Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 14.06.2023 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har alltid hatt eit ønske om å hjelpe andre menneske, og sidan eg var fem år var sjukepleiar alt eg ville bli.

Torill Askjem Aae (42) er utdanna sjukepleiar og jobbar ved blodbanken i Oslo. Det er Noregs største blodbank, og dei leverer blod og blodprodukt til alle sjukehusa i Oslo-området, og til andre stadar ved behov.

Det beste med jobben synest Aae er å gjere ein forskjell, og å få møte hyggelege blodgjevarar og ha gode kollegaer.

– Eg har jobba i helsevesenet sidan eg var 18 år. At eg kvar dag får bidra til at liv blir redda må vere det mest utrulege som skjer på jobb.

Utfyller kvarandre

Sjukepleiaren har arbeidd i blodbanken sidan 2012. Ho fann stillinga på Finn.no, var på intervju og fekk jobben.

– Eg hadde ikkje så mange andre forventningar enn å få lov til å hjelpe menneske, og det får eg. Som sjukepleiar kan ein jobbe med mykje forskjellig. Eg har jobba på sjukeheim, på sengepost på sjukehus, eg har jobba i det private med helseforsikring og no har eg vore ti år i blodbanken.

Sjølv om utdanninga er grunnsteinen, lærer ein masse når ein startar i ein ny jobb, med ulike rutinar, spesialområde og ulike arbeidskulturar.

– Dei fleste blodbankar i Noreg har berre bioingeniørar som jobbar hos seg, men her i Oslo tilset dei også sjukepleiarar. Vi utfyller kvarandre fint med ulik kompetanse.

Foto: OUS

Rutinar, men ikkje keisamt

Ei feiloppfatning Torill Askjem Aae opplever folk har om yrket, er at ein som sjukepleiar kan alt om sjukdom.

– Men ein blir veldig spesialisert ut ifrå kvar ein jobbar og kva ein jobbar med. Mange trur at jobben i blodbanken er keisam og veldig rutine. Rutinar er det, men fordi eg heile tida møter nye menneske blir det aldri ein heilt lik dag.

Ein typisk arbeidsdag tek ho imot blodgjevarar, sjekkar at dei kan gje blod, «tappar» blod, og ser til at dei har det bra medan dei gjev blod.

Det er mykje praktisk rundt som må organiserast og ordnast av blodprøver og diverse anna. I tillegg har ho ei spesialstilling på 50 prosent som går ut på å jobbe med verving og rekruttering av blodgjevarar.

– Då har eg ansvar for blodbanken sine sosiale medium, for å dra ut og verve blodgjevarar ulike stader, og snakkar med journalistar om dei tar kontakt med oss. Eg får også av og til bli med blodbussen når han tar imot blodgjevarar ulike stadar i Oslo.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av BlodbankenOslo (@blodbankenoslo)

Store delar av koronapandemien var sjukepleiaren i mammapermisjon. Då ho kom tilbake, var ting ganske normale, sett bort frå at både tilsette og blodgjevarane måtte bruke munnbind.

– Så var det så klart ekstra mykje reinhald som måtte gjerast, desinfisering av overflater og liknande.

Drøymer om fleire blodgjevarar

Det mest utfordrande med jobben synest 42-åringen er at ein gjerne skulle gjort meir eller noko på ein annan måte av og til, men økonomi og ressursar kan gjere det utfordrande.

– I mi stilling no i blodbanken drøymer eg om at vi klarar å doble talet på blodgjevarar i Noreg frå dagens 3 prosent av befolkninga til 6 prosent. Utan blod stoppar sjukehusa opp.

I Oslo går 47 prosent av blodprodukta til kreftbehandling.

– Vi er heilt avhengige av blod og det må bli gjeve. Utan blod går liv tapt.

Foto: OUS

Test å jobbe med menneske

Torill Askjem Aae meiner yrket passar for dei som er glade i å jobbe med menneske, og vil gjere ein forskjell.

Ho rår unge som er nysgjerrige på om yrket kan vere noko for dei til å skaffe seg ein jobb med menneske, og sjå korleis dei synest det er, til dømes på ein sjukeheim.

– Sjølv starta eg på det som i si tid heitte helse- og sosialfag og tok 1. år hjelpepleiarutdanning for å sjå om sjukepleiar var det eg ville. Så tok eg generell studiekompetanse og søkte meg inn på sjukepleiar.

Eline Prytz Andersen (27) har ei mastergrad i teoretisk fysikk, og jobbar som innhaldsdegignar i selskapet Halogen. Foto: Privat