Åsne høyrer til ein minoritet få har lært om på skulen: – Ein vert makteslaus

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje ein ny rapport frå Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM) har éin av seks nordmenn aldri høyrt om kvenar/norskfinnar.

Åsne Kummeneje Mellem, leiar i Kvääninuoret – Kvenungdommen, gjekk på grunnskule i Tromsø. Ho har sterke minne om at ho bladde frå perm til perm kvar gong ho fekk nye skulebøker. Ho leitte etter omgrepet kven.

– Eg fann det i eitt avsnitt i tredjeklasse på vidaregåande. Det hugsar eg var eit stort augeblikk. Då kunne eg endeleg verifisere alt det besteforeldra mine hadde snakka om i barndomen. At det ikkje var eit eventyr, men faktisk sant.

Men avsnittet i læreboka skreiv at kvenar var eit folk som hadde kome frå Finland til Noreg. Var, fortid.

Ni av ti har ikkje lært om nasjonale minoritetar

NIM har granska haldningar til samar og dei nasjonale minoritetane i Noreg – jødar, kvenar/norskfinnar, skogfinnar, romar og romani/taterar. Her kan du lese heile rapporten! 

Dei nye tala syner stor kunnskapsmangel. I tillegg har ein betydeleg andel observert hatprat mot jødar, samar, romar og romani/taterar dei siste 12 månadane.

Rapporten viser:

  • Éin av tre har aldri høyrt om skogfinnar.
  • Éin av seks har aldri høyrt om kvenar/norskfinnar.
  • Ni av ti oppgir at dei har lært lite eller ingenting om kvenar/norskfinnar, skogfinnar, romar og romani/taterar på skulen.
  • Halvparten oppgir at dei har lært lite eller ingenting om samar.
  • Éin tredel oppgir at dei har lært lite eller ingenting om jødar.
  • Tre av fire oppgir at dei har lite eller ingen kunnskap om kvenar/norskfinnar, skogfinnar, romar og romani/taterar i dag.
  • Éin tredel oppgir at dei har lite eller ingen kunnskap om samar og jødar i dag.

Undersøkinga er utført av Kantar Public i november 2021 på oppdrag frå NIM. Undersøkinga var retta mot 2654 respondentar i eit representativt utval av Noregs befolkning, avgrensa til personar fylt 18 år eller eldre.

Tunge tal

Kvenungdom-leiar Åsne Kummeneje Mellem seier til Framtida.no at tala er trist lesing, men ikkje uventa. Statistikken kjenner ho att frå kvardagen.

– Det er på ein måte ein skugge som ligg over arbeidet vi gjer. Vi veit det er slik, men det er tungt å lese, seier ho oppgitt.

– Ein vert sliten og makteslaus, rett og slett.

Ho fortel at kunnskapsmangelen er noko av det Kvenungdommen løftar kvar gong dei møter politikarar, og at det er godt å få tal som underbyggjer det dei til stadigheit må seie: «Folk veit ikkje om oss».

– Ein jobbar så hardt og mykje for dette, og ser kor dårleg det står til, så lurer ein jo på kva er eigentleg poenget med det vi driv med? Det er seigt for arbeidsmotivasjonen i det kvenske miljøet.

«Dei» samane

Noereh-leiar Lars-Bjørnar Knutsen er overraska over at «berre» halvparten oppgir å ha lært lite eller ingenting om samar. Han seier at dei ofte òg høyrer om lærarar som ikkje har nok kunnskap om det samiske til å undervise om det.

Lars-Bjørnar Nøstan Knutsen er leiar i Noereh. Foto: Privat

– Den samiske historia i Noreg er ikkje noko du les om i historietimen. Du får ikkje vete at samisk er meir enn eitt språk og at vi har vore her i Skandinavia i lang tid, og også var her under andre verdskrig og gjorde vår del for å beskytte folk og område, seier han og held fram:

– Det samiske vert fort til «dei» og vert fort tilsidesett.

Stereotypi-fella

Både Noereh-leiaren og Kvenungdommen-leiaren er uroa for at kunnskapen som vert formidla om samar, kvenar og dei andre nasjonal minoritetane baserer seg på stereotypiar.

Dei som oppgir at dei lærte mykje om gruppene på skulen oppgir, ifølgje rapporten, at samar vert forbunde med reindrift, språk og kultur. Kvenar/norskfinnar vert forbunde med innvandring frå Finland, språk og jordbruk.

– Kvenar vert gjerne skrivne om i ein liten boks, der vi er skildra som eit innvandrarfolk som drog frå hungersnaud. Men eg har aldri vandra frå Finland og eg er kven. Kva gjer kvenar i dag? Kva gjer samar i dag? utfordrar Mellem.

NIM: – Systematisk samfunnsproblem

NIM meiner funna syner eit systematisk samfunnsproblem som krev felles innsats og fleire ulike tiltak.

– Samane og dei nasjonale minoritetane bør ikkje bere dette ansvaret åleine, slår NIM fast i rapporten.

Rapporten føreslår fem tiltak:

  1. Det bør verte sett i gang eit nasjonalt kompetanseløft.
  2. Det bør verte utarbeidd nasjonale handlingsplanar mot hatprat/hets. 
  3. Det bør verte utarbeidd lokale handlingsplanar mot hatprat/hets.
  4. Det bør verte utarbeidd ei lågterskelløysing for å melde frå om hatprat/hets. 
  5. Alle politidistrikt bør samle inn og publisere statistikk om hatefulle ytringar og hatkriminalitet mot samar og nasjonale minoritetar.

Til VG seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) at dei no skal lese rapporten og tilrådingane frå NIM, og så vurdere eventuelle tiltak for å styrke kunnskapen om dei nasjonale minoritetane og motverke fordommar:

– Dei nasjonale minoritetane skal vere ein heilt naturleg del av fellesskapet, og vi har alle eit ansvar for å stanse hets og rasisme, seier Brenna til VG.

– Vi ventar på ein telefon

Noereh-leiar Knutsen meiner tiltaka NIM føreslår burde vore på plass for mange år sidan, og peikar òg på behovet for meir kulturell og historisk forståing hjå offentlege instansar som politiet, helsevesenet og barnevernet.

Åsne Kummeneje Mellem frå Kvenungdommen meiner dei overordna tiltaka NIM føreslår er viktige og noko alle er samde om, men poengterer kor avgjerande det er med handlekraft og ikkje berre tomme ord:

– Sjølvsagt må ein setje i gang eit kompetanseløft, men korleis skal dei gjere det? Korleis skal det føregå på premissane til dei nasjonale minoritetane og urfolk? Vi ventar på ein telefonsamtale frå dei.

Mellem understrekar at endå det kvenske miljøet har tenkt å kjempe endå hardare, så må staten ta ansvar.

– Dette er for stort for oss å gjere noko med åleine. Vi forventar at dei som kan gjere noko med det, gjer det. Ansvaret ligg på staten Noreg, og viss ikkje dei tek det så held fornorskinga berre fram i det stille.


Oppdatering 26. august, kl. 13.08: Saka er oppdatert med ein kommentar frå kunnskapsministeren. 


– På ein måte var målet med meiningsinnlegget og artiklane at personar i kajakkmiljøet skulle bry seg, og skulle gidde å legge ned arbeidet som krevst for å vere inkluderande på ekte. Men det har ikkje hendt. Det er ganske trist.
Foto: Justine Salvaro