«Forsvaret har ikkje evna å vere tydelege på kva dei skal gjere for å trygge kvinner»

Andreas Engevik

Aleksander Engevik
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

8. mars valde Forsvarsdepartementet å tvitre ein gratulasjon til kvinner som gjer landet vårt trygt ved å tenestegjere.

Det er vel og bra, men kva tyder det når kvinner ikkje er trygge for overgrep i Forsvaret?

Kvifor nyttar ikkje departementet kvinnedagen til å forsikre befolkninga, og særleg kvinner i teneste, at dei skal gjere alt i deira makt for å bli kvitt ukulturen slik at kvinner trygt kan melde seg til teneste?

Ein gratulasjon er i og for seg ikkje problematisk, men han kjem ikkje i et vakuum.

Forsvaret har ikkje evna å vere tydelege på kva dei skal gjere for å trygge kvinner. Dei har, trass i tal som fortel oss det motsette, nekta å kalle overgrepa ein ukultur.

Eg som står på utsida syns ukultur er ein mild beskriving. For meg ser det ut til at Forsvaret har ein valdtektskultur.

Ukultur med seksuell trakassering og overgrep

I 2021 kom det ein rapport som viste at Forsvaret hadde ein ukultur med seksuell trakassering og overgrep. Sidan den gong er det vanskeleg for oss utanfor Forsvaret og sjå kva dei har gjort for å betre situasjonen for kvinner.

I februar fekk me eit grufullt innblikk i kva Silje Falmår blei utsett for under fyrstegongsteneste. Det ho fortel er sjokkerande og dei aller fleste ynskjer ikkje at det skal være slik i Forsvaret. Samstundes er det nærast umogleg for oss utanfor Forsvaret å forstå kva Forsvaret vil gjere for å forhindre at overgrep skjer igjen.


Då eg etter å ha tvitra om saka blei spurd om å skrive nokre refleksjonar om Forsvaret og Forsvarsdepartementet si kommunikasjon om ukulturen var eg fyrst i tvil.

Er det rett at eg, ein mann som aldri har vore i Forsvaret og som ikkje er tenestedyktig skal meine så mykje offentleg om deira handtering? Det må da finnast folk med betre innsikt og kompetanse som kan meine noko?

Forsvar som tek tak i ukulturen

Eg skal ikkje legge skjul på at eg alltid har vore kritisk til Forsvaret, men dei er ein av dei viktigaste institusjonane me har i samfunnet. Samstundes er konformitet, uniform og lyding av ordre vanskeleg å forstå for ein liberalar som meg som elskar mangfald og personleg utfalding.

Eg takka likevel ja. Ikkje fordi eg sit på unik innsikt i Forsvaret eller dei grufulle overgrepa som har komme fram i lyset, men nett fordi eg ikkje har den innsikta.

Eg er berre ein mann som blir forferda over det eg les om saka og som ynskjer eit Forsvar som tek tak i ukulturen ved rota. Det opplever eg ikkje at skjer no.

Det er sjølvsagt mogleg at eg tek feil. Forsvaret har kanskje tatt gode grep for å forhindre framtidige overgrep. Likevel slit eg med å tru at dei tek det på alvor.

Kor vanskeleg er det eigentleg å berre seie: «Me har ein ukultur. Me har ikkje gjort nok for å trygge kvinner i Forsvaret og me lover å gjere alt me kan for å rydde opp og gir oss ikkje før me er i mål!»

Den famøse hytteturen

Men, nei. Det me får servert er masse viss-at og om-at.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram, som har øvste ansvar har liten tillit etter han deltok på den famøse hytteturen kor han og sju andre senterpartipolitikarar var til stade der det blei send ei trakasserande tekstmelding til tidlegare leiar for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete. Etter hytteturen nekta alle politikarane for å ha sendt meldinga eller visst noko om ho.

At tilsette i Forsvaret blir forfremja trass i at dei har fått varslar mot seg gjer det også vanskeleg å tru forsvaret når dei forsiktig ymtar at dei tek situasjonen på alvor.

Alle skjønar at eit varsel i seg sjølv ikkje må bety at ein er uskikka for teneste, men det burde i det minste sette moglege forfremjingar på pause.

Kommunisere klårt og tydeleg

Å bli kvitt trakassering og overgrep er vanskeleg. Hadde det vore lett ville me kvitta oss med det for lenge sida.

Det som derimot er lett, er å kommunisere klårt og tydeleg til alle nordmenn at Forsvaret og departementet skal gjere alt dei kan for å rydde opp.

Der har dei svikta til no.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Rebekka Kvilaas og to påstandar frå Pornoprat.no

Kommunikasjonsansvarleg i Seksualpolitisk Nettverk for Ungdom, Rebekka Kvilaas, skulle gjerne hatt ein litt meir nyansert pornoprat enn det ho finn på nettsida Pornoprat.no, laga av Lightup Norway. Foto: Privat og skjermdump frå Pornoprat.no. Kollasj: Framtida.no