Forsvaret endrar opplæringa ved rekruttskulane for å få bukt med mobbing og trakassering
Arbeid mot mobbing og trakassering blir i større grad ein del av opplæringa ved Forsvarets rekruttskular. Det er eitt av tiltaka etter dei mange varslingssakene.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er der vernepliktige møter Forsvaret for første gong. Vi skal justere programmet til at det i langt større grad inneheld kunnskap om korleis vi jobbar mot mobbing og seksuell trakassering, og det skal trenast på verdiar, kulturar og etikk i ei langt meir aktiv rolle enn før, seier forsvarssjef Eirik Kristoffersen.
Forsvaret skal leggje fram ein plan mot mobbing og trakassering. Denne er ikkje klar enno, men forsvarssjef Eirik Kristoffersen fortalde måndag om nokre av punkta i planen.
– Alle skal vere innforstått med lover og reglar rundt språkbruk, mobbing og trakassering, seier han.
Framleis delte rom
Mellom anna skal erfarne befal og offiserar i større grad vere til stades på rekruttskulane for å støtte og rettleie yngre leiarar.
Dessutan skal leiarar på alle nivå få opplæring i korleis mobbing og trakassering kan førebyggjast.
– Vi har gjort dette tidlegare òg, men dette skal forsterkast. Vi skal også sjå på konsekvensane når det blir gjort overtramp og sikre at det blir gitt rette reaksjonar uavhengig av grad og stilling, seier Kristoffersen.
Eit anna tiltak er at ingen kvinner eller menn skal vere den einaste av sitt kjønn på eit rom.
– Mange har tenkt at ei enkel løysing er at kvinner og menn bur på ulike rom. Dette er noko vi vurderer jamleg, men tillitsvalde meiner at dei som skal jobbe saman og løyse oppdrag saman, også bør bur saman. Vi kjem inntil vidare til å halde fram med å la kvinner og menn bu på same rom, men minst to av same kjønn, seier Kristoffersen.
Alkoholservering
Alkoholserveringa i befalsmessene skal også vurderast.
– Alkohol er involvert i mange av sakene. Vi skal sjå på serveringa saman med både tillitsvalde og arbeidstakarar, lytte til innspel og finne gode løysingar, seier Kristoffersen.
I tillegg aukar dei talet på inspiserande befal, som er dei som sjekkar kasernane i helgane.
– Dette er allereie innført fleire stader, seier Kristoffersen.