Unge Venstre vil ha EU-røysting i 2024: – EU har endra seg drastisk sidan 1994

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sist gong det vart røysta over EU i Noreg var i 1994. Det betyr at ingen som er yngre enn 46 år gammal har fått moglegheit til å vera med på å bestemma over norsk EU-medlemskap.

Det skriv landsstyremedlem i Unge Venstre, Jens Håkon Birkeland, i ein e-post til Framtida.no. 

I helga hadde Miljøpartiet Dei Grøne landsmøte der dei gjekk inn for å jobba for å løfta EU-debatten i Noreg.

Unge Venstre: – EU har endra seg drastisk sidan 1994

Unge Venstre har vedteke at dei ynskjer ei ny folkerøysting om norsk EU-medlemskap i 2024.

– EU har endra seg drastisk sidan 1994, og det er no ein veldig annan institusjon vi held oss til. Mange av argumenta som prega nei-sida for 28 år sidan, er ikkje lenger aktuelle. Når det er generasjonane i framtida som må leva med konsekvensane av dei internasjonale utfordringane vi står overfor, bør det vera sjølvsagt at også desse generasjonane får vera med på å bestemma over norsk EU-medlemskap, skriv Unge Venstre-politikaren.

Birkeland meiner at det er på høg tid å vurdera EU-medlemskap på nytt, og meiner at den tryggleikspolitiske situasjonen som ein står overfor med krigen i Ukraina krev at den nye folkerøystinga vert gjennomført allereie i 2024.

– Me har dei siste åra sett at diskusjonen om eit norsk EU-medlemskap vorte drege ut i det uendelege, utan at det har ført nokon veg. No er det på tide at me freistar å landa debatten, ved å halda ei ny folkerøysting, skriv Unge Venstre-politikaren.

Stokkeland: – Meiner det er på tide å gå inn i EU

Talsperson i Grøn Ungdom, Tobias Stokkeland, ynskjer ei folkerøysting om EU velkommen. Foto: GU

Grøn Ungdom har ikkje teke stilling til EU-spørsmålet, men personleg er talsperson Tobias Stokkeland for EU-medlemskap, og synest det hadde vore kjempebra med ei folkerøysting i 2024.

– Det er mykje snakk om at min generasjon ikkje har fått vera med å bestemma, men sjølv ikkje dei fleste partileiarane me har i dag har vore med og stemt. Personleg meiner eg det er på tide å gå inn i EU. Det er genuint trist at to-tre generasjonar ikkje har fått vore med å ta del i den avgjersla, sa han til Framtida.no førre veke.

I ei meiningsmåling om norsk EU-medlemskap utført av Ipsos på vegner av Dagbladet i slutten av april svarar 48 prosent «nei» til norsk medlemskap, medan 24 prosent svarar «ja». Sidan 2019 har ja-sida auka. 

Unge Høgre: – Støttar intensjonen

Leiar i Unge Høgre, Ola Svenneby, vil at Noreg skal inn i EU, men meiner det er for tidleg med ei folkerøysting.

– Eg støttar intensjonen, det gjer eg absolutt. Eg meiner at min generasjon skal få moglegheita til å stemme over norsk medlemskap, men er ueinig i at det skal skje akkurat no, seier han på telefon til Framtida.no.

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby. Foto: Unge Høyres Landsforbund

Også han meiner at EU har endra seg mykje sidan førre folkerøysting, men ser på meiningsmålingane at der i dag ikkje er fleirtal for norsk EU-medlemskap og vil difor jobba på lengre sikt slik at utfallet vert ja.

– I løpet av 2020-talet trur eg er fornuftig.

Unge Venstre og Unge Høgre er dei einaste ungdomspartia som er for eit norsk EU-medlemskap. KrFU er mot norsk EU-medlemskap. FpU har i programmet sitt for 2020–2022 at dei er motstandarar av norsk EU-medlemskap, men vil at saka skal avgjerast ved ei folkerøysting. 

AUF: – Nøgd med å ha vetorett innanfor EØS

Sosialistisk Ungdom, Raud Ungdom og Senterungdommen har eit standpunkt der dei er imot norsk medlemskap og vil melda Noreg ut av EØs-avtalen.

Unge Venstre får òg motbør av AUF som er uroa for felles rente og valuta, eit dårlegare arbeidsliv og ei generell avmaktskjensle om ein flyttar makta lenger vekk.

AUF-leiar Astrid Hoem er godt nøgd med EØS-avtalen, og meiner ei ny folkerøysting om EU er bortkasta tid og pengar. Foto: Arbeidarpartiet/Flickr/CC BY-ND 2.0

– Me er godt nøgd med å ha vetorett innanfor EØS-medlemskapet, og meiner den må brukast oftare. AUF er imot norsk EU-medlemskap. Om me skal ha ei ny folkerøysting om EU-medlemskap kjem det til å binda opp både tid og ressursar på ei sak som det ikkje er fleirtal for i befolkninga.

Astrid Hoem fortel at ungdomspartiet vil diskutera saka om EU-medlemskap på landsmøtet i oktober, men peikar på at partiet har diskutert medlemskap jamleg på landsmøta sidan 70-talet og alltid landa på nei.

– Folkerøysting kvart fjerde år

– Ser du nokre utfordringar med at ingen under 46 år har stemt over norsk EU-medlemskap?

– I Noreg har me representativt demokrati. Om det hadde vore fleirtal for norsk medlemskap hadde det vore reint fleirtal for Høgre og Venstre, noko det ikkje har vore nokosinne så langt eg kjenner til. Folkerøystingar er veldig sjeldne og må kome i tilfelle der det er eit push frå befolkninga, noko det ifølgje dei siste meiningsmålingane ikkje er. Det er òg mange unge som ikkje har fått stemt over brennevinsforbodet og monarkiet, som òg var folkerøystingar over, seier Hoem, og legg til:  

– Det er folkerøysting kvart fjerde år.


Foto: Arvind Vallabh/Unplash, Skjermdump. Kollasj: Framtida.no