«Måten vi vert skrivne om gjev ofte eit inntrykk av at vi er noko som ein gong eksisterte»

Kristine Jonas (24) og Henrik Madsen (28)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribentane sine eigne meiningar.

Vel ein å snakke høgt om identiteten sin, hamnar ein gjerne i ein posisjon der det er forventa at du er både historikar, representant og lingvist.

Ein må ha full kunnskap om kven og kva kvenar er, kvifor vi vert definerte som eit eige folk, og kor vidt språket vårt er ei finsk dialekt eller eit eige språk (som det òg har status som).

Kor mykje kven er du eigentleg?

Fornorskingspolitikken har forårsaka store brot i kunnskapsformidlinga mellom generasjonane, noko som har ført til låg kulturell sjølvtillit blant oss unge.

Ønskjer ein å søkje kunnskap om folket vårt og kulturen vår, er det høg terskel for å finne han. Bur ein nordpå har ein kanskje slekt eller naboar å spørje, men bur ein sør i landet finst det få alternativ til å finne rett informasjon.

Midt i alt dette vert ein ofte sett på som ein representant for heile det kvenske folket. Seier ein dette høgt vert det ofte møtt med tvil og mistanke: Men, kor mykje kven er du eigentleg? 

Denne tvilen og mistanken kan vere noko som vert retta mot ein, så vel som noko ein rettar mot seg sjølv. Det er mykje å bere som ein ung kven i søken etter eigen identitet.

Ein uheldig spiral

Heilt frå barnehage til høgare utdanning sit lærarane sjølve og lagar eigne skuleressursar til kvenskundervisning, fordi det finst svært få skulebøker, lite litteratur og ressursar. Sjølv i dei områda med lovfesta morsmålsundervisning i kvensk og finsk, slit ein med å finne folk til å undervise det.

Her hamnar ein i ein uheldig spiral, der ein ikkje får undervist kvensk grunna mangel på lærarar som er komfortable med å undervise det, samstundes som ein ikkje får tetta lærargapet grunna mangel på folk som har fått undervisning i språket.

Det er mykje å bere som ein ung kven i søken etter eigen identitet.

Mellom 2014 og 2019 gjennomførte Kvenungdommen eit prøveprosjekt med kvääniluusit – kvenske losar, som liknar dei eksisterande ordningane med jødiske og samiske vegvisarar.

Pilotprosjektet konkluderte med at det er eit stort behov for formidling av kvenske språk og kultur i skuleverket, men at ansvaret for å møte og dekkje samfunnets behov ikkje kan ligge på ungdomen sjølv. Det ender berre med utbrend kvenungdom.

Dessverre vert dette spegla også i resten av samfunnet. Kunnskapen om kvenar og det kvenske språket er liten og svært mangelfull. I lærebøker vert vi omtrent ikkje omtalte, og der vi vert det, er det gjerne i ei forbigåande setning.

Måten vi vert skrivne om gjev ofte eit inntrykk av at vi er noko som ein gong eksisterte, og ikkje noko som framleis eksisterer. Noko vi i aller høgste grad gjer.

Med denne kunnskapsmangelen ser vi med bekymring på korleis framtida sine leiarar og politikarar skal ta dei rette vala for oss, både no og i framtida.

Motvilje frå storsamfunnet

Den reelle djupna av desse problema vert særleg tydeleg i møte med storsamfunnet. Vi møter ei generell motvilje både i det offentlege og det private.

Som nemnd tidlegare er kampen om undervisning i kvensk ein stadig oppoverbakke. Universitetet i Tromsø (UiT) har offisielt eit tilbod om kvensk utdanning, som dei ofte skryt av, men som ikkje fungerer i praksis. Dei tek nemleg ikkje opp studentar, og fleire unge kvenar med planen klar må vente nok eit skuleår før dei kan studere det dei eigentleg ønskjer.

Lenger sør møter kvenar også motvilje. I Bergen vart det tidlegare i år føreslått å innlemme kvenfolkets dag og den internasjonale romanidagen i kommunen sitt flaggregelverk. Flaggregelverket deira inneheld allereie dagar som ikkje er offisielle flaggdagar i Noreg, mellom anna dei svenske, finske og islandske nasjonaldagane, samt grunnlovsdagen til Danmark.

Foto: Kvenungdomen

Trass i at Bergen allereie hadde flagga med kvensk flagg månaden føre, vart forslaget nedstemt av fleirtalet av partia. Byrådspartia skulda i grunngjevinga si på dei andre nasjonale minoritetane, og meinte at ettersom ikkje alle hadde flaggdag, ville dei ikkje flagde for nokon.

Vi forsvinn ikkje med det første

Motviljen er dessverre ikkje berre avgrensa til å gjelde oss som gruppe, men òg som enkeltpersonar. Deriblant eit tilfelle kor ein ung kven fekk bekymringsmeldingar sendt til jobben sin, grunna eit ønske om å skrive om historie i kvensk kontekst.

Eit anna finn vi hjå ein ung kven som enda opp med å stryke på ei semesteroppgåve, der det skulle verte skrive om eit samtidsaktuelt tema, då vurderingsansvarleg meinte det kvenske «ikkje var aktuelt nok».

Vi kan trekke fram slike døme i ei æve, men håpar dette gjev eit inntrykk av kva utfordringar vi møter som unge kvenar i dag. Hovudpoenget er at kvenar i høgste grad er eit folk med eit levande språk og ein levande kultur i vekst, og vi håpar den generelle kunnskapen blant befolkninga heng med.

Vi forsvinn nemleg ikkje med det første.  


Har du noko på hjartet? Send eit meiningsinnlegg eller eit tips til tips(a) framtida.no. 


Styreleiar i Kvääninuoret – Kvenungdommen Åsne Kummeneje Mellem. Foto: Åsne Kummeneje Mellem