fordi ein er bunde av eit interessefellesskap. Å vise solidaritet inneber å ofre eiga vinning for felles interesser.

Det at utanlandske studentar kom til Noreg og norske studentar reiste utanlands, bidrog til auka utdanningskvalitet, kulturforståing og kunnskapsutvikling som kom heile samfunnet til gode.

quote-left

Den kunnskapen vi utviklar her i Noreg blir rikare når han blir utfordra av andre kulturelle, sosiale og politiske perspektiv.

quote-right

Den kunnskapen vi utviklar her i Noreg blir rikare når han blir utfordra av andre kulturelle, sosiale og politiske perspektiv. Det bidreg til at vi kan forstå den verda vi er ein del av, gjennom meir enn litteratur og internett.

Mange internasjonale studentar ønsker å bli i Noreg og jobbe etter fullført utdanning. Bidraga frå studentane som blir att inn i den norske arbeidsmarknaden er uvurderlege. Vi lever i ei tid der vi treng fleire folk med rett kunnskap. Dette kunne våre internasjonale studentar bidrege med.