Elevar som vart ramma av dataproblem, kan få eksamen annullert

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Saka er utvida. 

Det opplyser Utdanningsdirektoratet.

Utdanningsdirektoratet har no vedteke at skulane skal søkje gruppevis annullering av eksamen på vegner av elevar som vart ramma. Eleven bestemmer sjølv om dei vil stå på denne lista.

– Situasjonen på måndag har ramma elevar ulikt. Derfor finst ingen perfekt løysing som alle vil oppfatte like rettferdig. Men vi meiner denne løysinga varetek dei ulike situasjonane best, samtidig som ho kan setjast i verk raskt, seier Morten Rosenkvist, direktør i Utdanningsdirektoratet.

Det var store dataproblem då elevar i vidaregåande skule skulle ha eksamen i norsk hovudmål måndag. I Møre og Romsdal vart eksamen avlyst.

Elevorganisasjonen er fornøgd

Utdanningsdirektoratet har levert ei forklaring til regjeringa. Dei har og hatt møter med lærarorganisasjonane, skuleleiarforbundet, KS og Elevorganisasjonen for å få på plass ei best mogleg løysing.

– Elevorganisasjonen er veldig fornøgd med samarbeidet vi har hatt med Utdanningsdirektoratet denne veka og løysinga som kjem, fordi ho varetek flest elevar, seier påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Petter Andreas Lona.

– Eksamenane måndag var for mange elevar ein katastrofe og for andre elevar ei positiv oppleving, derfor er det viktig og rett at ein legg til rette for at det skal vere valet til eleven om hen skal få eksamenen sin annullert eller ikkje. Slik varetek vi alle, seier Lona.

Petter Andreas Lona står framføre ein sennepsgul vegg. Han har armane i kors og smiler til kamera.

Petter Andreas Lona har tidlegare vore nestleiar i Elevorganisasjonen. Framover er det han som skal styre skuta. Foto: Elevorganisasjonen

– Finst ikkje gode løysingar

Leiar Helle Christin Nyhuus i Norsk Lektorlag seier i ei pressemelding at det ikkje finst nokon god løysing for elevane.

– Det er svært beklageleg at årets eksamen enda i kaos. Utdanningsdirektoratet må lytte til kunnskapen frå klasseromma, seier ho.

Lektorlaget meiner at eksamenstrøbbelet var ein varsla katastrofe.

– Den digitale infrastrukturen er ikkje på plass mange stader. Vi forventar at Utdanningsdirektoratet tek lærdom av dette og held tett kontakt med oss, både når det gjeld utforming og gjennomføring av framtidige eksamenar.


Ung mann framfor skulepultar.

Kollasj av Framtida med eksamenslokale på Åssiden Videregående skole før eksamen i norsk blir gjennomført og Noa Størksen Strandhagen (18). Foto: Frederik Ringnes / NTB, privat