Senterungdommen har mista 23 prosent av medlemmane sine

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 15.03.2023 10:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vil jo gjerne ha endå fleire med på laget, seier Senterungdom-leiar Andrine Hanssen-Seppola på e-post til Framtida.no.

Ho viser til medlemstala til Senterungdommen. Ved utgangen av 2022 hadde ungdomspartiet 1537 medlemmar.

Dei siste to åra har Senterungdommen mista 455 medlemmar, det er ein nedgang på nesten 23 prosent. I 2020 hadde partiet 1992 betalande medlem, og i 2021 var talet 1803.

Sjølv om medlemsutviklinga er negativ, meiner leiaren at Senterungdommen aldri før har hatt så mange aktive medlemmar.

– Det er stort engasjement for Senterungdommen, og viktige saker for oss – som at alle har gode skular og tenester og nei til frislepp av narkotika.

Ikkje uroa

Hanssen-Seppola meiner nedgangen kjem av at medlemmar som kom til under koronapandemien ikkje har betalt kontingent for 2022.

– Vi har altså mista ein del av dei som vart med på laget då vi ikkje hadde mogelegheit til å møtest fysisk, og å diskutere politikk og få seg nye vennar er for mange ein viktig årsak for å melde seg inn i eit ungdomsparti.

Senterungdom-leiaren er likevel ikkje uroa over medlemsutviklinga. Ho trur fleire vel å engasjere seg lokalt, og peikar på at partiet har svært mange kandidatar til det komande lokalvalet.

Hanssen-Seppola trur ikkje moderpartiet sin innsats i regjering har hatt mykje å seie for medlemsutviklinga i Senterungdommen.

– Dette handlar meir om at færre unge engasjerer seg politisk, særleg etter pandemien. Det er dumt, når det er vår generasjon som skal leve med konsekvensane av dagens politikk, uansett kven som styrer landet.

Nedgang for Sosialistisk Ungdom, Grøn Ungdom og Unge Høgre

Senterungdommen er ikkje åleine om å ha mista medlemmar det siste året. Det same har Sosialistisk Ungdom, Grøn Ungdom og Unge Høgre.

Grøn Ungdom

Grøn Ungdom har gått frå 954 betalande medlemmar i 2021 til 780 i 2022. Det er ein nedgang på dryge 18 prosent.

Talsperson Margit Martinsen seier dei merkar på motivasjonen til medlemmane at det ikkje har vore mogeleg å ha det like gøy som vanleg, under koronapandemien.

Bilete syner Margit Martinsen, som er ein av to talspersonar i Grøn Ungdom.

Margit Martinsen er talsperson i Grøn Ungdom.
Foto: Privat

– Organisasjonsarbeidet vert tyngre når filmkveldane, demonstrasjonane, plakatverkstadane og pizzamøta ryk, medan ringerundane, årsmøtearbeidet, medlemsoppfølginga og e-postane består, forklarar ho på e-post til Framtida.no.

Martinsen peikar på at det er vanskelegare å halde på unge medlemmar, og at det har vore utfordrande for Grøn Ungdom når dei ikkje har kunna vore synlege på skular og møteplassar.

GU-talspersonen har likevel tru på at ungdomspartiet skal kome tilbake til 2020- og 2019-nivå, då dei hadde kring 1000 medlemmar, så fort som råd.

– Eg er skikkeleg stolt over kor mykje fylkeslaga våre står på no, for å byggje opp organisasjonen før valet.

Unge Høgre

Unge Høgre har hatt ein stor nedgang i det totale talet medlem, med ein nedgang på kring 17,5 prosent. I 2021 hadde ungdomspartiet 3739 medlemmar, i 2022 har talet sokke til 2078.

Ungdomspartiet presiserer at dei i 2020 endra retningslinjer internt på kven som kan vere aktive medlem og kven som vert rekna som støttemedlem.

Unge Høgre held seg difor mest til talet medlemmar under 26 år, der nedgangen har vore betydeleg mindre: Frå 2294 medlemmar i 2021 til 2267 medlemmar i 2022.

Sosialistisk Ungdom

Ved utgangen av 2022 hadde Sosialistisk Ungdom 1334 medlemmar, og partiet har dimed mista 94 medlemmar frå året før.

Bilete syner Synnøve Kronen Snyen, leiar i SU.

Synnøve Kronen Snyen, leiar i Sosialistisk Ungdom. Foto: SU

Leiar Synnøve Kronen Snyen fortel at dei er nøgde med medlemsutviklinga i ungdomspartiet, då dei trass alt har hatt vekst sidan 2020. Då hadde partiet 1277 medlemmar.

Ho peikar på at det er heilt vanleg for partiet å ikkje få like mange nye medlemmar i år utan val.

– Vi håpar og trur på mange fleire medlemmar under årets valkamp, seier Snyen på e-post til Framtida.no.

Medlemsvekst hjå AUF, Unge Venstre, KrFU, Raud Ungdom og FpU

Det er ikkje alle medlemspartia som har hatt nedgang i medlemstalet sitt. AUF, Unge Venstre, Kristeleg Folkeparti Ungdom, Raud Ungdom og FpU kan glede seg over framgang.

AUF med størst vekst

AUF har hatt den største medlemsveksten av ungdomspartia, med heile 18 prosent fleire medlemmar i 2022 enn året før. Ungdomspartiet hadde 7613 medlemmar i 2021, og auka til 8997 medlemmar i 2022.

Jan Halvor Vaag Endrerud er generalsekretær i AUF.
Pressefoto

Generalsekretær Jan Halvor Vaag Endrerud seier AUF – som så mange andre – merka eit stort fall i både medlemskap og aktivitet gjennom pandemien. Den siste perioden har dei difor arbeidd strategisk for å byggje organisasjonen opp att.

– No opplever vi ei veldig stor auke i engasjement hos oss. Eg er stolt over at fleire unge no har oppdaga AUF og ønskjer å engasjere seg for det dei trur på, rundt om i heile landet. Dette skapar meir demokrati, meir aktivitet og fleire dyktige tillitsvalde.

Unge Venstre

Unge Venstre kan òg glede seg over medlemsvekst i 2022. Frå 958 betalande medlemmar i 2021, auka ungdomspartiet til 994 i 2022.

Biilete av Hans Jacob Huun Thomsen, 1. nestleiar i Unge Venstre.

Hans Jacob Huun Thomsen er 1. nestleiar i Unge Venstre.
Pressefoto

– Stadig fleire lokallag har vorte stifta og stabla på beina i kjølvatnet av pandemien, og har gjort ein god innsats for å verve nye medlemmar, forklarar Hans Jacob Huun Thomsen, 1. nestleiar i partiet.

Samstundes understrekar Huun Thomsen at Unge Venstre har høgare ambisjonar, og satsar på ein betydeleg medlemsvekst i 2023.

Framstegspartiets Ungdom

FpU har gått tilbake samanlikna med åra før koronapandemien, men har auka frå 2021 til 2022.

Partiet har fått 37 nye betalande medlemmar, og ved utgangen av 2022 hamnar dei difor på 1256 medlemmar.

KrFU

Bilete syner Jona Lie, generalsekræt i KrFU.

Jona Lie er generalsekretær i KrFU.
Foto: KrFU

KrFU-generalsekretær Jona Lie seier ungdomspartiet tek med seg frisk motivasjon inn i valkampåret: partiet har nemleg òg vekst.

KrFU har gått frå 1120 medlemmar i 2021 til 1145 medlemmar i 2022.

– Etter ein nedgang dei siste åra, har vi klart å snu trenda og ser at fleire ønskjer å vere ein del av KrFU, seier Lie på e-post til Framtida.no.

Raud Ungdom

I 2019 hadde Raud Ungdom 868 medlemmar, men i løpet av det første koronaåret miste ungdomspartiet heile 38 prosent av medlemmane sine.

Frå 2021 til 2022 sanka dei 62 nye betalande medlemmar og hamna på 709, men Raud Ungdom er framleis eit stykke unna medlemstalet før pandemien.

– Men vi ser ei god utvikling og har store mål for 2023 og tida framover, seier Raud Ungdom-leiar Alberte T. Bekkus på e-post til Framtida.no.

Bilete syner Alberte Bekkhus, leiar i Raud Ungdom.

Alberte Tennøe Bekkhus er leiar i Raud Ungdom. Foto: Ihne Pedersen

Ho seier dei er stolte av å ha hatt medlemsvekst frå eit valår til eit år utan val.

– Målet er sjølvsagt å stabilisere oss på minst 10 prosent av Raudts nivå, og sjølvsagt gjerne høgare òg, seier ho.

For å nå målet, treng ungdomspartiet kring 1400 medlemmar. Bekkhus meiner det både er gjennomførbart og realistisk i løpet av dei komande åra. Ho peikar på at dei i det siste har fått på plass fleire rutinar og jobbar aktivt med å styrke seg organisatorisk:

– Så vi er motivert, og satsar på å ta rakettfart no, før og etter valet. Eg har ingen tvil om at vi kjem til å bikke minst 1000 medlemmar i år.


Oppdatert 15.03.2023: I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at det er vanleg for Sosialistisk Ungdom «å ikkje få nye medlemmar i år utan val», det rette er: «å ikkje få like mange nye medlemmar i år utan val».


Folk sit framfor Slottet.

Elise Sørensen sit framfor slottet i siste dagen med aksjon mot vindparken på Fosen. Foto: Åshild Slåen