Nytt eksamenstrøbbel – munnleg trekk tilgjengeleg før tida
Tre veker før elevar ved norske vidaregåande skular skal trekkast opp i eksamen, vart trekket tilgjengeleg for enkelte i datasystemet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein datafeil hjå Visma InSchool (VIS) førte til at fleire elevar har sett kva munnleg eksamen dei er trekt ut til å koma opp i, melder VG.
Feilen vart oppdaga hjå Aust-Lofoten vidaregåande skule, som varsla Nordland fylkeskommune.
Ifølgje Visma vart feilen oppdaga torsdag kveld og nettsida stengt klokka 19.30. Dei har funne at 86 elevar ved 27 vidaregåande skular i åtte fylke kan ha sett kva eksamen dei er trekt opp i.
Eksamenstrekket var tilgjengeleg for elevar i Møre og Romsdal, Vestfold og Telemark, Troms og Finnmark, Vestland, Rogaland, Innlandet, Nordland og Viken.
Siste eksamensdato i år er 21. juni. Elevane skal ikkje få tilgang til eksamenstrekket sitt før 48 timar før dei skal opp. Om det er helg eller heilagdagar i mellomtida vert dei ikkje telt med i dei to førebuingsdagane.

Illustrasjonsfoto: Akshay Chauhan på Unsplash