Kaisa (24) lærte aldri kvensk på skulen – kjempar for å bli kvensklærar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har faktisk ingen å miste når det kjem til utdanning i kvensk, men det var ikkje den kjensla eg sat att med etter møtet med UiT.

Til sommaren er Kaisa Sundelin (24) ferdig utdanna grunnskulelærar. Aller helst skulle ho vore lærar som kunne undervist i og på kvensk, men det vert ho ikkje.

Då ho var andreårsstudent i 2019 opna Universitetet i Tromsø for at grunnskulelærarar kunne ta kvenskfag, men det var berre mogeleg for førsteårsstudentane.

Det var ingen som valde kvensk. Berre andreårsstudent Sundelin melde interesse.

– Men det var likevel ikkje mogeleg å late meg ta kvensk.

Å få snakke språket til bestefar

Heller ikkje i sin eigen oppvekst har Kaisa Sundelin hatt mogelegheit til å lære kvensk.

Ho er vaksen opp i Alta, og etter opplæringslova har elevar med kvensk/norsk-finsk bakgrunn rett til opplæring i kvensk eller finsk, dersom minst tre krev det. Retten gjeld berre i Troms og Finnmark, og berre i grunnskulen.

Sundelin prata litt kvensk som lita, men laut lære finsk i skulen, for noko tilbod i kvensk var der ikkje.

– Eg har ein veslebror som er 10 år, og han har framleis ikkje noko tilbod i kvensk. Det har ikkje forandra seg så mykje, seier Sundelin.

Ho understrekar at det var fint å ha finsk, og at ho er ein av dei heldige som i det heile fekk noko språkundervisning. Men det er ikkje språket ho hadde lært om ho hadde eit reelt val.

– Tilhøyrsla til språket ville vore heilt annleis om eg hadde fått kvensk. Det å kunne snakke det same som bestefar.

Berre éin lærar stod på eksamen

Verken Kaisa Sundelin eller syskena har fått kvenskundervisning i skulen. Grunnen er så enkel og så vanskeleg: det er stor mangel på lærarar som kan undervise i språket.

For å bøte på problemet fekk Universitetet i Tromsø løyvd pengar frå Kunnskapsdepartementet, og stimulering frå det som då heitte Fylkesmannen i Troms og Fylkesmannen i Finnmark.

Frå og med studieåret 2019/2020 var kvensk eit valfag i grunnskulelærarutdanningane i Alta. Emna kunne også verte tekne som enkeltemne, for lærarar som ville ha etter- eller vidareutdanning.

Berre to studentar følgde kvenskundervisninga, og begge tok fag som enkeltemne. Berre éin tok eksamen og bestod, ifølge UiT.

– Må vere praktisk gjennomførbart

Instituttleiar Siw Skrøvset seier det er vanskeleg å ta inn nye fag som andreårsstudent, uavhengig av om det er mange eller få studentar som skal ta faget..
Foto: UiT

Siw Skrøvset, instituttleiar ved ILP, seier ho kjenner til Sundelin si sak.

– Dette handlar om organisasjonsmodellen for vår samlingsbaserte lærarutdanning i Alta, som gjer det vanskeleg – om ikkje umogeleg – å ta nye fag etter det første året, seier Skrøvset. 

Skrøvset og instituttet er samde i at det er viktig å leggje til rette for studentar som vil oppnå undervisningskompetanse i kvensk:

– Men det må samstundes vere praktisk gjennomførbart. Vi vil gå i dialog med instituttet som tilbyd kvensk, for å sjå kva det er mogeleg å få til. 

Kva ansvar har ILP for å sikre at det er nok kvensklærarar i Noreg til å tilby alle elevar med rett på kvenskundervisning i skulen eit reelt tilbod?

– Ved ILP er vi bevisste vårt samfunnsansvar, det same er UiT sitt styre. Universitetsstyret vedtok på sitt førre møte å løyve ei ekstra stilling til samisk, slik at samisk kan verte tilbydd som fag i vår lærarutdanning. Vi håpar noko av det same kan skje med kvensk. I tillegg må kommunane vere seg sitt ansvar bevisst, avsluttar Skrøvset.

Vurderer andre mogelegheiter

Valfaget i kvensk er no fjerna frå GLU i Alta.

Cathrine Theodorsen er instituttleiar ved Institutt for språk og kultur.
Foto: UiT Norges arktiske universitet

– Vi var samde om at vi ikkje har kapasitet eller mogelegheit til å ha eit ståande tilbod. Det var ikkje fleire midlar, opplyser Cathrine Theodorsen på telefon til Framtida.no.

Ho er instituttleiar ved institutt for språk og kultur ved UiT. Dei stod ansvarlege for innhaldet i valfaget.

Ho utelukkar ikkje at eit nytt tilbod kan kome på plass, om friske midlar kjem til. Per no, meiner UiT ein heller lyt satse på etter- og vidareutdanning av folk som allereie er lærarar.

Då må andre myndigheiter òg vere med, som kommunar og fylkeskommunar, seier instituttleiaren.

– Må ein då flytte til Tromsø for å få undervisningskompetanse i kvensk? 

– Vi har ikkje heildigitale tilbod. Det å lære seg eit slikt språk er ganske krevjande om ein tenkjer ein skal sitje heime åleine og gjere det digitalt på kveldstid. Du treng medstudentar og du treng lærarar, for det er krevjande for alle partar.

– Har de vurdert eit samlingsbasert tilbod i kvenskundervisninga?

– Det er sånne ting vi skal byrje å diskutere no. På kva måtar skal vi få fleire studentar i kvensk. Om vi berre har nok studentar er det lettare for oss å tilby fleksible tilbod.

Instituttleiaren peikar på at eit eventuelt samlingsbasert tilbod vil krevje førearbeid: både for å finne ut kva interessegruppene spør etter, men òg kva som er mogeleg innanfor dei økonomiske rammene til universitetet.

– Men det er absolutt noko vi diskuterer. Både fordi det er eit krav frå heile sektoren, og for at vi har det samfunnsansvaret vi har – og det tek vi eigentleg veldig på alvor.

Gjev ikkje opp

Kaisa Sundelin meiner kvensktilbodet som har vore på UiT til i dag har vore for dårleg.

– Ein kan ikkje skulde på økonomi når ein har ein eigen strategi om at UiT skal vere det leiande universitetet på kvensk og samisk.

Ho har forståing for at lærarutdanninga er lagt opp veldig rigid og at det er mange fag og praksisar ein må gjennom. Likevel meiner ho det er viktig å leggje til rette for dei som vil oppnå undervisningskompetanse i kvensk.

– Eg kan forstå at det er få studentar, men det var veldig lite velvilje når dei no faktisk hadde nokon som ønskjer å ta kvensk. Det er ikkje så altfor mange av oss.

Endå det er fleire vegar til å verte kvensklærar, så meiner ho det er viktig å få språket inn i lærarutdanninga, slik ein har gjort med samisk.

For hennar eigen del, så gjev ho ikkje opp. Ho skal framleis lære seg kvensk og håpar på ei etterutdanning som lærar, eller fag ho kan ta ved sida av jobb.

Sundelin vil ikkje svartmåle situasjonen, for ein ting er ho tydeleg på:

– Eg ynskjer meg mange medstudentar, slik at vi vert mange kvensklærarar!


Fritt Ord-logo, blåDenne saka er ein del av artikkelserien «Minoritet og makt», som er eit journalistisk prosjekt støtta av Fritt Ord-stiftinga.

Har du tilbakemeldingar eller tips til prosjektet? Send oss ein e-post på tips (at) framtida.no, eller ei melding på Instagram.


Kristine Jonas peikar på barn som lærer kvensk i skulen må ha vaksne å prate kvensk med elles i samfunnet, viss ikkje vert det vanskeleg å halde på språket. Foto: Arne Hauge