Senterungdommen varslar klimakamp på Sp-landsmøte
Senterungdommen reagerer på at moderpartiet ønskjer framleis høg aktivitet på norsk sokkel og varslar klimakamp på landsmøtet i partiet neste helg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Senterungdommen meiner moderpartiet er i ferd med å skrote den noverande olje- og gasspolitikken til partiet og vinke farvel til FNs klimamål, skriv Klassekampen.
– Dette kan farge Sp grått. Og vi skal vere eit grønt parti, seier leiar Andrine Hanssen-Seppola til avisa.
Bakgrunnen for reaksjonen er ei formulering i eit av dokumenta til landsmøtet som sentralstyret i Senterpartiet vil leggje fram. I dokumentet heiter det at Sp vil «vidareutvikle norsk petroleumsindustri ved å leggje til rette for framleis høgt aktivitetsnivå på norsk sokkel».
– Skal nå klimamåla
Senterungdommen meiner formuleringa bryt med den noverande politikken Sp fører på feltet, som mellom anna slår fast at petroleumsforvaltninga og utvinningstempoet på norsk sokkel må vere i samsvar med og bidra til vedtekne klimaambisjonar i Parisavtalen, skriv avisa.
– Vi meiner den føreslåtte formuleringa om å halde oppe eit høgt aktivitetsnivå, er å skrote den noverande Sp-politikken. Vi skal nå klimamåla og er nøydde til å behalde moglegheita for det, seier Seppola, som lovar at Senterungdommen, som har den største delegasjonen på landsmøtet, vil kjempe for at landsmøtet stryk heile formuleringa.
Parlamentarisk nestleiar Geir Pollestad i Sp meiner på si side at den tryggingspolitiske situasjonen gjer kravet frå Senterungdommen uansvarleg. Han skriv i ein sms til avisa at det er feil tidspunkt å stramme inn olje- og gasspolitikken.