Framtida Junior er årets nynorskbrukar
Framtida Junior fekk prisen "Årets nynorskbrukar 2023" for å bryte veg for meir nynorsk på digitale medieflater og for å skrive om varierte emne for 7–13-åringar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I mars kom nyheita om at Framtida Junior er kåra til Årets nynorskbrukar 2023 av Nynorsk kultursentrum. Torsdag 8. juni vart prisen delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta.
Set barnet i sentrum
I grunngjevinga til prisutdelinga skriv Nynorsk kultursentrum:
«Framtida Junior byggjer på ein lang nynorsk tradisjon for å setje barnet i sentrum i barneformidlinga – frå Norsk Barneblad og Rasmus Løland og fram til i dag. Samstundes har dei fornya tradisjonen og møter barna med aktuelt innhald på flatene dei allereie er på. Det har vore fleire forsøk på barneaviser sidan 2010, men berre to har overlevd: Aftenposten Junior og Framtida Junior. I eit medielandskap der nynorsk er lite synleg i dei nasjonale dagsavisene, har dei gjort nynorsk meir tilgjengeleg for barn både i papiraviser og digitalt», heiter det i grunngjevinga.
– Søkt råd hos barn
– Vi har heile tida søkt råd hos barn om kva dei har lyst å lese om. Vi arbeider litt etter den same demokratiske tanken som Ivar Aasen gjorde då han var i 20-åra. Kven som helst skal få delta i samfunnet og seie si meining. Barna skal få seie kva dei meiner og delta i ordskiftet, sa Svein Olav Langåker, då han tok i mot prisen under Festspela.
Prisen Årets nynorskbrukar, som er på 100.000 kroner og eit diplom, blir delt ut av styret i Nynorsk kultursentrum til ein person eller institusjon som syner evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, og som gjer det lettare å vere nynorskbrukar gjennom sitt føredøme.
Framtida Junior er søsteravisa til Framtida.no. Framtida Junior er eit samarbeid mellom ABC Startsida, stiftinga Magasinett og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Fleire lokalaviser samarbeider om å gi ut papiravisa.
Her kan du lese nokre av sakene frå Framtida Junior:
- Ukrainske Dima (8) får gå på skulen igjen
- Ella (7) sende brev til statsministeren
- Om gruveprosjektet får halde fram, flyttar Vilde (15) frå heimstaden
- Nektar å spele spel der ein kan kjøpe seg til fordelar
- Benjamin kan leve som den han er: – Eg føler meg friare
Les også: Martim (10) kjende seg utanfor og lei seg. Så oppdaga han ei ny moglegheit