9000 elevar i Viken har søkt om annullering av eksamen

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Det syner tal P4 har fått frå fylkeskommunen.

Viken var eitt av fylka som 22. mai hadde store tekniske problem under gjennomføringa av eksamen i norsk hovudmål for 3. klasse i vidaregåande.

Det var 11 000 elevar oppe til den aktuelle eksamenen i Viken. 9000 av desse har til no søkt om å få han annullert, opplyser radiokanalen.

Datatrøbbel

Elevar over heile landet hadde dataproblem under norskeksamen. Utdanningsdirektoratet (Udir) hadde først problem med sidene der elevar skulle logge seg inn og laste ned oppgåver. Det vart då sagt at elevane skulle få ekstra tid på seg.

For Møre og Romsdal var dei lokale problema så store at eksamen vart avlyst.

Også Viken bad om å få avlyst eksamen. Først svarte Udir at det ikkje var aktuelt å avlyse andre stader enn i Møre og Romsdal, men seinare opna dei for at alle elevar som hadde problem med eksamen kunne søkje om å få han annullert.

Fylkesdirektør for utdanning og kompetanse i Viken Jan-Helge Atterås er ikkje overraska over at 8 av 10 elevar i fylket har søkt om annullering.

– Eg trur elevane er nøgde med ordninga fordi det også gir dei valet om å la karakteren bli ståande, dersom dei ikkje opplevde trøbbel, seier han til P4.

Frist i morgon

Skulane søkjer gruppevis om annullering for elevane, og elevar bestemmer sjølv om dei vil stå på denne lista. Etter karakteren er komen, kan eleven velje om han skal skal stå på vitnemålet eller ikkje.

Fristen fylkeskommunane har for å levere oversikt til Utdanningsdirektoratet (Udir) over kor mange elevar som skal få eksamen annullert, er fredag 9. juni.

Alle søknadene skal vere handsama og ferdige innan fredag 16. juni.


Kollasj med skjermdump frå TikTok-kontoen som påstod å ha lekka eksamensoppgåver.