Noa (18) om eksamenstrøbbel: – Ganske stressande

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Det var ganske trøblete i dag på grunn av digitale problem. Det var jo ganske stressande. Nokre gonger gjekk det over ein time mellom eg var inne på ei oppgåve.

Det fortel Noa Størksen Strandhagen på telefon til Framtida.no, like etter at han har hatt eksamen i norsk hovudmål. 18-åringen er elev ved Molde vidaregåande skule, ein av skulane som har vore råka av dataproblem under gjennomføringa av dagens eksamen.

Han fortel at mange sat ganske lenge utan oppgåver.

– Eg kom meg inn i systemet, men datt litt inn og ut.

Les også om Elevorganisasjonen som er kritiske til eksamenskaoset: – Kjempeproblematisk

Portrettbilete av ung mann med natur og hus i bakgrunnen.

Noa Størksen Strandhagen, leiar i russestyret ved Molde vgs. Foto: Privat

Avlyst eksamen

Medan Strandhagen prøvde å gjennomføre eksamen, kom det ut i media at eksamen er avlyst i Møre og Romsdal.

– Det kom ikkje så mykje informasjon frå Udir, men vi hadde ein rådgjevar frå administrasjonen som var inne med jamne mellomrom. Det var ikkje før halv to vi fekk vite at eksamen var avlyst, fortel Molde-eleven.

Strandhagen fekk levert, men har fått beskjed om at eksamen kan annullerast. Han må sjå an om han vil gjere det.

– Eg synest eg ikkje fekk teke eksamen til mitt fulle potensial, men eg veit ikkje enno.

Det er første gong Noa Størksen Strandhagen er oppe til eksamen.

– Det har vore to år utan eksamen. Kva synest du om opplegget no?

– Eg tenkjer at når det er så mange som skal ha eksamen på ein gong, så er det risikabel med dei digitale løysingane. Sjølv så er eg glad i papirbasert eksamen, for då kan ein notere undervegs, svarar han, og legg til at han ikkje synest det er problematisk at eksamen er digital utanom i slike situasjonar.

Dataproblem i heile landet

Den skriftlege eksamenen skulle starta måndag morgon, men dataproblem prega gjennomføringa.

Direktoratet hadde først problem med sidene der elevar i heile landet skulle logge seg inn og laste ned oppgåver. Det vart då sagt at elevane skulle få ekstra tid på seg.

Men i Møre og Romsdal heldt problema fram med lokale nettproblem. Elevar fekk verken oppgåve, vedlegg eller tilgang til hjelpemiddel.

Til slutt vedtok Utdanningsdirektoratet (Udir) og Statsforvaltaren at eksamen blir avlyst. Elevane får ikkje ny eksamen, men får dispensasjon for det på vitnemålet.

– Dette er veldig beklageleg. Eg kan forstå elevane, både uvissa og frustrasjonen dei kjende på då dei ikkje fekk logga seg på, og at det enda med avlysing. Slikt skal jo ikkje skje, seier fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak.

Ho seier at dei er i gang med å finne ut kva som skjedde, og sørgje for at det ikkje skjer igjen.

Nettsida til Utdanningsdirektoratet der eksamen blir halden. Foto: Frederik Ringnes / NTB

– Skandale

Leif Magne Lervik, rektor ved Molde vidaregåande skule, meiner eksamensgjennomføringa er ein skandale.

– Eg synest at ein tok ei god avgjerd til slutt, med å avlyse eksamen. Det var heilt skandaløst for å seie det rett ut, seier han på telefon til Framtida.no.

På Molde vidaregåande skule var det 246 kandidatar fordelt på seksten rom som hadde eksamen i hovudmål. Først opplevde dei at halvparten ikkje kom seg inn på Udir sine sider. Nokre kom seg inn, og vart så kasta ut.

– Situasjonen var under ein kvar kritikk. Dette er ein viktig eksamen og det vart mykje forstyrringar og elevane vart fortvila.

Etter Udir sitt system var retta opp, var det fylkeskommunen sitt system som ikkje fungerte.

– Eksamen skal jo ha lik målestokk og dei same rammene for alle. I og med at det så ettertrykkjeleg ikkje var tilfelle, så er det ei god avgjerd av Udir å avlyse eksamen.

Lektor Siv Ringseth ved Spjelkavik vidaregåande skule i Ålesund, er kritisk til at eksamen er heildigital. Ho peikar på at det i seg sjølv er utfordrande for elevane å gjennomføre eksamen når dei skal sjonglere mellom eigenprodusert tekst, oppgåver, eksterne kjelder og tekstvedlegg.

– Hadde elevane fått oppgåvene i papirformat, hadde problema som råda i dag vore unngått, seier ho til Sunnmørsposten.

Viken bad om at resultat blir annullerte

Det var ikkje berre i Møre og Romsdal eksamen vart kaotisk. Viken fylkeskommune bad Utdanningsdirektoratet om at skriftleg eksamen i norsk må avlysast på grunn av dataproblema.

– Vi kan stadfeste at Viken fylkeskommune har bede Utdanningsdirektoratet vurdere om eksamen bør annullerast, skriv pressevakt i Viken fylkeskommune, Pål Vikesland, ifølgje VG.

Eksamenslokale på Åssiden Videregående skole før eksamen i norsk. Foto: Frederik Ringnes / NTB

Udir: Ikkje avlyst eksamen andre stader

Utdanningsdirektoratet opplyser at det slik situasjonen er no, ikkje blir avlyst eksamen andre stader enn i Møre og Romsdal. Dei beklagar problema.

Direktoratet opplyser til NTB at Møre og Romsdal har hatt lokale nettverksproblem og dermed er i ei særstilling. Problema Utdanningsdirektoratet hadde – og som gjaldt heile landet – vart løyst måndag formiddag.

– Vi forstår at elevar har fått ein vanskeleg start på eksamen, på grunn av dette problemet. Det beklagar vi på det aller sterkaste, seier direktør Morten Rosenkvist i Utdanningsdirektoratet til NTB.

Dei opplyser at det er store og komplekse tekniske system, som har vorte testa ut i forkant. Då fungerte alt, men måndag oppstod det altså ein uventa, teknisk feil.

– Alle elevar som kom seint i gang med eksamen, får ekstra tid til å gjennomføre, opplyser direktoratet.

Oppdatert med kommentar frå Utdanningsdirektoratet og kommentar frå elev og rektor ved Molde vgs. 


Dei store blå bokstavane NTNU står oppstilt framfor eit grått mursteinsbygg.

NTNU har presisert at det ikkje er lov med ChatGPT på eksamen.
Foto: Ole Martin Wold / NTB / NPK