AUF krev handling frå moderpartiet i Fosen-saka

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bilete av Fredrik Sørlie, som er sentralstyremedlem i AUF.

Fredrik Sørlie er sentralstyremedlem i AUF. Foto: AUF

– Vi i AUF har ei klar forventning til regjeringa. Ein er nøydde til å gjere noko med dette menneskerettsbrotet, dette overgrepet mot den samiske befolkninga, så raskt som mogeleg.

Det seier sentralstyremedlem Fredrik Sørlie til NRK, som først omtalte saka.

AUF-medlemmen meiner det er hårreisande at det har gått over 500 dagar sidan Fosen-dommen fall, utan at ein har bestemt kva som skal skje med vindmøllene i reinbeiteområdet.

Ungdomspartiet har ikkje sjølv teke stilling til kva dei meiner bør skje – det tek dei først på landsstyremøtet seinare i mars.

Tre ungdomsparti meiner vindmøllene må ned

NRK har ringt alle ungdomspartia for å høyre kva dei meiner bør skje med Fosen-vindmøllene.

Verken Senterungdommen, Framstegspartiets ungdom, Unge Venstre eller Kristeleg Folkepartis Ungdom har teke endeleg standpunkt i saka.

Raud Ungdom, Sosialistisk Ungdom og Grøn Ungdom er alle tydelege på at vindturbinane på Fosen må verte rivne.

Grøn Ungdom-talsperson Margit Martinsen er tydeleg på at landet må verte ført tilbake til reindriftssamane og at ein må sørgje for at dette aldri skjer igjen.

– Vi kan ikkje skape ein politisk kultur der ein tvinger gjennom tiltak først, og sjekkar lovlegheita etterpå, seier ho til NRK.


Les også intervjuet: Maren (26) kom til Oslo med samisk sjal – vart møtt med «kor mange rein har du pult?»