Sjukepleiarane ønskjer å få sletta studielån

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lærarane fekk i 2017 etablert ei ordning som gjer at ferdigutdanna lærarar som har vore i jobb i tre år kan få sletta 106 000 kroner av studielånet sitt, same kvar i landet dei bur. No ønskjer Norsk Sykepleierforbund ei liknande ordning for sjukepleiarane, skriv Khrono.

Kor mykje ein skal få sletta, kan differensierast ut frå kvar ein vel å busetje seg og få jobb.

– Slik må det nesten vere, fordi behovet for sjukepleiarar er større i distrikta enn i dei store byane. Men ordninga bør gjelde for heile landet, slik ho gjer for lærarane, seier andre nestleiar i Norsk Sykepleierforbund, Kai Øivind Brenden.

I i fjor søkte over 3000 færre seg inn på sjukepleieutdanninga enn det som var tilfelle i 2021. Brenden seier fleire rapportar og undersøkingar viser at det er eit sterkt behov for å rekruttere fleire sjukepleiarar, særleg i distrikta, og at dette også er noko som politikarane erkjenner.

– Derfor er det svært underleg at ein ikkje ser ut til å vilje etablere ei ordning som vi veit med nær hundre prosent tryggleik at vil ha effekt, seier Brenden.

Kunnskapsdepartementet opplyser til Khrono at dei merkar seg innspelet, og at dei tek det med seg i det vidare arbeidet.


Torill Askjem Aae på verving av blodgjevarar på Storo. Foto: Nadia Frantsen